Boknafisk

Frå Alnakka.net

Boknafisk er ein halvtørr tørrfisk — oftast torsk. Boknafisken blir hengt på hjell som tørrfisken, men blir nedteken for bruk etter kring éi til tre [[Mal:Vekka|vekkor]]. Fisken er som oftast delt i to slik at han heng ihop i sporden føre han blir hengt. Boknafisk kan òg lagast av rund og sperra fisk, men da blir han oftast kalla hjellosing. Ein tredje framstillingsmåte er å lettsalte fisken først, og så henge han opp til tørk nån dagar. Med den sistnemnte måten er det mindre risiko for at det går flugomakk i fisken.

Om namnet

lulesamisk finst verbet boahkkot (var. båhkkot), som betyder ‘å tørke litt, bli halvtørr (om fisk, høy, kledor)’, så vel som adjektivet boahkke, som betyder ‘halvtørr, tørr (om fisk etc.)’, attmed substantivet boahkkeguolle (boknafisk).[1]sørsamisk tyder verbet båahkodh å ‘tørkast litt (så det ikkje rinn av det, om kjøtt; om reinlort’, og substantivet båahkoes betyder ‘reinlort tørka i sola’.[2]

Fotnotar

  1. Korhonen, Olavi: Báhkogirjje julevsámes dárruj dáros julevsábmáj = Lulesamisk svensk svensk lulesamisk ordbok. Jokkmokk : Sámij åhdadusguovdásj, 2005.
  2. Bergsland, Knut & Magga, Lajla Mattsson: Åarjelsaemien–daaroen baakoegærja = Sydsamisk–norsk ordbok. [Indre Billefjord] : Idut, 1993. ISBN 82-7601-010-5.

Sjå òg


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Boknafisk» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.