Central Jam-e-Mosque, World Islamic Mission

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 7. mai 2020 kl. 02:12 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{DEi}}» til «Dei»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Moskéen i Åkebergveien 28b i 2007.
Foto:C. Hill

Central Jam-e-Mosque, World Islamic Mission, populært kalla World Islamic Mission (WIM) er den største muslimske menigheita i Norge med 6 000 medlemmar.

WIM er ein landsdekkjande religiøs organisasjon for muslimar og tilhører Ahle sunnah wal jama’a (folket av sunnah). Vidare er WIM ein ideell, religiøs, demokratisk og partipolitisk oavhengig organisasjon. Dei offisielle språka i WIM er norsk og urdū.

WIM er tilslutta ein internasjonal religiøs organisasjon. Vidare arbeider rørsla for å bevara profeten Muḥammad sin sunna. Rørsla WIM fungerer som ei plattform som koplar ihop eit nettverk av moskéar kring i verda.

Grunnleggaren av World Islamic Mission var Allama Shah Ahmad Noorani Siddiqi, kjent som Noorani Mian; han var son ått den kjente lærde og sufiinspirerte maulana Abdul Aleem Siddiqi.

Historie

Moskéen i Åkebergveien sommaren 1995.
Foto: Olve Utne

WIM vart etablert i oktober 1984 av muslimar med pakistansk bakgrunn som den fjerde muslimske menigheita i Oslo. Dei første åra heldt dei til i gamle lagerlokale i UrtegataGrønland. Etter nån år flytta WIM til lokale etter den nerlagte Vahl videregående skole. Opphaldet i dei gamle klasseromma vart kortvarig, og menigheita flytta til BorggataTøyen etter tre år. Det vart etterkvart planlagt å byggje eigen moské i Oslo, og omsider fikk menigheita kjøpt tomt i Åkebergveien 28b på Grønland. Grunnsteinen vart lagt fredagen den 12. april 1991, men det nye moskébygget var klart för innflytting først i 1995.

Moskéen i Åkebergveien

Moskéen i Åkebergveien har eit bruttoareal på 1260 fördelt på tre etasjar, galleriet og to minaretar. Det er plass til 1500 personar i moskéen; dermed er han den nest störste i heile Norge.

Moskébygninga har til no kosta WIM over 25 millionar kronor. Mestparten av finansieringa har komme som bidrag frå WIM-medlemmane og frå statlig medlemsstøtte. I tillegg til å ha bidrege med pengar har medlemmane vore med på dugnadsarbeid der inntektene etter arbeidet har tilfalle WIM.

Sjølv etter innflyttinga i den nye moskébygninga i 1995 har det vorte jobba og og blir framleis jobba för å utsmykke moskéen. Veggene, både på utsida og innsida, er pynta med fliser frå Iran og Spania. Kalligrafi frå al-Qur’ān er eit sentralt motiv på flisene som fasaden og veggen frami hovudsalen er pynta med. Flislegginga er i hovudsak utført av iranske ekspertar.

I tillegg til den nemnte pynten er golvet i hovudsalen dekt med eit stort persisk teppe. Ei lyskrone frå Tyrkia er montert i hovudsalen.

I januar 2000 søkte menigheita om lov til å kalle til bøn frå minareten i Åkebergveien.[1] Etter endelig løyve frå fylkesmannen vart det sett i gang med adhan éin gong kvar fredag frå april 2000.[2]

Galleri

Rolle i samfunnet

WIM Norge er ei muslimsk menigheit. I tillegg til å vara ein religiøs organisasjon er WIM òg ein sosial organisasjon. WIM har teke på seg å gje muslimane i Norge ein stad der dei kan be. I tillegg skal WIM fremme islamsk filosofi og koranlæra blant medlemmane sine og feire dei historiske og religiøse hendelsane i islām.

Dei fleste medlemmane er muslimar med pakistansk bakgrunn, men moskéen er open for alle muslimar. I tillegg er dørene opne for ikkje-muslimske gruppor som ønskjer å komma i dialog med menigheita.

For å realisere dét tek imamen i WIM imot norske skuleklassar og delegasjonar frå organisasjonar og andre trussamfunn. Han svarar på spørsmål og gjev informasjon om islām til dei besøkjande. Imamen har òg hatt fleire møte med norske prestar for å betre samarbeidet med Den norske kirkja.

Moskéen er medlem i paraplyorganisasjonen Islamsk Råd Norge.

Fotnotar

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «World Islamic Mission» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.