Birkes

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. april 2020 kl. 08:24 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{Google 2}}» til «»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Birkes eller birkesbrød, óg kalla barkis, bergis, berches, er loff av gjærdeig med egg. Birkesbrød er gjerne fletta og har oftast valmuefrø strødd over seg føre steiking. I vest-asjkenazisk kultur brukar ein to birkesbrød som sjabbát-brød i samband med måltida på fredagskvelden og fram til móṣaé sjabbát etter solnedgang på laurdagskvelden.

I aust-asjkenazisk kultur kallar ein sjabbát-brøda challe. Challes er oftast laga av søtare og meir eggehaldig deig enn birkes, og aust-asjkenaziske jødar kallar gjerne birkesbrøda וואַסער־חַלּה [vasser-challe] (‘vass-challe’).

Om namna

Birkes er det vanlege namnet på detta brødet i København, i Göteborg seier ein helst bergis, og i Stockholm er den vanlegaste forma barkis. Alle dessa namna er skandinaviske former av det vestjiddische ordet berches eller barches.

Oppskrift

  1. Lag gjærdeig for fire brød av kveitemjøl, vatn, matolje, gjær, litt sukker og salt og eventuelt eit egg. Lat deigen heve seg.
  2. Del deigen i tolv emne — tre for kvart brød. Rull kvart emne ut til ei lang pølse.
  3. For kvart brød, tak tre deigpølsor og flett dem samen til eitt brød. Lat de fire brøda heve seg på ein lun stad.
  4. Pensle brøda med eit lettpiska egg og strø valmuefrø over dem.
  5. Bak brøda nedst i omnen til de er ferdige. Lat brøda avkjølast på rist under ein kopphandduk.

Servering

  1. For måltid på sjabbát, legg to heile brødleivar på eit fint fat på bordet der maten blir servert og dekk over dem med eit fint klede.
  2. Les Kiddúsj (signinga over vinen og sjabbát-dagen) over eit glass kasjér druevin eller druejuice. Drikk vinen/juicen.
  3. Vi vaskar så hendene, seier signinga for handvask etterpå og tørkar hendene.
  4. Tak bort kledet som dekte til brøda, løft begge brøda og sei hammoṣí-signinga. Bryt bitar av brødet og gjev kvar person som er til stades ein bit. Kvar person dyppar sin brødbit i litt salt (eller strør litt salt på brødbiten) og et han opp.
  5. Etter detta fortsett vi med resten av måltidet.
  6. Når måltidet er over, skyl vi fingertuppane med vatn, og vi les så Birkàt hammazón (takkebøna etter brødmåltid).

Sjå òg