Alnakka.net:Forsida

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 26. mars 2020 kl. 20:27 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
<< april >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30
2024

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 494 artiklar og 6 274 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

Religion og livssyn

David Nieto.jpg
David Nieto (16541728) var ḥakhám for det portugisarjødiske samfunnet i London. David Nieto vart fødd i Venezia i 1654. Han begynte yrkeskarrieren som dokter og som jødisk prekar i Livorno i Italia. Der skreiv han verket Paschologia (på italiensk; utg. Köln 1702), der han tok for seg olikheitene i kalenderutrekninga i de greske, romerske og jødiske trussamfunna og viste feilane som hadde sneke seg inn i den kristne kalenderen frå det første nikenarkonsiliet til 1692.   Les meir …
Bg board L.jpg
Tavla eller tavli (djudeospanjol), oftast kalla trikktrakk i eldre skandinavisk og backgammon frå midten av 1900-talet og utover, er eit brettspel for to personar der kvar spelar kastar terningar som viser kossen ein kan flytte brikkane. Tavlabrettet har to sidor, og kvar side er delt i to halvdeler att. Kvar halvdel har eit kilemønster der kvar kile svarar til eitt felt. Det er seks felt i kvar halvside, og med andre ord 24 felt totalt på brettet. Dei to spelarane har oftast 15 brikkar kvar, og målet er å flytte alle brikkane forbi motspelaren sine brikkar og «heim».   Les meir …
Golden temple.jpg
Sikhismen er ei religiøs lære som vart grunnlagt av gurū Nānak Dēv sist på 1400-talet. Læra har geografisk opphav i Pandjāb i grenseområda mellom India og Pakistan. Sikhismen er ein synkretistisk religion med røter i islām og hinduisme, men sikhane sjølve ser på han som ein heilt ny religion. Etter gurū Nānak Dēv vidareutviklade de ni etterfølgjarane hans religionen til den forma han har i dag. Sjølve ordet «sikh» er pandjābī og betyder ‘elev’.   Les meir …
Kruszyniany Mosque.jpg
Ein moské (arab. مسجد masġid) er eit muslimsk sakralbygg for bøn og koranstudium. Sentrale element i ein moské er mihrab (ei nisje i veggen som vender mot Mekka), minbar (ei troppliknande plattform nær mihrab der den religiøse ledaren ledar gudstjenestor og forrettar prekor), dikka (ei opphøgd plattform nærme atterveggen der lekfolk ledar gudstjenestor frå) og kursi (ein lesepult nærme dikka der al-Qur’ān (Koranen) blir lesen frå).   Les meir …
C24457j Hindrem stavkrk.jpg
Hindrem stavkirkje er ei stavkirkje som vart oppført i 2011–2012 og innvigd den 9. september 2012Hindrem i Leksvik i Indre Fosen kommune i Trøndelag. Kirkja er bygd på samma staden som den gamle Hindrem stavkirkje, som var nemnt i Reformatsen 1589 og vart reven da det vart bygd ny kirkje der i 1665. Nykirkja vart reven i 1897 etter at kirkjestaden hadde vorte flytta til Vanvikan.   Les meir …

Biologi

 

Kystkultur

Milnbrygga Kristiansund.jpg
Ei bryggje, òg kalla ei sjybu, eit sjyhus eller eit pakkhus, er ei lagerbygning i éin (vanlegare to) eller fleire etasjar som ligg med ein vegg over djupt vatn så skutor kan legge til for lasting og lossing. Øvst på sjyveggen er det som regel eitt eller fleire vindhus med vindor for heising av gods mellom bryggja og skutone. Rett under vindhuset er det bryggjedörer (brýjedöre, brøggdørre) i kvar etasje der varone vart innhavt ved lossing av skuta og uthavt ved lasting.   Les meir …
C06623crj Gadus morhua.jpg
Torsk (Gadus morhua) er den økonomisk viktigaste fisken i torskefamilien. Han sym langs heile Norskekysten, det sørlige Barentshavet, Nordsjøen og Skagerrak. Det finst to underartar: vandrande oseanisk torsk eller norsk-arktisk torsk, gjerne kalla skrei; og meir eller mindre stadbunden kysttorsk, òg kalla modd (var. modde, møydde). Fisknamnet torsk er ei samandraging av 'törrfisk'. Det har vorte dreve torskefiske langs Norskekysten sidan steinalderen. Det er kjent at sjøfarande hadde med seg tørka torsk på lange utferder, og alt i vikingtida eksporterte nordmenn den tørka fisken til Sør-Europa, særlig til Spania og Italia. Denne handelen har gått for seg i over tusen år utan avbrott og er framleis viktig. Törrfisken blir først og fremst produsert i Lofoten, der fisket etter gytemoden skrei finn stad på seinvinteren kvart år.   Les meir …
Klippfisk.jpg
Kleppfisk (bm. klippfisk, sv. klippfisk/kabeljo, da. klipfisk) er salta og tørka fisk av torskefamilien. Det mest tradisjonelle fiskeslaget er torsk, men hyse (kolje), lange, brosme og sei blir òg bruka. Kleppfisk er eit langt meir foredla produkt enn tørrfisk: Tørrfisken er ikkje salta og blir hengt på hjell til tørking; medan kleppfisken er gjenomsalta, flattørka og pressa fisk. Tradisjonelt har kleppfisken vorte tørka på kleppar (reinflekte svaberg), men i nyare tid har det vorte vanlegare å tørke kleppfisken i innadørs tørkeanlegg.   Les meir …

I dag er det laurdag den 20. april 2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

Leví ben Geresjón (f. 1288 i Bagnols; d. 20. april 1344), òg kjent som Gersonides eller RaLBaG, var ein fransk-jødisk filosof, ekseget, matematikar og dokter. Han vart fødd i Bagnols i 1288 og dødde den 20. april 1344. Abraham Zacuto (Séfer Juḥasín, ed. Filipowski, s. 224) hevdar at Leví dødde i Perpignan i 1370, men den nøyaktige dødsdatoen hans er fastsett til 20. april 1344 av Petrus av Alexandria, som i 1345 omsette eit notat av Leví om konjunksjonen mellom Saturn og Jupiter (sjå Steinschneider i Hebr.Bibl. vii. 83-84). «Gersjuní», den hebraiske parallellen til «Gersonides», vart først bruka om Leví ben Geresjón av David Messer Leon (kring 1500).   Les meir …

Musikk

Tom Tofteberg (16. mars 1946 i Oslo, d. 28. april 2001 i Oslo) var ein blokkfløytist som underviste ved davarande Institutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo og ved Norges Musikkhøgskole. Tom Tofteberg vart fødd i Oslo laurdag den 16. mars 1946 av foreldra Ingrid Andresen (1925–2014) frå Oslo og Arne Camillo Tofteberg (1923–2001) frå Borge i Østfold. Han gifta seg den 15. januar 1972 med musikk- og formingslærar Karin-Beate Mikkelsen (1947–2010) frå Oslo. Tofteberg medvirka som blokkfløytist ved mange konsertar kring i landet, inkludert i lag med cembalisten/organisten Ketil Haugsand, gambespelaren Betteke Groot, fløytisten Hans-Olav Gorset og kontratenoren Carl Høgset. Tom Tofteberg dødde laurdag den 28. april 2001 og vart gravlagt tisdag den 8. mai 2001 på Grefsen kirkegård.   Les meir …
N77210 - Spinett - Benjamin Slade - foto Olav Nyhus.jpg
Eit spinett (it., spinetta, sp./pt. spineta, fr. épinette) er ein type cembalo der klaviaturet står på skrå av strengene. Instrumentet har gjerne tilnærma trekanta form sett ovafrå. Det eldste spinettet vi veit om vart bygd i 1631 av Hieronymus de Zentis. Av praktiske grunnar har spinett berre eitt strengregister, og den begrensa størrelsen på resonanskassen gjer òg at spinettet kjem best til sin rett i mindre rom. Spinettet har vore mest bruka i private heimar, der overkommeleg pris og lite plassbehov gjerne er meir avgjerande enn ein stor klang som ber godt.   Les meir …

 

Mat

7859cr pepparkakor.jpg
Pepparkakor (sv.; nyn. peparkakor, peparkaker; bm. pepperkaker; da. peberkager) er ein sort tynne, sprøde kakor som får den krydra smaken sin frå ingefær og minst eitt anna krydder, men ikkje allveg peppar. Frå tidleg på 1800-talet har pepparkakor særlig vorte assosiert med jula i Skandinavia, men dei blir etne i andre samenhengar og på andre tider av året òg. Den 9. desember er «pepparkakans dag» i Sverige. Den første dokumenterte bakinga og etinga av pepparkakor i Skandinavia fann stad seinhausten 1335, trulig på Båhus festning på den davarande grensa mellom Norge og Sverige: Reknskapa for råvareinnkjøpa til bryllaupet mellom kong Magnus Eriksson av Sverige, Norge og Skåne og Blanca av Namur opplyser tydelig at dei baka pepparkakor.   Les meir …
Koeh-061.jpg
Hing (Ferula assa-foetida) eller dyvelsdrek (frå nty. Düwelsdreck) er ei plante i Ferula-slekta som opprinneleg kjem frå Iran. Heile den råe planta har ei intens, obehageleg lukt og smak, men hing som blir bruka som krydder og gjenomkoka eller steikt gjev ein mild og avrunda, noko purre-aktig smak. Hing har ein antimikrobiell og antiviral effekt, og både i folkemedisin og skulemedisin blir hing særleg bruka mot problem med fordøyelsen. I folkemedisin blir dessutan hing bruka mot akutte og kroniske problem med luftvegane, inkludert forkjølelse og influensa.   Les meir …
Runny hunny.jpg
Honing /"hɔn.ɪŋ/ (nyn./bm./da. honning; sv. honung) er ei sukkerhaldig løysning med tjuktflytande til fast konsistens. Honing blir framstilt av honingbior som samlar nektar frå blomstrar. Omdaninga frå nektar til honing skjer ved at bione tilsett nektaren sitt eige kjertelsekret. Bior kan òg ta til seg honingdogg utskilt frå bladlus og andre plantesugarar. Den honingen blir kalla bladhoning, skogshoning eller lushoning. Bione lagrar nektar tilsett enzym i vokskakor eller vokstavlor. Når vassinnhaldet i nektaren blir redusert blir honingen til. Birøktaren kan hente ut tavlone frå kuben. Tavlone blir plassert i ei honingslyngje (ein type sentrifuge), og honingen blir slyngt ut av tavlone. Bione får sukkervatn som erstatning for honingen, og dét blir vinterfôret for bione.   Les meir …

Språk

El Avenir.jpg
Djudeospanjol, òg skreve judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanjol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanjol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.   Les meir …

Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av skandinavisk som blir tala på Nordmør, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i mestparten av Hemne og Snillfjord kommunar i Fosen. Nordmørsdialekten, som i lag med fosendialekten og ytre namdalsmål blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trønder, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, olik böying av sterke og svake hokjønsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, og dativ (ikkje i bymål, mest i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dem som er fødd etter kring 1970).   Les meir …

Ganander Grammatica Lapponica (1743).png
Henrik Johansson Ganander (f. i Åbo (Turku) i Finland, d. 1752 i Sjundeå (Siuntio) i Finland), òg skreve Henricus Ganander Abœnsis, var ein finlandsk prest som er mest kjent for verket Grammatica Lapponica (1743) — ein samisk grammatikk med grunnlag i tornesamisk, den sørvestlegaste hovuddialekten av nordsamisk. Frå 1731 til 1744 var Henrik Ganander kapellan i Karesuando ved det som i dag er grensa mellom Sverige og Finland. Frå 1743 til han dødde i 1752 var han kyrkoherde i Sjundeå (Siuntio) i Sør-Finland, kring 4 mil vestom Helsingfors.   Les meir …


Andre nettsidMal:Or

Esnoga.no

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no