Alnakka.net:Retningslinjor

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
 Retningslinjor 
Norsk · English
Brukarar
Personvern
Opphavsrett
Emne
Synsvinkel
Skrivemåte

Det følgjande er bindande retningslinjor for alle som redigerer på Alnakka.net. Retningslinjone kan endrast om brukarane er einige om det. Hovudadministratoren har vetorett i slike spørsmål.

For å lesa om spesifikke retningslinjor, klikk på emnet du vil lesa om i navigasjonsfeltet til høgre på skjermen.


Hovudpunkta:

  • Vel eit ansvarleg brukarnamn. Reklameaktige namn og provoserande/opassande namn hører ikkje heime her.
  • Bidreg du på konstruktivt vis, så blir du godt motteken.
  • Ikkje legg inn stoff som ikkje er ditt eige og som ikkje er forelda etter Åndsverksloven utan at opphavspersonen (eller attlevande nære slektningar) har gjeve samtykke til det.
  • Det du sjølv skriv har du fulle ideelle rettigheiter til etter Åndsverksloven. Samtidig godtek du at dette er eit dugnadsprosjekt og at andre kan vara med på å utvikle stoffet vidare. Det går ikkje an å trekkje tilbake att artiklar andre her har vore med på å utvikle utan at medforfattaren/medforfattarane til dei artiklane går med på det, men du kan sjølvsagt allveg fritt bruke opp at det du har skreve sjølv i alle lovlege samenhengar du vil etterpå.
  • Dette er ikkje plassen å drive direkte eller indirekte slagsmål mot nokka folkegruppe, nokka legning eller nån religion.
  • Hovudmålet på Alnakka.net er midtnorsk med eiga normering.
  • Bidrag på alle former av norsk, inkludert alle typar nynorsk og bokmål, er like velkomne, men du må rekne med at språkforma i bidraga dine kan bli endra til midtnorsk normering når nån får tida.

Merk at retningslinjone er under omforming för tida i forbindelse med utvidinga av emneområde.