Alnakka.net:Jødedom

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 10:24 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - « nån » til « {{nån}} »)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
 Retningslinjor 
Norsk · English
Brukarar
Personvern
Opphavsrett
Emne
Synsvinkel
Skrivemåte

Alle artiklar om jødiske emne skal skrivast med utgangspunkt i eit nøytralt perspektiv, men med jødisk perspektiv som underliggjande ramme og som avgjerande faktor i tvilsspørsmål. Merk spesifikt at såkalla «messiansk jødedom» ikkje er eit godteke jødisk perspektiv her på Alnakka.net, og at den religionsforma blir klassifisert under religionen kristendom.

Minhág

Utgangspunktet i generelle artiklar om jødisk religion og kultur er sefardisk perspektiv, men med vekt på å inkludere asjkenazisk perspektiv — og i nån grad andre jødiske/israelittiske perspektiv òg.

Retning

Det religiøse/denominasjonelle utgangspunktet er tradisjonell, halakhisk rabbinsk jødedom, med utgangspunkt i masorti (konservativt) til moderne-ortodokst perspektiv og med vekt på å inkludere egalitære element som finst i historiske kjeldor.

Synspunkt som hører til andre retningar — frå progressiv jødedom til ḥaredisk jødedom — skal takast med på presist, rettferdig og respektfullt vis.

Ordval

I utgangspunktet brukar vi allveg sefardiske eller nøytrale ord og ordformer anna enn i fall der det handlar om spesifikt asjkenaziske emne (tebá (ikkje bima, almemmar), Hekhál (ikkje aron kódesj, ngarbít (ikkje ma‘ariv)).