Alnakka.net:Forsida

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 18:48 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
<< juli >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31
2020

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 487 artiklar og 6 272 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

I dag er det torsdag den 9. juli 2020

I jødedommen er det tanganít tammúz (17. tammúz).  Bahá’íar markerer martyriet til Báben.  

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

 

Religion og livssyn

Synagoge Neve Shalom Altona.jpg
Kahal Kados Newe Salom, eller Esnogaen i Altona, vart bygd etter løyve av 22. mars 1771 frå kong Christian VII av Danmark-Norge etter ein petisjon frå dei 18 portugisarjødiske familiane der, og innvigd den 6. september samma året. Esnogaen, som låg i bakgården til Bäckerstraße 12–14 (novarande Hoheschulstraße), vart bruka av det portugisarjødiske samfunnet i Altona fram til det vart oppløyst i 1882. Bygninga vart selt til Det høgtysk-israelittiske samfunnet i Altona i 1887. I 1940 vart bygninga ekspropriert til Hamborg by og reven.   Les meir …
Seder Zerangím er den første av de seks sedarím i Misjná og i kommentarverka Talmúd jerusjalmí og Talmúd bablí. Seder Zerangím inneheld elleve massekhtót som, med unntak av den første, alle handlar om halakhá (jødisk religiøs lov) om landbruk i Ereṣ Jisraél (landet Israel). I Jerusjalmí blir alle de 11 massekhtót kommentert, medan den meir urbant orienterte Bablí berre inkluderer kommentarar til den meir generelle Massékhet Berakhót.   Les meir …
Golden temple.jpg
Harimandir Sāhib, òg skreve Harmandir Sāhib og Har Mandir; eller Sri Darbār Sāhib; og mest kjent under tilnamnet Det gylne tempelet, er sikhismens heligaste stad og valfartsmål for sikhar frå heile verda. Denne gurduārāen vart bygd av den femte sikh-gurūen, gurū Ardjan Dēv, for å huse Gurū Granth Sāhib, sikhane si helige skrift.   Les meir …
Bahá’íar må, i følgje Bahá’u’lláh, seie minst éi av tre openberra obligatoriske bøner (salāt på arabisk). I boka Kitáb-i-Aqdas pålegg Bahá’u’lláh bahá’íloven om ei obligatorisk dagleg bøn som blir lesen av kvar bahá’í åleine. I Kitáb-i-Aqdas skriv han òg at den obligatoriske bøna fanst nerskreven på ein anna tavle. Tavla som inneheldt denne obligatoriske bøna vart ikkje frigjeven til bahá’íane i Bahá’u’lláh sine dagar, og denne bøna vart utbytt med tre obligatoriske bøner av Bahá’u’lláh. Etter at Bahá’u’lláh dødde, vart teksten ått den opprinnelege bøna teken av Mírzá Muhammad `Alí.   Les meir …
Floekirkja.jpg
Fløan kirkje var ei mellomalderkirkje som låg på FløanSkatval i Stjørdalen, kring 12 km nordvest for novarande Stjørdal sentrum. Kirkja er dendrokronologisk datert til 1420. Første gongen ho er nemnt i skriftlige kjeldor er i Aslak Bolts jordebok frå 1432. I 1589 vart kirkja formelt nedlagt, og frå den tida sokna Fløan til Skatval kirkje. I tida fram mot midten av 1800-talet stod kirkja stort sétt obruka, og i 1851 reiv den davarande gardbrukaren på Fløan Mellom ned kirkja for å bruke tømmeret til låven sin. Fløan kirkje var bygd av lafta tømmer og var ei av dei få mellomalderkirkjone i Skandinavia som vart bygd med sinknov.   Les meir …

Naturfag

Vulpes vulpes standing in snow.jpg
Vanlig rev (Vulpes vulpes), med fargevariantane raudrev (vanlegast), korsrev og sølvrev, er eit rovdyr av hundefamilien. Reven er vanleg i store deler av Eurasia og Nord-Amerika, og i mindre grad i Nord-Afrika, og i tillegg er han innført til Australia. Det er beskreve fleire underartar, men slektskapsforholda er osikre.   Les meir …
Seder Zerangím er den første av de seks sedarím i Misjná og i kommentarverka Talmúd jerusjalmí og Talmúd bablí. Seder Zerangím inneheld elleve massekhtót som, med unntak av den første, alle handlar om halakhá (jødisk religiøs lov) om landbruk i Ereṣ Jisraél (landet Israel). I Jerusjalmí blir alle de 11 massekhtót kommentert, medan den meir urbant orienterte Bablí berre inkluderer kommentarar til den meir generelle Massékhet Berakhót.   Les meir …
25453 Empetrum nigrum.jpg
Krekling eller krækjebær (Empetrum nigrum) er ei lita, eviggrøn plante i kreklingslekta i lyngfamilien. Ho er kjent for dei blåsvarte, etande bæra sine. Planta trivst i myrområde, høgfjell og i gran- og furuskog. I Norge er arten svært utbreidd heilt opp til 1 800 moh. I Nord-Norge er bæra til krekling kjent som krøyk, krøkebær eller krykkjebær. Bæra har lite smak, men eignar seg godt til å laga saft eller gelé.   Les meir …

Kystkultur

Oktant.jpg
Ein oktant (frå lat. octans, ‘⅛ av ein sirkel’) eller ein reflekterande kvadrant er eit geometrisk måleinstrument som først og fremst blir bruka i navigasjon. Namnet oktant kjem av at sjølve bogan på måleinstrumentet utgjer ein åttedels sirkel, og namnet reflekterande kvadrant viser til at instrumentet brukar spegel for å doble den observerte vinkelen til ein fjerdedels sirkel. Andre historiske namn inkluderer astroskop og sjykvadrant. Oktantane kom i bruk som navigasjonsinstrument i 1730-åra og tok etterkvart over den rollen som kvadranten, og i mindre grad òg framleis jakobsstaven, hadde hatt tidlegare.   Les meir …
Magnetisk deviasjon er det avviket ein må justere for i kompasskursen ombord på ein båt, eit skip eller eit luftfarty som kjem frå magnetismen i sjølve fartyet. Deviasjonen kan ha positivt eller negativt fortekn. Han vil òg endre seg etter kursen til fartyet, slik at det må settast opp ein tabell (eller kurve) som viser deviasjonen for olike retningar.   Les meir …
Magdalena og de tvende Doetre Krsund.jpg
Ein slupp er ei lita seglskute, oftast med éi todelt master med gaffelsegl og tre forsegl. Han har permanent baugspryd eller klyverbom. Sluppen vart i store trekk bygd og rigga som ein kutter, men var oftast mindre enn kutterane.   Les meir …

Musikk

Sarod.jpg
Ein sarōd (hindī सरोद, bānglā সরোদ) er eit indisk klimpreinstrument som truleg er utvikla frå senya-rebaben, eit indisk/persisk instrument som vart spela i India fram til 1800-talet. Sarōden er eit lutt-liknande instrument med kropp av eitt emne av indisk mahogny eller teak med gripebrett av stål utan tverrband. Kroppen av instrumentet er trekt med geitskinn, og stolen står i press mellom strengene og geitskinnslokket. Sarōden har fire spelestrenger, seks rytme- og grunntonestrenger og 15 resonansstrenger. Ein klimprar på strengene med ein «djaba» — eit plekter laga av kokosnøtt.   Les meir …
Stainer-fiolin (1658).jpg
Vanleg fiolin eller fele, òg kalla flatfele eller tyskfele, er eit strykeinstrument i fiolinfamilien. Fiolinen har fire strenger, som vanlegvis er stemt g d' a' e" , og i motsetning til hardingfela har han normalt ikkje understrenger. Tradisjonelt har fiolinen vorte bruka til både klassisk musikk og folkemusikk/gammeldans. I samband med folkemusikk blir han oftast kalla fele — og gjerne flatfele eller tyskfele for å skilje mellom fiolin og hardingfele. I dag blir fiolinen bruka i dei fleste musikktypane.   Les meir …
Antonio Chainho.jpg
Guitarra portuguesa (pt.) eller portugisisk gitar (nyn./bm./da.; sv. portugisisk gitarr) er eit 6-kors, 12-strenga klimpreinstrument av cistertype. Tidleg på 1800-talet var olike variantar av open stemming vanleg, men utover 1800-talet har stemminga ddʹ aaʹ hhʹ eʹeʹ aʹaʹ hʹhʹ (Lisboa) eller ccʹ ggʹ aaʹ dʹdʹ gʹgʹ aʹaʹ (Coimbra) teke meir og meir over. Guitarra portuguesa, som har vorte standardisert til to hovudvariantar i løpet av første halvdelen av 1900-talet, blir særlig bruka i den portugisiske musikkgenren fado — typisk i eit ensemble med ein songar, ein guitarra portuguesa og ein gitar.   Les meir …

Mat og helse

20060700 waffle with icecream and raspberries.jpg
Ei vaffel (fleirtal: vaflar), òg kalla bakels (Nordmør, Romsdal, Budal, Østerdalen, Odal og Solør) og raffelkaku (Trøndelag), er ei tjukkvorda, oftast noko luftig, pannekake som er steikt i eit jarn med meir eller mindre grovt rutemønster eller anna grovt mønster. Vaflar kan vara rektangulære (typisk for nederlandske og belgiske vaflar), runde (typisk mange plassar i Nord-Amerika) eller runde med underdeling i fire eller fem hjarteforma vaflar (typisk for skandinaviske vaflar). Blant portugisarjødar er vaflar tradisjonell ḥanukkámat.   Les meir …
Bimuelos er populær ḥanukkámat blant sefardím frå Balkan og mange andre plassar. Ordet bimuelos, som òg kan bli skrive bumuelos, birmuelos, bermuelos, burmuelos eller bulemas, er djudíospanjol og heng ihop med spansk «bunuelo»; i Tyrkia seier ein òg lokmas, og i Hellas λουκουμαδες (loukoumades).   Les meir …
Kugl eller kigl (jid. קוּגל), òg skreve kugel, er ein asjkenazisk pudding. Dei to mest kjente typane kugl er buljbekugl, eller potetpudding, og lokshnkugl, eller eggnudel-pudding. Kugl blir særleg servert på shabbes (sjabbát) og jontev (jom tob). Ein variant for peisech (pesaḥ) er matsekugl.   Les meir …
Lungor (pulmones) er det sentrale organet i åndedrettssystemet blant luftpustande virveldyr. Dei to lungone ligg i brysthola, på kvar si side av brystskiljeveggen (metadiastinum). Dei har form som tresidige pyramidar og kviler på dei to kuplane av mellomgolvet. Innvendig i lungone finn vi bronkietreet, som inneheld mange millionar lungeblæror (alveolar) og er ansvarlig for avsetninga av karbondioksid frå blodet og tilførselen av oksygen til blodet — ein prosess som er absolutt nødvendig for stoffskiftet.   Les meir …

Språk

El Avenir.jpg
Djudeospanjol, òg skreve judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanjol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanjol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.   Les meir …

Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av skandinavisk som blir tala på Nordmør, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i mestparten av Hemne og Snillfjord kommunar i Fosen. Nordmørsdialekten, som i lag med fosendialekten og ytre namdalsmål blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trønder, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, olik böying av sterke og svake hokjønsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, og dativ (ikkje i bymål, mest i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dem som er fødd etter kring 1970).   Les meir …

Ganander Grammatica Lapponica (1743).png
Henrik Johansson Ganander (f. i Åbo (Turku) i Finland, d. 1752 i Sjundeå (Siuntio) i Finland), òg skreve Henricus Ganander Abœnsis, var ein finlandsk prest som er mest kjent for verket Grammatica Lapponica (1743) — ein samisk grammatikk med grunnlag i tornesamisk, den sørvestlegaste hovuddialekten av nordsamisk. Frå 1731 til 1744 var Henrik Ganander kapellan i Karesuando ved det som i dag er grensa mellom Sverige og Finland. Frå 1743 til han dødde i 1752 var han kyrkoherde i Sjundeå (Siuntio) i Sør-Finland, kring 4 mil vestom Helsingfors.   Les meir …


Andre nettsidor

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no