Asenát Barzani

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 13:10 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - « hade » til « hadde »)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Tannait Asenát Barzani (15901670) var ei kjent kurdisk-jødisk kvinne som levde i Mosul i Irak. Ho studerte kabbalá og var ei av de aller første kvinnone i historia som vi veit at fikk ein rabbinartittel.[1] Ho var dotter ått den kjente rabbinaren Sjemuél Barzani.

Liv

Asenát Barzani vart fødd i 1590 som dotter ått rabbinar Sjemuél Barzani. R. Sjemuél Barzani var ledar för mange jesjibót i si tid, og den rabbinske autoriteten hans i Kurdistan var obestridd. Han var ein meister i kabbalá, og det er sagt at han gav den hemmelige lærdommen vidare til dotter si, som beundra far sin, som ho rekna som ein konge over Israel. Han var den viktigaste læraren hennar, og etter at han dødde, tok ho over mange av oppgåvone hans. Asenát fikk tittelen tannaít. Heilt fram til etter andre verdskrigen fikk berre svært få kvinnor nån rabbinartittel. Ikkje berre verka Asenát som rabbinar, men ho vart rosj jesjibá (jesjibá-ledar) för jesjibáen i Mosul, og etter kvart vart ho kjent som den viktigaste Torá-læraren i Kurdistan. I ei kjelde heter det at “Asenath Barzani in sixteenth-century Kurdistan supplicates the Torah sages of Amadiya so she can support the yeshiva her husband established in Mosul until her young son could take over.”[2] Etter at tannaít Barzani dødde, valfarta mange jødar til grava hennar i Amadiyah i Irakisk Kurdistan.

Ein engleflokk

Tannaít Asenát var poet og ekspert i jødisk litteratur, og det finst mange kurdiske segner om undera ho utførte — slik som dei som blir skildra i «Ein engleflokk»:

Etter at rebbí Sjemuél dødde, kom han ofte til dotter si i drømmar. Han viste henne farar og förtelte henne kossen ho kunne motverke dem, noko som berga mange liv. Ein gong, inspirert av far sin, oppmuntra ho jødane i Amadiyah til å feire rosj ḥódesj utadörs, trass i faren frå fienden deras. Da feiringa var i gang, haurde dei roping, og flammar skaut opp mot himmelen. Synagogen deras hadde vorte påtent, men sidan menigheita var ute, kom ingen til skade. Akkurat da kviskra tannaít Asenát eit hemmelig namn ho hadde lært frå far sin. Folket såg ein engleflokk som steig ned til synagogetaket. Englane slo flammane med vengjene sine heilt til kvar einaste gnist var sløkt. Så fór dei til himmels som ein flokk av kvite duor og vart borte. Da røyken la seg, såg dei at enda eit under hadde skjedd: Synagogen hadde ikkje brent ned. Heller ikkje var ein einaste bokstav av nån av torárullane rørt av flammane. Menigheita var så takknemlig mot tannaít Asenát at dei kalla opp synagogen etter henne, og han står enno til denna dag.

Fotnotar

Litteratur


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Asenath Barzani from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.