Skilnad mellom versjonar av «Carl Friedrich Abel»

Frå Alnakka.net
gammel>Korrekturen
 
Line 43: Line 43:
[[kategori:gambistar frå England]]
[[kategori:gambistar frå England]]
[[kategori:gambistar på 1700-talet]]
[[kategori:gambistar på 1700-talet]]
[[kategori:fødde i 1720-åra]]
[[kategori:fødslar i 1723]]
[[kategori:døde i 1780-åra]]
[[kategori:fødslar den 22. desember]]
[[kategori:dødsfall i 1787]]
[[kategori:dødsfall den 20. juni]]

Versjonen frå 8. november 2010 kl. 00:44

Carl Friedrich Abel i 1765.

Carl Friedrich Abel (f. 22. desember 1723 i Köthen i Tyskland, d. 20. juni 1787 i London i England) var ein tysk bassgambist og komponist. Han er særlig kjent för komposisjonane sine för gambe (viola da gamba).

Biografi

Barndom

Abel var fødd i Köthen som son ått ein fiolinist og hoffmusikar der. Det blir sagt at han studerte under Johann Sebastian Bach i St. Thomasschule i Leizig, men det finst ikkje noko bevis för det.

Dresden

I perioden 1748 til 1758 var Abel hoffmusikar i Dresden under ledelse av A. Hasse.

London

Abel reiste så til England, der han i 1759 vart utnemnt til kammermusikar for dronning Charlotte. Han heldt ein konsert i London der han spela sine eigne komposisjonar på olike instrument, inkludert det nyoppfunne instrumentet pentakord. I 1762 kom Johann Christian Bach, den ellevte sonen ått Johann Sebastian Bach, til London, og venskapen mellom honom og Abel førte kring 1764 eller 1765 til iverksettinga av den berømte konsertserien som seinare vart kjent som Bach- og Abel-konsertane. I ti år vart dessa konsertane organisert av den pensjonerte venezianske operasongarinna Mrs. Teresa Cornelys. Mrs. Cornelys sine «routs» og maskeradar i Carlysle House på Soho Square var rekna som høgaste mote. Frå 1775 stod ho ikkje lenger ansvarlig for denna konsertserien, som da fortsette utan henne. Da J.C. Bach dødde i 1782, fortsette Abel konsertserien utan suksess i eit års tid. Franz Joseph Haydn sin musikk vart først framført i England på dessa konsertane.

Carl Friedrich Abel måla av Thomas Gainsborough i 1777.

De siste åra

Etter at konsertserien gikk under, reiste Abel tilbake til Tyskland, men han greidde ikkje å etablere seg att der og reiste derför til London att. Der var han framleis mykje etterspurt som musikar på olike nye og gamle instrument, men han tok å drikke og framskynda trulig enden sin med det. Carl Friedrich Abel dødde under arme kår i London den 20. juni 1787.

Abel var den siste viktige gambespelaren på 1700-talet, og med honom forsvann gamben frå orkestermusikken, og snart òg som soloinstrument.

Verk

Abel skreiv mykje instrumentalmusikk — blant anna symfoniar, ouvertyrar, konsertar, sonatar og soloverk — og han er særlig kjent for gambekomposisjonane sine. Stilistisk sett er musikken hans tidlig klassisistisk, med tydelig symmetrisk oppbygging og mykje bruk av satsforma menuett.

Blant verka hans kan nemnast:

  • Kleine Sinfonie, F-dur
  • Sonate nr. 1 for obo og klaver, C-Dur
  • Sonate nr. 2 for obo og klaver, F-Dur
  • Sonate nr. 3 for obo og klaver, D-Dur
  • Sonate nr. 4 for obo og klaver, B-Dur
  • Sonate for gambe solo, C-dur
  • Sonate for gambe solo, d-moll


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Carl Friedrich Abel» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.


[[kategori:klassisistiske komponistMal:Ar]]