Alnakka.net:Forsida

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 27. mars 2020 kl. 01:08 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
<< juni >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30
2020

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 486 artiklar og 6 272 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

Religion og livssyn

Elias Moses Delbanco (17501802) eller Elias Moses Warburg, ofte kalla Elias Delbanco, var ein vekselerar som dreiv forretning i hop med svigerfaren Bendix Henriques i Göteborg. Elias Moses Warburg vart fødd i 1750 i Altona som son ått Jettchen Wagner og Moses Warburg. Han tok namnet Delbanco. Elias vart gift med Penina Henriques (17561826), dotter ått Bendix Henriques, den 29. oktober 1781 i København. Elias Moses Delbanco dødde i København den 11. september 1802.   Les meir …
Sjelomó ben Jiṣ’ḥák halleví (15321600) var ein framståande rabbinar i Salonica i Det osmanske riket. Han var torálærar i esnogaen for eksiljødane frå Évora i Portugal. Han er særlig kjent for tesjubót-verket Maharásj Leví, som han strukturerte i tråd med 4-bandsstrukturen i Arbangá turím. Maharásj Leví vart utgjeve posthumt i Salonica i 1652.   Les meir …

 

 

 

Biologi

 

Kystkultur

Jappe Ippes (ca 16551720) var ein frisiskfødd tømmerhandlar frå Trondhjem (no Trondheim) som slo seg ner i Linvågen på Tustna mot slutten av 1680-åra. Den 11. august 1691 fikk han kongelig bevilling for å drive kleppfisktørking i området med 10 års monopol og for å drive direkte eksport frå Fosna (det novarande Kristiansund). Han sette i gang kleppfisktørking i stor målestokk, og i 1699 vart det utskipa 175 tonn kleppfisk frå Fosna.   Les meir …
Klippfisk.jpg
Kleppfisk (bm. klippfisk, sv. klippfisk/kabeljo, da. klipfisk) er salta og tørka fisk av torskefamilien. Det mest tradisjonelle fiskeslaget er torsk, men hyse (kolje), lange, brosme og sei blir òg bruka. Kleppfisk er eit langt meir foredla produkt enn tørrfisk: Tørrfisken er ikkje salta og blir hengt på hjell til tørking; medan kleppfisken er gjenomsalta, flattørka og pressa fisk. Tradisjonelt har kleppfisken vorte tørka på kleppar (reinflekte svaberg), men i nyare tid har det vorte vanlegare å tørke kleppfisken i innadørs tørkeanlegg.   Les meir …
6310 lyrodd.jpg
Ein lyrodd (norr. hlýr (‘baug’) + odd), òg kalla hyrodd i Hemne, nyrodd i Åfjorden og ljørodd ein del plassar i Nord-Norge, er eit bordkne som danar ein runda overgang mellom ripa og stamnen på geitbåtar og nordlandsbåtar. I eldre tid har lyroddar vore vanlege på fleire andre tradisjonelle båttypar i Norge òg.   Les meir …

I dag er det onsdag den 3. juni 2020

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

Pinguinus impennus (Audubon).jpg
Geirfugl (Pinguinus impennis (forelda: Alca impennis)) var ein stor, ikkje-flygande fuglart i alkefamilien. Geirfuglane heldt til i Nord-Atlanteren, der dei hekka på steinote, isolerte øyar med lett tilgang til havet og rike matressursar. Slike plassar var det ikkje mange av, så det fanst berre nån få hekkeplassar for geirfuglane. Utom hekkesesongen svømte geirfuglane over store område på jakt etter mat — frå så langt sør som Nord-Spania og New England til Canada, Grønland, Island, Færøyane, Norge, Storbritannia og Irland. Da europeiske oppdagarar begynte å reise over Atlanterhavet kring år 1500, vart geirfuglane ei lettvint kjelde til mat og fiskagn.   Les meir …
Kafka aprox1917 small.jpg
Franz Kafka (3. juli 18833. juni 1924) var ein tyskspråklig asjkenazisk forfattar. Det mest kjente verket hans er romanen Der Prozeß (‘Prosessen’). Romanen skildrar ein person som er utsett for oklåre skuldingar frå eit ogjenomtrengelig rettssystem. Av dét kjem nemninga Kafka-prosess.   Les meir …
Ove Borøchstein (f. 16. juni 1949, d. 3. juni 2013) var ein lærar, musikar og forfattar med røter blant anna i det jødiske samfunnet i Kristiansund. I ungdomsromanen Svart natt (1994), der ei av hovudpersonane er av jødisk slekt, tok han blant anna opp problemet med nynazisme. Boka J : historien om kristiansundsjødene (2000) er ei fyldig skildring av det jødiske samfunnet i Kristiansund frå det vaks fram først på 1900-talet til det vart øydelagt av nazistane under andre verdskrigen.   Les meir …

Musikk

Charles Piroye (f. kring 1670, d. seinast 1732) var ein fransk organist og komponist under barokken. Vi veit lite om oppveksten hans, anna enn at lærarane hans inkluderte Jean-Baptiste Lully og Michel Lambert. Han var tilsett som organist i église des Jacobins i Paris frå 1690 til 1712, og frå 1708 til 1712 var han organist i St-Honoré òg. Den 22. februar 1712 vart han avsett frå stillinga av okjent grunn. Etter den tid dreiv Piroye med komposisjon og undervisning attmed konsertverksamheita som cembalist og organist.   Les meir …
N77210 - Spinett - Benjamin Slade - foto Olav Nyhus.jpg
Eit spinett (it., spinetta, sp./pt. spineta, fr. épinette) er ein type cembalo der klaviaturet står på skrå av strengene. Instrumentet har gjerne tilnærma trekanta form sett ovafrå. Det eldste spinettet vi veit om vart bygd i 1631 av Hieronymus de Zentis. Av praktiske grunnar har spinett berre eitt strengregister, og den begrensa størrelsen på resonanskassen gjer òg at spinettet kjem best til sin rett i mindre rom. Spinettet har vore mest bruka i private heimar, der overkommeleg pris og lite plassbehov gjerne er meir avgjerande enn ein stor klang som ber godt.   Les meir …

 

Mat

Latkes (jid. לאַטקעס), eller frityrsteikte potetlappar, er ein asjkenazisk matrett. For de fleste asjkenazím er latkes den erketypiske ḥanukkámaten. I våre dagar blir latkes vanlegvis laga av raspa potetar, løk og egg og frityrsteikt i vegetabilsk olje. Ein serverer gjerne eplesaus (eplemos) og/eller rømme (evt. yoghurt) til.   Les meir …
Milnbrygga Kristiansund.jpg
Norsk klippfiskmuseum ligg i Kristiansund og er etablert som ein del av Nordmøre Museum. Museet held til i Milnbrygga, ei autentisk kleppfiskbryggje frå midt på 1700-talet. Museet viser kossen kleppfiskproduksjonen har gått for seg i Norge gjenom meir enn 250 år. Til bryggja hører kleppfiskberg og vaskeplass for fisk. Anlegget ligg sentralt ved hamna, midt i bybildet i Kristiansund. Kvart år blir det arrangert bacalaofestival der, der firma og kleppfiskentusiastar konkurrerer om å laga den beste bacalaoen. På norsk blir ordet bacalao bruka om ein gryterett av kleppfisk.   Les meir …
8339cr springerleformer.jpg
Springerle, òg skreve Springerli, eller Anisbrötli, òg skreve Änisbrötli, er ein type småkakor med anis som særleg er vanlege i Schwaben (deler av dei tyske delstatane Baden-Württemberg og Bayern), Alsace og Sveits, men òg andre plassar i Sør-Tyskland så vel som i Austerrike og Ungarn. Namnet Springerle er ein diminutiv som enten viser til Springer (‘riddar’, på grunn av motiva i formene) eller aufspringen (‘sprette opp’, på grunn av at kakone hevar seg til det dobbelte når dei blir steikt). I kristne samenhengar blir Springerle særleg bruka som julmat.   Les meir …

Språk

Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed fölgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …

Herjedalsk eller herjedalsmål er den tradisjonelle dialekten i landskapet Herjedalen, som sidan 1645 har lege i Sverige. Herjedalsmålet er nærmast i slekt med trøndsk og blir ofte kategorisert under norrländska i svensk språkvitskap. Dialekten har tjukk l (men ikkje av historisk ), palatalisert nn og ll, kløyvd infinitiv etter jamvektsregelen (å kaste; å gråvvå); full utjamning i de fleste jamvektsord (e hukku, e sluggu, en mågå, ha grivvi, ha lissi), monoftongisering av dei tre diftongane ei, öy og au; i-omlyd i presens av sterke verb (gnég, błés). I motsetning til alle andre dialektar av trøndsk har herjedalsmålet w- (ikkje kv-) av norrønt hv-. Andre særdrag inkluderer dei personlege pronomena for ‘eg’ og for ‘vi’. Dialekten har tradisjonelt hatt gjenomført dativ i bestemt form av substantiv.   Les meir …

Israel Ruong (f. 26. mai 1903, d. 6. april 1986) var ein pitesamisk språkforskar, politikar og professor i samisk språk og kultur ved Uppsala universitet. Israel Ruong vart fødd i Arjeplog i 1903. Foreldra var kateketar og bufaste i Harrok ved innsjøen Labbas. Foreldra og fleire sysken omkom i spanskesjuka som ramma Arjeplog i 1920. Oppveksten i Harrok blir utførleg skildra i artikkelen «Harrok : ett samiskt nybygge i Pite Lappmark», som er utgjeven i Kultur på karrig jord : festskrift til Asbjørn Nesheim. Han tok lærarutdaning i Luleå og arbeidde som lærar ved Nomadskolan i Jukkasjärvi. Fagleg sétt arbeidde Ruong elles med olike aspekt av samiske språk òg, og særleg med morfologien.   Les meir …


Andre nettsidMal:Or

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no