Bokbåten «Epos»

Frå Alnakka.net
MS «Epos» til kai i Bergen
Foto:Anders Larsen

Bokbåten «Epos» er ein båt som går som omreisande bibliotek för mindre plassar langs kysten og inni fjordane i vestlandsfylka Hordaland og Sogn og Fjordane, så vel som det vest- og midtnorske fylket Møre og Romsdal. Drifta av bokbåten er eit samarbeid mellom fylkesbiblioteka i dessa tre fylka og skjer frå MS «Epos». I 2005 hadde bokbåten 126 driftsdagar og eit utlån på 53 000. Born og eldre er viktigaste brukargruppone for båtbiblioteket. Seinhausten 2007 var bokbåten truga av KrF, FrP og Høgre i Hordaland, som arbeidde för å legge ner båten,[1] men etter massiv motstand snudde KrF, så bokbåten er trygg att foreløpig.[2]

Bibliotekbåtdrifta i Hordaland starta i 1959 frå fiskebåten «Abdullah», men det vart etter få år tydelig at ein trong ein større og meir tjenlig båt, og i 1963 vart MS «Epos» spesialbygd for å kunna gå som bibliotekbåt for Hordaland fylkeskommune. Alt året etter vart Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal òg med i ordninga. Bokbåtbiblioteket har 20 000 bøker; av} dem er det plass til 6000 i båten — resten er allveg utlånt eller utplassert på stoppestadene. Der er det eigne kontaktpersonar som arbeider som bindeledd mellom lånarane og biblioteket og som arbeider för å få rotasjon på bøkerne mellom besøka av bokbåten på staden. Attåt bøker og lydbøker har båten med eit kulturprogram som for eksempel kan vara forfattarar som les frå bøkerne sine, eller små teaterforestillingar.

MS «Epos» vart bygd i 1963 ved Oma Båtbyggeri i Strandebarm. Båten er 80 fot, kan ta med 100 passasjerar og har ein marsjfart på 17 knop. Han fikk nye motorar i 2004, ny innreiing i 2006 og er eigd av Vinnes Skyssbåtservice AS i Fusa.

Det er i vinterhalvåret «Epos» går som bibliotekbåt, resten av året blir han bruka som selskapsbåt, i turisttrafikk og annan skysstrafikk.

Fotnotar

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Bokbåten Epos» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.