Bené Efrájim

Frå Alnakka.net

Bené Efrájim (hebr. בְּנֵי אֶפְרַֽיִם [bə'nē ef'rajim] (‘born av Efrájim’), en. skrivemåte: Bene Ephraim eller Bnei Ephraim), òg kalla telugujødar fordi de talar telugu, er ei lita gruppe tå jødar som bur hovudsakleg i Kottareddipalem, ein landsby utaføre Guntur i Andhra Pradesh i India, nærme elvedeltaetelva Krishna.

Bené Efrájim-jødane sporar de jødiske skikkane sine attende til tidlege tider og historia deras har eit tydeleg fellesdrag med den til bené Menasjé-jødane i de nordaustindiske statane Mizoram og Manipur: Baptistiske misjonærar kom ått dem først på 1800-talet og konverterte dem til kristendommen.

Sidan 1981 har kring 50 familiar kring Kottareddipalem og Ongole (hovudstaden i Prakasham-distriktet) lært jødedom og hebraisk språk og arbeidd for at andre jødiske grupper verda ikring skal godta dem som jødiske. På grunn tå at hebraisk språk er så nyleg teke i bruk og på grunn av den sterke vekta på å bruke hebraisk som levande språk heller enn berre som liturgisk språk, har innflytelsen frå hebraisk på morsmålet telugu enno ikkje ført til noko kjennspakt «jødetelugu» som språk eller dialekt.

Opp gjenom åra har fleire gruppor tå rabbinarar besøkt bené Efràjim-samfunnet, men de har enno ikkje sett seg klare til å godkjenne dette samfunnet i sommå grad som de nyleg har gjort det med bené Menasjé-jødane.

Sjå òg

Kjeldor


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon