Blintses

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 15. april 2020 kl. 19:29 av Bottolf (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «vanlig» til «vanleg»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
I Nord-Amerika finst gjerne blintses i frysedisken i vanlege matvarebutikkar. Her ser vi nyoppvarma djupfryste blintses i steikjepanna.
Foto:«Andrevan»

Blintses er ein veldig populær matrett blant anna blant polske asjkenazím. Ein lagar ei lett pannekakerøre, let ho stå minst to timar, og steikjer tynne pannekakor som er steikt berre på eine sida. Når pannekakone er ferdige, legg ein to–tre matskeider med fyll (sjå nedaföre) på den steikte sida av kvar pannekake rett nerom midten av pannekaka. Brett så andre halvparten over, brett inn sidone, og rull opp blintsa til ein liten, flatvorden sylinder.

Steik så de fylte blintses på mellomvarm panne med ei aning smör. Pass på å begynna med «saumen» ned, og snu dem éin gong.

Fyll

Det finst mange typar fyll for blintses. Eitt av de vanlegaste er ostefyll — ei blanding av ferskost, eit egg, litt sukker og litt kanel eller raspa sitrusskal. (Osteblintses er populær mat for sjabungót i mange asjkenaziske familiar.) Ein kan òg fylle blintses med f.eks. blåbær eller eplemos.