Blåbær

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 00:10 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{DEi her}}» til «Desse»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Blåbær

Blåbær
Blåbær. (Foto: Marek Silarski)

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatopsida
Klasse: Magnoliopsida
Underklasse: Magnoliidae
Orden: Ericales
Familie: Ericaceae
Slekt: Vaccinium
Art: uliginosum
Vitskaplig namn
Vaccinium myrtillus

Blåbær (Vaccinium myrtillus) er ein dvergbusk som tilhører lyngfamilien. Blåbærlyng blir 10–50 cm høgt. Det har grøne, kantote greiner som blir brunaktige og vedote etterkvart, med tynne, elliptiske, takkote, lysegrøne blad som blir felt om hausten. Om våren får lynget grønkvite til raudlege, krukkeforma blomstrar. Desse blomstrane utviklar seg vidare til saftige bær som varierer i farge frå mörkeblåe til svarte bær på den eine sida til kvitaktig blåe bær på den andre. Dei olike fargane kjem av eit tynt vokslag. Fruktkjøttet er fiolett.

Utbredelse

Blåbær er ein vanleg plante i store deler av Europa, med unntak av området kring Middelhavet. I Asia er han ganske vanleg i nord, men vanlegare i nordvest enn i nordaust. I Nord-Amerika finst ville blåbær berre lengst sør på Grønland. I Norge veks det blåbær i store mengder i låglandet, og særleg i fuktig, sur jord ved skog eller heier. Blåbæra finst opp til 1700 moh.

Bruk

Blåbæra er tradisjonelt ettertrakta til safting og sylting, og ho var ei viktig råvare i matauken i Skandinavia i tidlegare tider. Næringsverdien var lenge rekna som moderat, men nyare forsking har vist at bæra er svært rik på antioksidantar. Ho inneheld dessutan C-vitaminar, og i tillegg garvestoff, fruktsyror, flavonar, karotin, jarn og magnesium.

I folkemedisinen er blåbæra kjent for å verke stoppande ved magesjuke, og ho skal òg ha effekt på diabetes. Sjølv om samenhengen enno er oklår, tyder nyare undersøkjelsar på at blåbær er svært gode for synet.

Namn på andre språk

Merk at engelsk blueberry svarar til amerikanske blåbær, og at det generelle engelske namnet for nordeuropeiske blåbær er bilberry. I Skottland blir likevel blaeberry bruka om blåbær.

  • Germanske språk: blåbær (nynorsk, bokmål, dansk), blåbär (svensk), blaeberry (skotsk), Blaubeere (tysk), blauwe bosbes (nederlandsk), bilberry (engelsk), Heidelbeere (tysk)
  • Romanske språk: arandeira (galego), mirtilo (portugisisk), Myrtille commune (fransk)
  • Uralske språk: mustikka (finsk)


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Blåbær» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.