Bar miṣvá

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 1. april 2020 kl. 04:18 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Bar miṣvá tyder ordrett ‘son av bodet’ og blir bruka som namn for det punktet i oppveksten at ein gut blir rekna som religiøst sett myndig. Sidan mellomalderen har dette punktet vore definert som 13 år.

(Det tilsvarande punktet i oppveksten ått ei jente blir kalla bat miṣvá.)

Frå dette tidspunktet av blir guten rekna med i minján, han kan leie gudstjenesta om han har ferdigheitene som trengst, han kan ha ngalijjá åleine og han er pliktig til å følgje alle boda — inkludert kasjrút (matføreskriftene), sjabbát, ṣiṣít (hjørnefrynser), tefillín (bønereimer) og full faste på fastedagar som kippúr og tisjngá beáb.

Ritual

Frå seinmellomalderen av har tidspunktet at ein gut blir bar miṣvá vorte markert med eit spesielt rituale og feiring. Den rituelle delen inkluderer oftast legging av tefillín (bønereimer) på ein kvardag; ein ngalijjá der guten sjølv les frå Toráen (dette kan skje under morgongudstjenesta på måndag (evt. tisdag), torsdag og sjabbát (laurdag)); og ein derúsj (òg kalla debàr Torá) — ei utlegging eller eit foredrag med utgangspunkt i ein tekst frå Toráen.

Bar miṣvá-markeringa blir gjerne òg feira med eit festmåltid og gåvor — på liknande vis som konfirmasjonen i kristendom, eldre tysk-amerikansk reformjødedom og human-etikk.

Kjeldor