Blokkbær

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 6. mai 2020 kl. 11:57 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{nb.}}» til «{{bokmål}}»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Blokkbær

Blokkbær
Blokkbær

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatopsida
Klasse: Magnoliopsida
Underklasse: Magnoliidae
Orden: Ericales
Familie: Ericaceae
Slekt: Vaccinium
Art: uliginosum
Vitskaplig namn
Vaccinium uliginosum
Blokkbær.
Foto: Epukas, 2008.

Blokkbær (nyn./bm. blokkebær) eller skinntryte (Vaccinium uliginosum) er ein dvergbusk i samma slekta som blåbær, tyttebær og tranebær. Blokkbær liknar mykje på blåbær, men skil seg blant anna ut med at busken har brun bark heller enn grøn, at blada har glatte kantar og tydelig bleikare underside, og at fruktkjøttet er fargelaust til kvitaktig heller enn raudlilla til svart.

Namn

Norge

Blokkbær, òg skreve blokkebær, er det vanlegaste ordet frå Sunnhordland og nordetter Vestlandet, Midt-Norge og Nord-Norge. I Midt-Norge finst ordet både i kortformene błǫkkbér, błakkbér og i jamvektsformene błǫk(k)obér, błuk(k)ubér.

Skinntryte er det vanlegaste ordet på Indre Austlandet, inkludert Gudbrandsdalen, Mjøsbygdene, Nedre Buskerud, Akershus og Indre Østfold.

Mikjelsbær, òg skreve mikkelsbær, er belagt så tidleg som Stavanger Amptes udførlige Beskrivelse (1743–1745) av Bendix Christian de Fine i forma Mikielsbær med forklaringa ‘Bølle bær’. I nyare tid kjenner vi dette namnet i ymse dialektformer frå Ryfylke og Jæren i vest over Agder/Setesdalen, Telemark/Grenland og til Vestfold og ytre Østfold i aust. I forma mickelbär skal ordet ha vore bruka lengst nord i Bohuslen òg.

Sverige

Odon

Odabär

Slinnon

Svålon, òg skreve svälon, og tidlegare òg svalon,

Ögnabär, òg skreve öbär,

Blåbuk

Böljon, òg skreve böljen eller bölen, blir bruka i dei tidlegare danske landskapa Skåne og Blekinge, no lengst sør i Sverige — jfr. dansk mose-bølle.

Danmark

Mose-bølle, òg skreve mosebølle, er det vanlege namnet i Danmark.

Bruk