Alnakka.net:Forsida

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 26. mars 2020 kl. 20:27 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
<< april >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30
2024

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 494 artiklar og 6 274 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

Religion og livssyn

Leon Lopez, òg skreve Leo(n) Lopes, var ein portugisarjødisk kjemikar og handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra. Da han og den asjkenaziske jøden Emanuel Philipsen frå Fredericia i Danmark vart arrestert på falskt grunnlag i Christiania i 1844, var ein del av resultatet at Høgsterett den 4. november 1844 for første gong sidan före Grunnlova vart vedteken i 1814 erklærte at portugisarjødar ikkje var å rekne som forbodne i riket.   Les meir …
Rabbin Gabriel Farhi.jpg
Gabriel Farhi (f. 1968) er ein liberal rabbinar av osmansk-sefardisk slekt frå Frankrike. Gabriel Farhi vart fødd den 25. mai 1968 som son av rabbinar Daniel Farhi. Han studerte ved det rabbinske seminaret Leo Baeck College i London og vart ordinert som rabbinar der i 1996. Til daglig arbeider han som rabbinar i synagogen i rue Gaston de Caillavet i 15ème arrondissement i Paris og som sjukehusrabbinar ved l’Hôpital européen Georges-Pompidou i Paris. Han er òg ein av de tre rabbinarane som ledar Mouvement Juif Libéral de France (‘den liberale jødiske rørsla i Frankrike’).   Les meir …
Gurū Hari Rāi dji (26. februar 163030. mai 1661) var den sjuande av dei ti sikh-gurūane og vart guru den 8. mars 1644 som etterfølgjar etter bestefar sin, gurū Hari Gōbindh dji. Före gurū Hari Rāi dji dødde, utnemnte han gurū Hari Krisjan dji, sonen sin, som den neste sikh-gurūen.   Les meir …
Grameen Yunus Dec 04.jpg
Muhammad Yunus (Bengali: মুহাম্মদ ইউনুস [Muhammod Iunus]) (fødd 28. juni 1940 i Chittagong) er ein muslimsk økonom frå Bangladesh. Han har utvikla omgrepet mikrokreditt — å gje småe lån for å starte opp næringsverksamheit til folk som er for fattige til å få vanlege banklån. Yunus er grunnleggaren av Grameen Bank. Banken og Yunus delte Nobels fredspris i 2006, “for arbeidet deras for å skapa økonomisk og sosial utvikling nedafrå”. Han er den tredje bengalaren som har fått ein nobelpris, etter diktaren Rabindranath Tagore og økonomen Amartya Sen.   Les meir …
17248cr Hans Groen Bull (1758-1833).jpg
Hans Grøn Bull (17581833) vart fødd 28. februar 1758Nordlandet i KristiansundNordmør av foreldra Anna Johanna Grøn og Jens Lemvig Bull. Han vart gift 1784 på Knudset i Øre (Gjemnes) med Anne Marie Kjestrup (17531790). Dei hadde dotra Anna Johanne Grøn Bull (17871867). Hans Grøn Bull dødde 26. januar 1833Tingvoll.   Les meir …

Biologi

 

Kystkultur

Oktant.jpg
Ein oktant (frå lat. octans, ‘⅛ av ein sirkel’) eller ein reflekterande kvadrant er eit geometrisk måleinstrument som først og fremst blir bruka i navigasjon. Namnet oktant kjem av at sjølve bogan på måleinstrumentet utgjer ein åttedels sirkel, og namnet reflekterande kvadrant viser til at instrumentet brukar spegel for å doble den observerte vinkelen til ein fjerdedels sirkel. Andre historiske namn inkluderer astroskop og sjykvadrant. Oktantane kom i bruk som navigasjonsinstrument i 1730-åra og tok etterkvart over den rollen som kvadranten, og i mindre grad òg framleis jakobsstaven, hadde hatt tidlegare.   Les meir …
Salvelinus alpinus (1).jpg
Røye eller røyr (Salvelinus alpinus) er ein fisk av laksfamilien. Røya er den nordligaste av laksfiskane og finst i salt- og ferskvatn kring Nordishavet og Skandinavia, og i tillegg i ferskvatn i høgfjellsområda kring Alpane og Pyrenéane. Røya er ein god matfisk og blir rekna som delikatesse i Nord-Norge. Han blir noko bruka i landbasert fiskoppdrett.   Les meir …
Eit svalgangsnaust er eit naust der eine langsida, som typisk sett gjerne vender mot sør (eller unna vêret), har ein open svalgang som bl.a. fungerer som lufte- og tørkeplass for børnskap og anna. Den største konsentrasjonen av attvarande svalgangsnaust er på Nordre Nordmør, og da særleg Aure og Heim kommunar.   Les meir …

I dag er det torsdag den 18. april 2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

 

Musikk

Joan Baptista Josep Cabanilles (katal.) eller Juan Bautista José Cabanilles (sp.) (f. 6. september 1644 i Algemesí, d. 29. april 1712 i Valencia) var ein katalansk barokkomponist, organist og katolsk prest. Han blir rekna som den störste barokkomponisten i Spania, og han blir somme gonger kalla «den spanske Bach».   Les meir …
N77210 - Spinett - Benjamin Slade - foto Olav Nyhus.jpg
Eit spinett (it., spinetta, sp./pt. spineta, fr. épinette) er ein type cembalo der klaviaturet står på skrå av strengene. Instrumentet har gjerne tilnærma trekanta form sett ovafrå. Det eldste spinettet vi veit om vart bygd i 1631 av Hieronymus de Zentis. Av praktiske grunnar har spinett berre eitt strengregister, og den begrensa størrelsen på resonanskassen gjer òg at spinettet kjem best til sin rett i mindre rom. Spinettet har vore mest bruka i private heimar, der overkommeleg pris og lite plassbehov gjerne er meir avgjerande enn ein stor klang som ber godt.   Les meir …

 

Mat

25453 Empetrum nigrum.jpg
Krekling eller krækjebær (Empetrum nigrum) er ei lita, eviggrøn plante i kreklingslekta i lyngfamilien. Ho er kjent for dei blåsvarte, etande bæra sine. Planta trivst i myrområde, høgfjell og i gran- og furuskog. I Norge er arten svært utbreidd heilt opp til 1 800 moh. I Nord-Norge er bæra til krekling kjent som krøyk, krøkebær eller krykkjebær. Bæra har lite smak, men eignar seg godt til å laga saft eller gelé.   Les meir …
7859cr pepparkakor.jpg
Pepparkakor (sv.; nyn. peparkakor, peparkaker; bm. pepperkaker; da. peberkager) er ein sort tynne, sprøde kakor som får den krydra smaken sin frå ingefær og minst eitt anna krydder, men ikkje allveg peppar. Frå tidleg på 1800-talet har pepparkakor særlig vorte assosiert med jula i Skandinavia, men dei blir etne i andre samenhengar og på andre tider av året òg. Den 9. desember er «pepparkakans dag» i Sverige. Den første dokumenterte bakinga og etinga av pepparkakor i Skandinavia fann stad seinhausten 1335, trulig på Båhus festning på den davarande grensa mellom Norge og Sverige: Reknskapa for råvareinnkjøpa til bryllaupet mellom kong Magnus Eriksson av Sverige, Norge og Skåne og Blanca av Namur opplyser tydelig at dei baka pepparkakor.   Les meir …
Hjell-oversikt.arj.jpeg
Tørrfisk (nyn. turrfisk; nyn./bm. tørrfisk; sv. torrfisk; da. tørfisk) eller stokkfisk (sv. stockfisk; da. stokfisk) er osalta fisk som er naturlig tørka av sol og vind på hjell eller, sjeldnare, tørka inne i eigne tørkeri. Å tørke mat er den eldste kjente konserveringsmetoden i verda, og tørka fisk er haldbar på årsvis. Metoden er billig òg — det kan gjerast av fiskaren sjølv, og det gjer fisken enklare å transportere til marknaden. Tørking av fisk er kjent frå gamle tider i Norge; ordet «torsk» kjem frå det norrøne þurskr, som er ei ihoptrekt form av þurrfiskr (‘tørrfisk’). Tørrfisken er den vara Norge har eksportert lengst, og han er, attmed råoljen, naturgassen og inntektene frå handelsfloten, den samfunnsøkonomisk mest lønsame eksportvara gjenom hundreåra. Fisk som er salta og flattørka blir kalla kleppfisk.   Les meir …

Språk

El Avenir.jpg
Djudeospanjol, òg skreve judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanjol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanjol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.   Les meir …

Arnold Dalen: «Den trønderske lina i norsk målreising»
  Overskrifta på denne artikkelen føresett at den fins noko som heiter ei trøndersk line i den norske målreisinga og at den har hatt sine representantar her i landsdelen opp gjennom den nyare språkhistoria, og at dei har vori dominerande i målrørsla her. Ein kan sjølvsagt innvende mot ei slik framstilling at ein i Trøndelag som i andre landsdelar har hatt representantar for ulike syn på korleis det nynorske skriftmålet skulle utvikle seg, og vi har hatt både dei som har hørt heime blant dei nasjonale puristane og dei som har stått for ei liberal folkemålsline. Det gir likevel meining å tale om ei trøndersk line i denne samanhengen dersom ein dreg fram dei trønderske målmennene — og det er nok her berre snakk om menn — som har markert seg tydelegast i arbeidet for norsk mål, og denne lina kan ein seie er prega av eit demokratisk, jordnært og udogmatisk målsyn.   Les meir …

C04018 Snaaasen gaerjagaaetie.jpg
Sørsamisk er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbredelsesområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Norge og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Norge blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk.   Les meir …


Andre nettsidMal:Or

Esnoga.no

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no