Bahá'ítru

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Bahá'ítru
Haifa-Bahai.jpg
Personar
Ali Muhammad Shirazi
(«Báb»)

Bahá’u’lláh
Abdu’l-Bahá
Shoghi Effendi
Skrifter
Kitáb-i-Aqdas
Kitáb-i-Iqan
Livsførsel
kalender
fastemånaden
daglig bøn
huqu’u’llah (religiøs skatt)
syn på rusmiddel
paktsbrytarar
(bannlyste)
ekteskap
gravferd
Helige plassar
Qiblih
Haifa - Shiraz
Baghdad
gudshus
Andre retningar
babisme - ortodoksi
Bahá’ítempelet i Wilmette i Illinois i USA.
Foto:«Jeff3000»

Bahá'ítrua er den yngste av de monoteistiske verdsreligionane. Ho har totalt over seks millionar tilhengarar på alle kontinenta. Religionen er den nest mest geografisk spreidde etter kristendommen. Grunnleggaren Bahá’u’lláh (arabisk بهاءالله ‘Guds Herligheit’, 18171892) understrekar «einskapen ått menneskja, slær fast at de store religionane er som kapittel i éi bok og formulerer visjonen av ein ny verdsorden grunna på åndelige prinsipp».

Bakgrunn

I Iran i år 1844 forkynte Báb (arab. باب ‘Porten’, 18191850) at han var förløparen til loven i alle religionar. Báb sine følgjesveinar vart kalla bábíar. Bahá’u’lláh vart raskt ein av Báb sine leidande forkynnarar, og i 1863 i Bagdad grunnla han bahá'í-religionen. Etter Bahá’u’lláh si forvisning og bortgang i Det helige landet i 1892, fortsette sonen hans, ‘Abdu’l-Bahá (18441921) utbreidinga av trua. `Abdu’l-Bahá sitt barnebarn Shoghi Effendi (18971957) vart utpekt til bahá’í-trua sin beskyttar. Under den inspirerte leidelsen hans vaks trua globalt. I dag blir det internasjonale bahá’í-samfunnet leidd av det demokratisk velte Den universelle rettferdas hus, som har sete på Karmelfjellet i byen Haifa i det nordlige Israel.

Sosiale prinsipp

De sentrale prinsippa er Guds einheit, ei skapande kraft, Gud, som gjer seg kjent for menneska via Guds bodberarar (eller profetar). Oavhengig leiting etter sannheita krevst, og ein må fri seg frå fordommar og overtru. Bahá’u’lláh meiner at religion og vitskap må vara i harmoni. Religion må dane grunnlaget for einheit og kjærligheit. Like rettar for kvinnor og menn trengst for denna tidsalderen. Eit internasjonalt hjölpespråk bør utviklast og grunnleggande utdaning for alle er behøvelig for økt forståelse og betre kommunikasjon mellom landa. Det krevst òg ei rettferdig fordeling av jordas ressursar. Bahá’u’lláh peker òg på at globale føderale institusjonar for å sikre verdsfreden må opprettast. Ein felles valuta med felles mynteinheit blir føreslege — med mål om å förenkle økonomiske transaksjonar og föreine verdas nasjonar.

Helig bok

Bahá’íane si heligaste bok og hovudverk er Kitáb-i-Aqdas skreva av Bahá’u’lláh sjølv i 1873. Boka består av 190 vers og utdjupande kommentarar. Innhaldet spenner frå lovar, formaningar, profeti, levereglar og arverett til organisering av eit framtidig verdssamfunn. Ho vart omsett til engelsk i 1992 og til bokmål i 2008. Andre hovudbøker er Kitáb-i-Iqan (Vissheitas bok) og De skjulte orda.

Ein ny kalender

Báb etablerte den nye tidsalderen med ein ny kalender med året delt inn i 19 månader med 19 dagar kvar. Kvar månad har eitt av Guds namn. Året har 9 heligdagar. I tillegg er det fire/fem skottårsdagar. Nyår blir feira når sola går inn i stjernebildet Vêren. Det skjer enten 20., 21. eller 22. mars.

Ritual

Nokre få og enkle ritual finst:

  • Eit kort ekteskapsvers blir lese
  • Nokre få gravleggingsreglar finst
  • Bahá’íar skal:
    • lesa obligatoriske bøner kvar dag og vende seg mot Qiblih (tilbedingspunktet)
    • lesa de helige skriftene morgon og kveld
    • reise på valfart ein gong i livet så sant det let seg gjera
    • undervise i Bahá’u’lláhs tru
    • støtte Bahá’í-saka praktisk og økonomisk

Bahá’í og andre religionar

Bahá’í og jødedom

Bahá’í og kristendom

Bahá’í og islām

Bahá’í og sikhisme

Pekarar

Vanlig Bahá'í

Ortodoks Bahá'í


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Bahai» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.