Bendix Henriques (1725–1807)

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Bendix Henriques.

Bendix Henriques (17251807) eller Pinches Nasche (Nakskov/Nasschou) fungerte som mohél, og etterkvart som församlingsordförande (förstandar) og sjalíaḥ ṣibbúr (förrettar) i den jødiske menigheita i Göteborg.

Pinches Nasche vart fødd i NakskovLolland i 1725 som son ått asjkenaziske Moses Aaron Nathan (16901744) og portugisarjødiske Rachel Bendix (16951746/1776) av Henriques-familien. For å kunna busette seg fritt i København tok han namnet Bendix Henriques etter slektsnamnet til mora, Bendix, og til mormora, Henriques.

Bendix Henriques gifta seg første gong i 1754 med Rebekka Israel (f. 1730 i Hamborg; d. 1763 i København). De fikk to born:

  1. Penina Henriques (f. 1756), gift med Elias Moses Delbanco.
  2. Moses Bendix Henriques (f. 1758)

Etter at Rebekka Israel dødde i 1763, gifta Bendix seg opp att med Elischewa Chawa (f. 1740, d. 1796 i Göteborg). De fikk dessa sju borna:

  1. Samuel Henriques (f. 1765)
  2. Rachel Henriques (f. 1766)
  3. Ruben jr. Henriques (f. 17711846), vekselerar og grosserar
  4. Zippora Henriques (f. 17731828), gift med silke- og kledekremmar Moses Ruben Henriques (17571823).
  5. Malchen («Malka») Henriques (f. 1777)
  6. Esther Henriques (f. 1779)
  7. Bella Henriques (f. 1781)

Bendix kom til Marstrand som krämardräng i 1784 eller 1786 og fungerte samtidig som mohél der. Nån år seinare etablerte han ei vekselerarförretning i lag med svigerson sin, Elias Moses Delbanco. Bendix Henriques fungerte som församlingsordförande (förstandar) og sjalíaḥ ṣibbúr (förrettar) i den jødiske menigheita i Göteborg frå 1792 til han dødde i 1807.

Kjeldor