Bronkiektasi

Frå Alnakka.net

Ein bronkiektasi er ein kronisk betennelsestilstand eller degenerativ tilstand i éin eller fleire bronkiar eller bronkiolar i lungone som blir kjennetekna ved utviding tå, og tap tå elastisitet i, veggene. Dette fører til luftobstruksjon og svekka evne til å klare opp i sekresjon. Pasientar med bronkiektasiar produserer store mengder sputum (slim). Bronkiektasi blir gjerne rekna med blant de olike medisinske tilstandane som blir definerte som kronisk obstruktiv lungesjukdom.

Historie

Bronkiektasi vart først skildra tå René Laënnec i 1819, og vart seinare skildra i meir detalj tå Sir William Osler mot slutten tå 1800-talet.

Diagnose

Diagnosen bronkiektasi blir stilt på grunnlag tå klinisk historie som inkluderer dagleg produksjon av sputum og karakteristiske CT-scan-funn.

Behandling

Behandlinga av bronkiektasi har som mål å kontrollere infeksjonar og bronkial sekresjon, å redusere luftvegsobstruksjon og å unngå medisinske komplikasjonar. Dette inkluderer antibiotikabehandling av infeksjonar og reduksjon av væske gjenom lungedrenasje og bringefysioterapi.

Assosiasjonar

Bronkiektasiar er karakteristisk for mange olike medisinske tilstandar — særleg primær ciliærdyskinesi (òg kalla Kartageners syndrom).

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Bronkiektasi» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.

Mal:Google 1