Alnakka.net:Forsida

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 30. april 2020 kl. 16:00 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
<< april >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30
2024

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 494 artiklar og 6 274 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

I dag er det onsdag den 24. april 2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

Abigail Rebecca Samuda (f. 24. april 1810, d. 2. april 1907 i Heathcroft i London), oftast omtala som A.R. Samuda, Abigail Samuda eller berre Miss Samuda, vart fødd som eldste barnet ått Simha (Joy) de Hananel Lopes Pereira alias Aguilar og Ost- og Vestindia-handlaren Abraham de Samuda. Abigail var ein ivrig kunstmålar. Ho tala fire språk flytande og etterlet seg kring 30 manuskript med omsettingar til engelsk, inkludert dei fleste verka av Heinrich Zschokke, som ho sette særleg høgt. Ho skreiv fleire dikt som vart tonsett av Emanuel Aguilar og andre. Ho dødde den 2. april 1907 i Heathcroft i London, i huset til sin gode ven og svigerson Jose de Sola Pinto, far ått litteraturvitaren Vivian de Sola Pinto.   Les meir …

Religion og livssyn

Franz Reinhold 001.jpg
Der Türkische Tempel (ty.), eller Det tyrkiske tempelet, låg i Zirkusgasse 22 i 2. Wiener Gemeindebezirk Leopoldstadt. Han vart oppført i 18851887 i nymaurisk stil etter tekningar av arkitekten Hugo von Wiedenfeld og innvigd i 1888. Der Türkische Tempel var esnogaen for det sefardiske samfunnet i Wien fram til han vart rasert av austerrikske pøblar under Krystallnatta den 9. november 1938.   Les meir …
Massekhet Tanganit 28b.jpg
Talmúd bablí eller Talmúd bavlí, òg kalla Den babylonske Talmúd, Bavli eller rett og slett Talmúd, er eit kommentarverk til Misjná som vart redigert i det novarande Irak kring år 550, men utvida vidare fram til kring 700. Talmúd bablí spreidde seg fort i mizraḥiske, sefardiske og asjkenaziske kretsar, og frå 1000-talet vart Talmúd bablí sett på som den normative kjelda til den muntlege Toráen i de fleste retningane av jødedommen.   Les meir …
Hargobind Singh.jpg
Gurū Hari Gōbindh djī (19. juni 15953. mars 1644), òg skreve Har Gobind, Har Gobindh og Hargobind, var den sjette av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 25. mai 1606 som etterfölgjar etter far sin, gurū Ardjan Dev dji. Före gurū Hari Gōbindh dødde, utnemnte han gurū Hari Rāi, barnebarnet sitt, som den neste sikh-gurūen.   Les meir …
Grameen Yunus Dec 04.jpg
Muhammad Yunus (Bengali: মুহাম্মদ ইউনুস [Muhammod Iunus]) (fødd 28. juni 1940 i Chittagong) er ein muslimsk økonom frå Bangladesh. Han har utvikla omgrepet mikrokreditt — å gje småe lån for å starte opp næringsverksamheit til folk som er for fattige til å få vanlege banklån. Yunus er grunnleggaren av Grameen Bank. Banken og Yunus delte Nobels fredspris i 2006, “for arbeidet deras for å skapa økonomisk og sosial utvikling nedafrå”. Han er den tredje bengalaren som har fått ein nobelpris, etter diktaren Rabindranath Tagore og økonomen Amartya Sen.   Les meir …
Unitarisk kristendom, òg kalla kristenunitarisme eller rett og slett unitarisme, er ei retning av kristendommen som byggjer på synet at Gud er strengt monoteistisk, og unitarane avviser som oftast idéen om ei likeverdig treeinigheit. Unitarismen held på eit absolutt dogmefritt syn — altså at tru er individuell og blir skapt i møtet mellom Gud og individet. Kvart menneske er ansvarleg for å tolke si tru individuelt, utan korrigerande læresetningar. Dette fører til at unitarar kan ha mange olike tolkingar av kristen tru og teologi.   Les meir …

Naturfag

Avena fatua1.jpg
Havre (Avena fatua el. Avena sativa) er ei plante av grasfamilien som har store frø (korn) som blir bruka til mat for dyr og menneske. Kornslaget toler relativt låge sommartemperaturar og mykje regn og har historisk vore spesielt mykje dyrka langs kysten av Nord-Europa. Havre er eit i all hovudsak glutenlaust kornslag som er i slekt med, men ikkje eitt av, dei fem kornslaga som kan bli ḥaméṣ og som derfor er forbodne under pesaḥ anna enn i form av maṣṣót. Etter klassisk sefardisk halakhá er det lov å bruke havre fritt under pesaḥ, så lenge som ein passar på at det ikkje er innblanding av noko av dei fem kornslaga som kan bli ḥaméṣ.   Les meir …
STN Cow.jpg
Sidot trønderfe og nordlandsfe (nyn. sidut t.; nyn./bm. sidet t., sidete t.) ofte forkorta til STN og òg kalla rørosfe, er ein svartsidot og kollot, mellomstor storferase frå Midt- og Nord-Norge med offisielt avgrensa opphav i Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag fylke og Nordland. Det tilsvarande tradisjonelle svartsidote og kollote storfeet på Nordmør vart derimot (av amts- og fylkesadministrative grunnar?) definert inn under vestlandsk fjordfe da rasane vart definert mot slutten av 1800-talet og utover 1900-talet. I Norrland i Sverige finst òg liknande dyr, som der blir kalla fjällkor eller svensk fjällras.   Les meir …
Moon.jpg
Månen (latin Luna; hebr. jaréaḥ (יָרֵֽחַ) el. lebaná (לְבָנָה)) er den naturlege satellitten til jorda og er synleg frå alle område på jorda. Månen er 3 476,2 km i diameter — det vil seie kring ¼ av jorda. Dette er ein ovanleg stor satellitt/planet-proporsjon og gjer at månen har merkbar innflytelse på jordbanen — og ikkje minst på tidevatnet i havet. Den tida månen brukar på eitt omløp kring jorda er konstant (29½ døgn), noko folk har bruka som ein praktisk målestokk for tidsrekning i ominnelege tider. Ordet månad er direkte avleidd av «måne».   Les meir …

Kystkultur

Specialkart over stroget om Engelvaer, Lovovaer, og Valsvaer...(1882).jpg
Eit draft eller eit sjøkart er eit kart over sjøområde med tilgrensande kyst der landdelen av kartet er lite detaljert, men med markering av landskapsformasjonar som er karakteristiske sétt frå sjøen. Eit hovudpoeng ved drafta, i tillegg til å vise konturen av land, holmar og skjer, er å oppgje detaljerte opplysningar om djupner ved full fjøro; tidlegare vart djupnene oppgjevne i famner, men frå innpå 1900-talet har norske draft gradvis gått over til å vise djupner i meter.   Les meir …
Chapman 1768 Schooner.jpg
Ein skonnert er eit sneiseglrigga seglskip med minst to mastrer. De tomastra skonnertane skil seg ut frå galeasar ved å ha stormastra som aktermaster. Skonnerten som skipstype vart utvikla på 1600-talet. De to- og tremastra skonnertane skil seg ut frå briggar og barkskip ved at stormastra primært er sneiseglrigga. Skonnerten kan seiast å representere overgangen frå råsegl til gaffelsegl.   Les meir …
Chapman 1768 Schooner.jpg
Ein toppseglskonnert er eit hovudsakleg sneiseglrigga seglskip med to mastrer. Som andre tomastra skonnertar har toppseglskonnerten fokkemaster og stormaster. I tillegg til sneisegla har toppseglskonnerten eitt råsegl som toppsegl på fokkemastra, og ofte òg på stormastra. Toppseglskonnerten var den vanlegaste skonnerttypen på 1700-talet.   Les meir …

Musikk

Sarod.jpg
Ein sarōd (hindī सरोद, bānglā সরোদ) er eit indisk klimpreinstrument som truleg er utvikla frå senya-rebaben, eit indisk/persisk instrument som vart spela i India fram til 1800-talet. Sarōden er eit lutt-liknande instrument med kropp av eitt emne av indisk mahogny eller teak med gripebrett av stål utan tverrband. Kroppen av instrumentet er trekt med geitskinn, og stolen står i press mellom strengene og geitskinnslokket. Sarōden har fire spelestrenger, seks rytme- og grunntonestrenger og 15 resonansstrenger. Ein klimprar på strengene med ein «djaba» — eit plekter laga av kokosnøtt.   Les meir …
Jean-Baptiste Forqueray (1699-1782).png
Gambe eller viola da gamba er fellesnamnet på dei olike strykeinstrumenta i gambefamilien. Gambefamilien har sitt nærmaste opphav i den spanske vihuelaen. Gambone skil seg frå instrumenta i fiolinfamilien ved at kroppen skrår mot halsen, ved at instrumenta normalt har 6–7 strenger heller enn 4, ved at stemminga er kvart- og tersbasert heller enn kvintbasert, ved at bogan blir bruka med underhandsteknikk heller enn overhandsteknikk og ved at ein oftast brukar tverrband på halsen.   Les meir …
Surabahar 2.jpg
Ein surbahār (hindī सुर बहार, urdū سربہار, /sur bahār/) eller bass-sitār er eit klimpreinstrument med åtte overstrenger og 15–17 understrenger som blir bruka i nordindisk klassisk musikk. Instrumentet blir spela med mizrāb (मिज़राब, fingerplekter) og liknar på sitār, men er vanlegvis stemt kring ein kvart til ein oktav djupare. Surbahāren er over 130 cm lang og har eit tørka graskar som ekstra resonator øvst på halsen. Halsen er laga av edeltre (enten Cedrela tuna eller teak) og har svært lange og høge tverrband som gjer glissandoar på opptil ein oktav mulig med å dra strengen innaför samma grepet.   Les meir …

Mat og helse

20060700 waffle with icecream and raspberries.jpg
Ei vaffel (fleirtal: vaflar), òg kalla bakels (Nordmør, Romsdal, Budal, Østerdalen, Odal og Solør) og raffelkaku (Trøndelag), er ei tjukkvorda, oftast noko luftig, pannekake som er steikt i eit jarn med meir eller mindre grovt rutemønster eller anna grovt mønster. Vaflar kan vara rektangulære (typisk for nederlandske og belgiske vaflar), runde (typisk mange plassar i Nord-Amerika) eller runde med underdeling i fire eller fem hjarteforma vaflar (typisk for skandinaviske vaflar). Blant portugisarjødar er vaflar tradisjonell ḥanukkámat.   Les meir …
Avlettjern 013.jpg
Jønnbrød eller avlettor, òg kalla tynnbakels somme plassar, er ein type tynne og sprøde kakor laga av ei røre av vatn, fløyte/rømme og mjøl og blir i våre dagar ofte steikt i krumkakejarn — eller enkelte plassar i litt tjukkare utgåve i gorojarn. I tidlegare tider vart jønnbrøda steikt i grua, så dei riktig gamle jønnbrødjønna (avlettjarna, tynnbakelsjarna) har oftast veldig lange skaft. I nyare tid har jønnbrødjønna vorte tilpassa kjøkenkomfyren, så dei nyare jarna ser ut på lag som vanlege krumkakejarn eller bakelsjarn (vaffeljarn) utvendig.   Les meir …
Kugl eller kigl (jid. קוּגל), òg skreve kugel, er ein asjkenazisk pudding. Dei to mest kjente typane kugl er buljbekugl, eller potetpudding, og lokshnkugl, eller eggnudel-pudding. Kugl blir særleg servert på shabbes (sjabbát) og jontev (jom tob). Ein variant for peisech (pesaḥ) er matsekugl.   Les meir …
Ephraim Wolff Koritzinsky (òg stava «Efraim») (18831942) var ein jødisk kirurg som blant anna arbeidde som overlege ved Kristiansund Sykehus (1920–33) og ved Trondhjem Sykehus (1933–41). Han var kjent som ein rettskaffen og frittalande mann. Ephraim Wolff Koritzinsky vart fødd den 20. juni 1883 i Karlstad i Värmland i 1883 av föreldra Abraham Josef Koritzinsky (1858–1928) og Pauline Abrahamson (1858–1908). Han gikk på skule i Hamborg frå 1894 til 1898 og tok norsk artium i 1901. Han avla medisinsk embetseksamen i 1909. Frå 1912 kombinerte han eigen privatpraksis med eit årsvikariat ved Kristiansund Sykehus.   Les meir …

Språk

El Avenir.jpg
Djudeospanjol, òg skreve judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanjol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanjol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.   Les meir …

Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av skandinavisk som blir tala på Nordmør, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i mestparten av Hemne og Snillfjord kommunar i Fosen. Nordmørsdialekten, som i lag med fosendialekten og ytre namdalsmål blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trønder, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, olik böying av sterke og svake hokjønsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, og dativ (ikkje i bymål, mest i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dem som er fødd etter kring 1970).   Les meir …

Israel Ruong (f. 26. mai 1903, d. 6. april 1986) var ein pitesamisk språkforskar, politikar og professor i samisk språk og kultur ved Uppsala universitet. Israel Ruong vart fødd i Arjeplog i 1903. Foreldra var kateketar og bufaste i Harrok ved innsjøen Labbas. Foreldra og fleire sysken omkom i spanskesjuka som ramma Arjeplog i 1920. Oppveksten i Harrok blir utførleg skildra i artikkelen «Harrok : ett samiskt nybygge i Pite Lappmark», som er utgjeven i Kultur på karrig jord : festskrift til Asbjørn Nesheim. Han tok lærarutdaning i Luleå og arbeidde som lærar ved Nomadskolan i Jukkasjärvi. Fagleg sétt arbeidde Ruong elles med olike aspekt av samiske språk òg, og særleg med morfologien.   Les meir …


Andre nettsidMal:Or

Esnoga.no

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no