Bryggje

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Denna artikkelen handlar om lagerhuset bryggje. For andre tydingar, sjå Bryggje (fleirtyding).

«Bryggje» i ordlista
Mal:Ordliste bryggje
Milnbrygga er ei bryggje med to vindhus i Kristiansund. I dag rommar denne bryggja Norsk Klippfiskmuseum.
Foto:Harald Oppedal

Ei bryggje, òg kalla ei sjybu, eit sjyhus eller eit pakkhus, er ei lagerbygning i éin (vanlegare to) eller fleire etasjar som ligg med ein vegg over djupt vatn så skutor kan legge til for lasting og lossing. Øvst på sjyveggen er det som regel eitt eller fleire vindhus med vindor for heising av gods mellom bryggja og skutone. Rett under vindhuset er det bryggjedörer (brýjedöre, brøggdørre) i kvar etasje der varone vart innhavt ved lossing av skuta og uthavt ved lasting.

Fire av bryggjone langs Nidelva i Trondheim. Den brune bryggja nest lengst til høgre er ei typisk trøndersk midtgangsbryggje.
Foto: Olve Utne

Namn

Namnet bryggje med variasjonar (brygge, brøgge, brø’gg o.a.) er det vanlege namnet frå Nordmør og Trondheim og nordover.

Sjyhus (Sjøhus) er det vanlegaste namnet sør i Norge. På Sunnmør blir bryggjone, inkludert de store murbryggjone i jugendstil i Ålesund, helst kalla sjybuer (sjøbuer, sjøbuder, sjøboder).

Nemninga pakkhus blir helst bruka om de store bryggjone i bindingsverk som særlig vart bygd frå slutten av 1800-talet og utover. Pakkhus er likevel først og fremst ei funksjonsnemning og inkluderer òg bygningstypar som ikkje er bryggjor.

Konstruksjon

Fundamentet for bryggjone kan vera bolverk, pålar, steinkar eller i nokre fall heil steinmur. Felles for alle bryggjone er at fasaden ligg over djupt nok vatn til at skutor kan legge til direkte. Golva, inkludert i nerbryggja (1. etasje), var helst grovare dimensjonert og meir tettbygd enn i de luftigare nausta og skjåene.

Sjøbuene ved Brosundet i Ålesund på Sunnmør vart oppattbygd i mur etter brannen i 1904.
Foto: Joachim Müllerchen

Konstruksjonen av sjølve bygninga kan variere. Særlig vanleg har lafteverk vore — i alle fall frå Nordmør og nordover —, men frå 1700-talet begynte den luftigare, raskare, arkitektonisk meir fleksible og mindre materialkrevande byggjeteknikken bindingsverk å bli teken i bruk i Stavanger og naboområda. I løpet av slutten av 1800-talet og nokre tiår innover 1900-talet fortrengte bindingsverket lafteverket i de fleste nybygde bryggjone i Midt-Norge og Nord-Norge òg. I våre dagar er det først og fremst i Kristiansund og Trondheim at vi finn att mange av de gamle lafta bryggjone. I tillegg finst det ein del svalgangsbryggjor i kombinert lafteverk og stavlinebygg att på Nordmør, og da særlig i Aure kommune.

I Ålesund vart bryggjone, der kalla sjøbuene, som vart oppattbygd etter brannen i Ålesund i 1904, bygd i mur. Den gamle trebryggja Holmbua på Aspøya, bygd kring 1860, greidde seg gjenom brannen og står som eit einslig eksempel på de mange trebryggjone i Ålesund i andre halvdelen av 1800-talet.

Bruk

Hovudbruken til bryggjone har vore behandling og lagring av fisk så vel som lossing, lagring og lasting av andre varor, inkludert salt og kornvaror. På store deler av Vestlandet har salting av sild vore ein sentral funksjon. I Bergen har törrfisk frå Nord-Norge og kornvaror og andre viktige handelsvaror frå kontinentet vore viktige. I Kristiansund og elles på Ytre Nordmør har kleppfisken vore hovudvara sidan tidleg på 1700-talet, men silda har òg vore viktig i periodar. Kleppfiskhandel vart òg stadig viktigare i Ålesund utover 1800-talet.

I tillegg til hovudbruken av bryggjone som pakkhus, fann ein del handverkarar vegen dit. Dette galdt særlig tynnemakarar (bødkerar/bøkkarar), seglmakarar, blokkmakarar og andre sjybruksorienterte handverkarar.

Litteratur

Bryggjor langs Nidelva i Trondheim.
Foto: Hesse1309

Pekarar

Sjå òg