Alnakka.net:Sefardím

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 31. mars 2020 kl. 21:19 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «{| cellspacing="0" cellpadding="10" |- valign="top" | | colspan="2" | {{:Sefardím}} |- valign="top" | | width="50%" valign="top" style="border-right:1px solid #006699;"| <…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Sefardím (pl.) (hebr. סְפַרְדִּים el. סְפָֽרַדִּים) eller sefardiske jødar er primært jødar med historiske røter i mellomalderens Iberia — det vil seie notidas Spania og Portugal. Sefardiske jødar i den forstand inkluderer først og fremst jødar frå Marokko, Algerie, Hellas og Tyrkia, og i tillegg mange jødar frå Italia, Frankrike, Belgia, Nederland, Storbritannia, Amerika og Israel. Tidlegare tala de fleste sefardím spansk, djudeospanjol (jødespansk) eller portugisisk. Ein særprega variant av det spanske eller jødespanske språket bruka av sefardím er «ladino», som kan skildrast som strengt ordrette omsettingar til spansk eller djudíospanjol. Frå midten av 1900-talet har det gradvis vorte vanleg å bruke namnet ladino for det jødespanske språket. Namnet blir i praksis ofte òg — feilaktig — bruka om ikkje-iberiske jødar frå arabisk-språklege land (sjå mizraḥím), såvel som heilt generelt om jødar av ikkje-asjkenazisk opphav.

Portugisarjødar

Ketubba Amsterdam 1718.jpg
Portugisarjødar (nyn.; bm./da. portugiserjøder) eller portugisjødar (nyn.; bm./da. portugisjøder; sv. portugisjudar) er ei gruppe av sefardím som har hovudopphavet sitt i dei sefardím som kom frå Spania og Portugal til Italia, Vest-Europa og Amerika frå sist på 1400-talet og fram til sist på 1700-talet. Portugisarjødane har eit karakteristisk ritual basert på ritualet på Den iberiske halvøya före utvisinga derifrå i 1490-åra, men òg med mange trekk frå dei italiensk-jødiske bené Roma og frå marokkanske sefardím. Portugisarjødane hadde varierande grad av innreise-, nærings- og busettingsrett i Danmark og Norge frå 1657 av. Ved den norske Grunnloven av 17. mai 1814 vart det innført fullt forbod mot innreise og opphald for alle jødar, men unntaket for portugisarjødane vart bekrefta att av Justisdepartementet den 4. november 1844 — seks år före heile jødeparagrafen vart oppheva.   Les meir …
Abigail Rebecca Samuda (f. 24. april 1810, d. 2. april 1907 i Heathcroft i London), oftast omtala som A.R. Samuda, Abigail Samuda eller berre Miss Samuda, vart fødd som eldste barnet ått Simha (Joy) de Hananel Lopes Pereira alias Aguilar og Ost- og Vestindia-handlaren Abraham de Samuda. Abigail var ein ivrig kunstmålar. Ho tala fire språk flytande og etterlet seg kring 30 manuskript med omsettingar til engelsk, inkludert dei fleste verka av Heinrich Zschokke, som ho sette særleg høgt. Ho skreiv fleire dikt som vart tonsett av Emanuel Aguilar og andre. Ho dødde den 2. april 1907 i Heathcroft i London, i huset til sin gode ven og svigerson Jose de Sola Pinto, far ått litteraturvitaren Vivian de Sola Pinto.   Les meir …
Den portugisiske Nakskauer Menighed med Henriques-esnogaen i København i Danmark vart oppretta i eller rett føre 1750 av Henriques-brørne som arvtakar etter den første esnogaen i København, som hadde vore dreven av Isak Granada (d. 1731). Forstandaren kring 1784 var Abraham Henriques. Esnogaen låg da truleg i Snaregade, der Marcus Valentin, Jacob Moses Magnus, Samuel Fraenkel og Moses Bendix Schiff budde med familiane sine. Esnogaen brann ned i den store brannen i 1795. Truleg etablerte menigheita den nye esnogaen i Gammel Mønt, der forstandaren, silke- og klædekræmmer Moses Ruben Henriques budde i mange år.   Les meir …
Moses Ruben Henriques 1757-1823 189.jpg
Moses Ruben Henriques (f. 21. august 1757 i København, d. 6. juni 1823 i København), òg kjent som M.R. Henriques og Mausche Ber, var ein portugisarjødisk kjøpmann frå København i Danmark som budde i Marstrand utafor Göteborg frå 1787 til 1796, da han flytta tilbake til København att. M.R. Henriques dreiv som Silke- & Klædekræmmer / siden och tyghandlare gjenom forretninga M.R. Henriques & Søn, og han var òg forstandar for Den portugisiske Nakskauer Menighed i fleire år.   Les meir …
PSM V23 D448 Philipp Reis.jpg
(Johann) Philipp Reis (f. 7. januar 1834 i Gelnhausen i Hessen i Tyskland; d. 14. januar 1874 i Friedrichsdorf i Hessen) var ein tysk fysikar og oppfinnar av portugisarjødisk opphav på farssida som er kjent for å ha utvikla den første elektriske telefonen, som han presenterte under namnet Telephon i 1861.   Les meir …

Esnogas

Kahal Kados Bet Israel i Hamborg vart grunnlagt i 1652 da dei tre tidlegare portugisarjødiske menigheitene K”K Talmud Tora, K”K Keter Tora og K”K Nevé Salom slo seg i hop. Esnogaen vart bygd i sørvestenden av Alter Wall, der K”K Nevé Salom hadde halde til sidan 1612. Esnogaen vart selt til høgtyske jødar i 1835, og han brann ned fredagsmorgonen den 6. mai 1842 under den store Hamborgbrannen den 5.8. mai. Menigheita fortsette i provisoriske lokale heilt til den nye esnogaen i Zweite Marktstraße 6 stod klar i september 1855.   Les meir …
Synagoge Neve Shalom Altona.jpg
Kahal Kados Newe Salom, eller Esnogaen i Altona, vart bygd etter løyve av 22. mars 1771 frå kong Christian VII av Danmark-Norge etter ein petisjon frå dei 18 portugisarjødiske familiane der, og innvigd den 6. september samma året. Esnogaen, som låg i bakgården til Bäckerstraße 12–14 (novarande Hoheschulstraße), vart bruka av det portugisarjødiske samfunnet i Altona fram til det vart oppløyst i 1882. Bygninga vart selt til Det høgtysk-israelittiske samfunnet i Altona i 1887. I 1940 vart bygninga ekspropriert til Hamborg by og reven.   Les meir …
EsnogaAmsterdamTebah.jpg
Esnogaen i Amsterdam eller Den portugisiske synagogen i Amsterdam, oftast kalla Esnoga (nederlandsk uttale: snoge), ligg ved gata Visserplein, beint imot det historiske sentrumet av Amsterdam, rett ved Det jødiske historiske museet i Amsterdam. Dette monumentale bygget vart bygd på 1600-talet (det såkalla gyldne hundreåret i Nederland) for det sefardiske trussamfunnet Talmud Torah (Det portugisisk-israelittiske trussamfunnet i Amsterdam).   Les meir …

Osmanske sefardím

Bg board L.jpg
Tavla eller tavli (djudeospanjol), oftast kalla trikktrakk i eldre skandinavisk og backgammon frå midten av 1900-talet og utover, er eit brettspel for to personar der kvar spelar kastar terningar som viser kossen ein kan flytte brikkane. Tavlabrettet har to sidor, og kvar side er delt i to halvdeler att. Kvar halvdel har eit kilemønster der kvar kile svarar til eitt felt. Det er seks felt i kvar halvside, og med andre ord 24 felt totalt på brettet. Dei to spelarane har oftast 15 brikkar kvar, og målet er å flytte alle brikkane forbi motspelaren sine brikkar og «heim».   Les meir …
Karl Emil Franzos (f. 25. oktober 1848; d. 28. januar 1904) var ein austerriksk-jødisk forfattar og redaktør som særlig er kjent for å ha gjeve ut den første utgåva av Woyzeck (1879) og for å ha grunnlagt tidsskriftet Deutsche Dichtung. Karl Emil Franzos vart fødd den 25. oktober 1848 i Podolia i Ukraina av sefardisk far og Odessa-jødisk mor. Han vaks opp hovudsakleg i shtétlen Czortków in Galicja. Far hans, ein distriktslege, dødde tidleg, og etter at Karl Emil hadde fullført gymnaset i Czernowitz i Bukovina laut han arbeide som lærar for å försørgje seg sjølv og gjera seg klar til universitetsstudia. Han studerte juss ved universiteta i Wien og Graz, men etter at han bestod eksaminasjonen for statlige juristar, avbraut han den karrieren og begynte som journalist i staden.   Les meir …
Solitreo -exemplo.jpg
Solitreo eller soletreo (djudeospanjol, frå portugisisk soletrar eller asturiansk soletrear/solitrear, ‘(å) stava’) er lykkjeskrift-utgåva av hebraisk skrift som tradisjonelt blir bruka blant osmanske sefardím for å skrive djudeospanjol, ladino og hebraisk. Skrifta er visuelt sétt snarlik asjkenazisk lykkjeskrift, men er olik nok til at dei ikkje er innbyrdes förståelige. Skrifta var i vanleg bruk blant sefardím i Det osmanske riket, inkludert i det jødiske samfunnet i Ereṣ Jisraél (hovudsakleg tilsvarande vår tids Israel, Vestbredda og Gaza) langt opp mot våre dagar. I og med at Israel har gjenomført asjkenazisk lykkjeskrift som einaste standard, har antalet folk som kan lesa og skrive solitreo gått markant ner sidan begynnelsen av 1900-talet.   Les meir …

Mat

Jødekakor (nyn./bm. jødekaker; da. jødekager; sv. judekakor) eller jødebrød (sv. judebröd) er det vanlege namnet på ei gruppe småkakor med sefardisk opphav i skandinavisk kokekunst. Da sefardiske kryptojødar fann vegen frå Spania og Portugal til Nord-Europa kring 1600- og 1700-talet, tok dei med seg element av iberisk sefardisk kultur — inkludert sefardisk (jødisk) og arabisk (muslimsk) kokekunst med sin bruk av sukker i tillegg til meir utbreidde søtstoff som honing og ymse typar fruktsirup. Eitt av dei elementa var småkakor baka med piska egg, sukker og vegetabilsk olje (for eksempel olivenolje) som basis. Karakteristisk for desse sefardiske småkakone er òg at det er minimalt med væske i dem.   Les meir …
Bourekas.jpg
Borecas svarar til börektyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drevne gatekjøken i Norge under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas.   Les meir …
Bimuelos er populær ḥanukkámat blant sefardím frå Balkan og mange andre plassar. Ordet bimuelos, som òg kan bli skrive bumuelos, birmuelos, bermuelos, burmuelos eller bulemas, er djudíospanjol og heng ihop med spansk «bunuelo»; i Tyrkia seier ein òg lokmas, og i Hellas λουκουμαδες (loukoumades).   Les meir …