Bat miṣvá

Frå Alnakka.net

Bat miṣvá tyder ordrett ‘dotter av bodet’ og blir bruka som namn for det punktet i oppveksten at ei jente blir rekna som religiøst sett myndig. Sidan mellomalderen har detta punktet vore definert som 12 år. I deler av ikkje-ortodoks jødedom definerer ein i staden detta punktet som 13 år.

(Det tilsvarande punktet i oppveksten ått ein gut blir kalla bar miṣvá.)

Frå detta tidspunktet er jenta pliktig til å følgje alle boda — inkludert kasjrút (matförskriftene), sjabbát og full faste på fastedagar som kippúr og tisjngá beáb.

I egalitær jødedom blir jenta no rekna med i minján, ho kan lede gudstjenesta om ho har ferdigheitene som trengst, og ho kan ha ngalijjá åleine.

Bod som ikkje er rekna som bindande for jentor, men som jentor er frie til å ta på seg om de vil etter eldre sefardisk og vestasjkenazisk jødedom, og dessutan vår tids egalitære jødedom (hovudsakleg utanom ortodoks jødedom), er ṣiṣít (hjørnefrynsor) og tefillín (bønereimer)

Rituale

Fram til nyare tid har det ikkje eksistert noko rituale for bat miṣvá-feiring. På 1800-talet vart så de første bat miṣvá-feiringane heldt i det novarande Irak.

Den første bat miṣvá-feiringa vi veit om i vestlig jødedom vart halden i 1921, da Judith Kaplan (dotter ått rabbinar Mordecai Kaplan, mannen som etablerte den rekonstruksjonistiske jødedommen) las eit toráavsnitt på første sjabbát etter at ho nådde bat miṣvá-alderen (tolv år) i den da nyetablerte synagogen Society for the Advancement of JudaismManhattan i New York.

I våre dagar blir bar miṣvá feira blant de aller fleste jødar, berre med unntak av nokre ortodokse miljø. I de fleste ortodokse menigheitene held jenta ein derasjá (tale) om vekkoavsnittet av Toráen eller om andre emne som har med miṣvót (boda) å gjera under eit festmåltid etter gudstjenesta. I de fleste konservative/masorti, rekonstruksjonistiske og reformjødiske menigheitene (og i våre dagar i nokre feministisk-ortodokse menigheiter) er det vanleg at jenta har ngalijjá i synagogen på sjabbát og resiterer ein del av vekkoavsnittet; i tillegg held ho gjerne ein derúsj (tale, preke) over vekkoavsnittet.

Kjeldor