Amedeo Modigliani

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 28. april 2020 kl. 16:07 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «<onlyinclude>{{thumb|Hebuterne 1919 Amedeo Modigliani.jpg|Portrett av Amedeo Modigliani måla av Jeanne Hébuterne i 1919.}} '''Amedeo Modigliani''', fødd 12.…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Portrett av Amedeo Modigliani måla av Jeanne Hébuterne i 1919.

Amedeo Modigliani, fødd 12. juli 1884 i Livorno i Italia, død 24. januar 1920 i Paris i Frankrike, var ein italiensk kunstmålar, skulptør og teknar. Modigliani var det fjerde og yngste barnet til Flaminio Modigliani og Eugenia Garsin. Heimbyen hade ei stor jødisk befolkning, og han vart fødd inn i ein opprinnelig velståande sefardisk familie. Broren Giuseppe Emanuele Modigliani var ein sosialistisk politikar.

I 1895, elleve år gammel, vart han ramma av lungehinnebetennelse, og da han var fjorten fikk han tyfus. I 16-årsalderen fikk han lungehinnebetennelse att og pådrog seg òg tuberkulose. I rekonvalesensperioden bestemte han seg for å begynna å måle, og mor hans ordna det slik at han fikk studere med landskapsmålaren Guglielmo Micheli i Livorno.

Portrett av Jeanne Hébuterne måla av Amedeo Modigliani i 1917.

Modigliani studerte sidan ved kunstakademiet i Venezia og Firenze og kom i 1906 til Paris. Utan å slutte seg til noka bestemt gruppe eller rørsle let Modigliani seg inspirere av Toulouse-Lautrec og Cézanne sine måleri, afrikanske skulpturar, fauvistane og kubismen, så vel som av andre eksperimentelle måleri av Picasso og Braque. Mest epokegjerande vart møtet med den rumenske bildehoggaren Constantin Brancusi, og mellom 1910 og 1913 la han all sin energi i bildehogginga.

Da Modigliani, som alt var svekka av tuberkulose, vart nøydd til å slutte med bildehogginga på grunn av at meiselstøvet trengte ned i lungone, utnytta han mange av effektane frå skulpturane sine i portretta sine og i nakenstudia, framfor alt det karakteristiske, forlenga haudet, den lange, opphøgde naseryggen og den lange halsen.

I juli 1917 møtte han kvinna i sitt liv — den unge kunststudenten Jeanne Hébuterne (fødd 6. april 1898). De flytta samen, og 29. november 1918 vart dotra Jeanne fødd. I januar 1920 vart Modigliani sjuk, med nyrebetennelse og tuberkuløs meningitt, og han vart innlagt på Hôpital de la Charité i Paris, der han dødde natt til 25. januar 1920. Dagen etter tok Jeanne, som var gravid i niande månad, sitt eige liv ved å kaste seg ut frå eit glas i sjette etasje.

Myten om Modigliani som en «montparnasseeksentrikar» — stilig, fattig, stolt og rusa eller full — vart utbrodert av forfattarvenene hans, særlig etter at han gikk bort berre 35 år gammel. Myten glømmer den intensive konsentrasjonen om målinga de siste åra av livet hans.

Modigliani ligg gravlagt på Père-Lachaise i Paris, der Jeanne Hébuterne òg ligg. Dotter deras vart teka hand om av søster hans Amedeo i Firenze. Som vaksa skreiv ho ein biografi om far sin — Modigliani, mannen og myten. Det vart òg laga ein film om livet hans, Montparnasse 19, i 1957 med Gérard Philipe i hovudrolla.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Amedeo Modigliani» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.