Boris Gleb

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Boris Gleb. I forgrunnen ser vi bl.a. fleire stabbur. Den nyare, totårna kirkja frå 1874 er attast til høgre i bildet.
okjent (1911)

Boris Gleb (nyn./bm.; russ. Борисоглебский) eller Skoltfossen (fi. Kolttaköngäs) er ein tradisjonell skoltesamisk plass og ortodoks kirkjestad på vestbredda av Pasvikelva. Området, som opprinnelig er skoltesamisk, vart lagt under Russland i 1533, og i 1920 kom det under Finland som konsekvens av Tartutraktaten. I 1944 vart det 3,6 km² store området lagt under Sovjetunionen/Russland, der det hører til Pečenskij rajon (Пе́ченгский райо́н) av Murmanskaja oblast’.