Alnakka.net:Forsida

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 1. april 2020 kl. 04:46 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
<< april >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30
2024

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 494 artiklar og 6 274 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

Religion og livssyn

Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første portugisarjødiske gudstjenesta vi faktisk veit om, fann stad i 1695, da Samuel Teixeira og familien hans var i København på grunn av forretningar. Det hadde ikkje vorte søkt om tillatelse til å ha gudstjeneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstjenestor og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var Jacob Abensur med familie og, frå 1692, Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702 og Jakob Franco i 1705. Begge var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen.   Les meir …
Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed fölgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …
Karma (sanskrit: कर्म, frå rota kri, ‘å gjera’, ‘gjerning’) er eit omgrep i fleire austlege religionar. Karma er summen av alt eit individ har gjort eller gjer. Karma verkar inn på framtidige hendelsar og gjev individet ansvar for eige liv. I religionar med reinkarnasjon omfattar karma tidlegare og framtidige liv òg.   Les meir …
Dia7275 Ali Akbar Khan r.jpg
Ustād Ali Akbar Khan (bengali আলী আকবর খাঁ, f. 14. april 1922, d. 18. juni 2009), ofte kalla Khansahib, var ein musikar i Maihar-gharānāen av hindustani klassisk musikk som først og fremst var kjent som ein virtuos sarōdspelar. Ustād Ali Akbar Khan spela ein avgjerande rolle i arbeidet for å gjera indisk klassisk musikk populær i Vesten, både som utøvar (ofte i lag med Ravi Shankar) og som lærar. Han grunnla ein musikkskule i Kolkata i 1956, og i 1967 sette han i gang Ali Akbar College of Music, som no har San Rafael i California som hovudsete og ei avdeling i Basel i Sveits. I tillegg til arbeidet sitt som utøvar og komponist innafor det tradisjonelle rāga-systemet er Ali Akbar Khan kjent som filmmusikk-komponist.   Les meir …
Unitarisk kristendom, òg kalla kristenunitarisme eller rett og slett unitarisme, er ei retning av kristendommen som byggjer på synet at Gud er strengt monoteistisk, og unitarane avviser som oftast idéen om ei likeverdig treeinigheit. Unitarismen held på eit absolutt dogmefritt syn — altså at tru er individuell og blir skapt i møtet mellom Gud og individet. Kvart menneske er ansvarleg for å tolke si tru individuelt, utan korrigerande læresetningar. Dette fører til at unitarar kan ha mange olike tolkingar av kristen tru og teologi.   Les meir …

Naturfag

Bieszczady Flora.jpg
Blåbær (Vaccinium myrtillus) er ein dvergbusk som tilhører lyngfamilien. Blåbærlyng blir 10–50 cm høgt. Det har grøne, kantote greiner som blir brunaktige og vedote etterkvart, med tynne, elliptiske, takkote, lysegrøne blad som blir felt om hausten. Om våren får lynget grønkvite til raudlege, krukkeforma blomstrar. Desse blomstrane utviklar seg vidare til saftige bær som varierer i farge frå mörkeblåe til svarte bær på den eine sida til kvitaktig blåe bær på den andre. Blåbæra er tradisjonelt ettertrakta til safting og sylting, og ho var ei viktig råvare i matauken i Skandinavia i tidlegare tider. Næringsverdien var lenge rekna som moderat, men nyare forsking har vist at bæra er svært rik på antioksidantar.   Les meir …
Vaccinium uliginosum (Sinikas2 2008-2).jpg
Blokkbær (nyn./bm. blokkebær) eller skinntryte (Vaccinium uliginosum) er ein dvergbusk i samma slekta som blåbær, tyttebær og tranebær. Blokkbær liknar mykje på blåbær, men skil seg blant anna ut med at busken har brun bark heller enn grøn, at blada har glatte kantar og tydelig bleikare underside, og at fruktkjøttet er fargelaust til kvitaktig heller enn raudlilla til svart.   Les meir …
Knight Megaloceros.jpg
Irsk kjempehjort (Megaloceros giganteus) er ein utdødd, stor hjorteart som levde frå kring 400 000 år sidan og fram mot yngre steinalder. Det yngste karbondaterte eksemplaret til no levde kring 5 700 fvt. Utbredelsesområdet var store deler av Eurasia — frå Irland i vest til austom Baikalsjøen i Sibir i aust. Namnet irsk kjempehjort har han fått fordi dei fleste skjelettfunna er gjort i irske torvmyrar. Med ei skulderhøgd på kring 200 cm var den irske kjempehjorten på lag jamnstor med alaskaelg, og geviret på bukkane var det storste geviret som er kjent blant nån nolevande eller utdødde hjortedyr.   Les meir …

Kystkultur

Specialkart over stroget om Engelvaer, Lovovaer, og Valsvaer...(1882).jpg
Eit draft eller eit sjøkart er eit kart over sjøområde med tilgrensande kyst der landdelen av kartet er lite detaljert, men med markering av landskapsformasjonar som er karakteristiske sétt frå sjøen. Eit hovudpoeng ved drafta, i tillegg til å vise konturen av land, holmar og skjer, er å oppgje detaljerte opplysningar om djupner ved full fjøro; tidlegare vart djupnene oppgjevne i famner, men frå innpå 1900-talet har norske draft gradvis gått over til å vise djupner i meter.   Les meir …
Magnetisk deviasjon er det avviket ein må justere for i kompasskursen ombord på ein båt, eit skip eller eit luftfarty som kjem frå magnetismen i sjølve fartyet. Deviasjonen kan ha positivt eller negativt fortekn. Han vil òg endre seg etter kursen til fartyet, slik at det må settast opp ein tabell (eller kurve) som viser deviasjonen for olike retningar.   Les meir …
Chapman 1768 Schooner.jpg
Ein skonnert er eit sneiseglrigga seglskip med minst to mastrer. De tomastra skonnertane skil seg ut frå galeasar ved å ha stormastra som aktermaster. Skonnerten som skipstype vart utvikla på 1600-talet. De to- og tremastra skonnertane skil seg ut frå briggar og barkskip ved at stormastra primært er sneiseglrigga. Skonnerten kan seiast å representere overgangen frå råsegl til gaffelsegl.   Les meir …

I dag er det tisdag den 23. april 2024

Den 23. april er det jørnadagen etter primstaven.  I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

 

Musikk

 

Mat

Jødekakor (nyn./bm. jødekaker; da. jødekager; sv. judekakor) eller jødebrød (sv. judebröd) er det vanlege namnet på ei gruppe småkakor med sefardisk opphav i skandinavisk kokekunst. Da sefardiske kryptojødar fann vegen frå Spania og Portugal til Nord-Europa kring 1600- og 1700-talet, tok dei med seg element av iberisk sefardisk kultur — inkludert sefardisk (jødisk) og arabisk (muslimsk) kokekunst med sin bruk av sukker i tillegg til meir utbreidde søtstoff som honing og ymse typar fruktsirup. Eitt av dei elementa var småkakor baka med piska egg, sukker og vegetabilsk olje (for eksempel olivenolje) som basis. Karakteristisk for desse sefardiske småkakone er òg at det er minimalt med væske i dem.   Les meir …
Bourekas.jpg
Borecas svarar til börektyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drevne gatekjøken i Norge under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas.   Les meir …
15571 sildball.jpg
Sildball (lokal uttale sillbaill), òg kalla sildeball somme stader, er ein matrett som hovudsakleg blir bruka kring Ytre Nordmør og Fosen, men som òg blir noko bruka elles i Midt-Norge. Hovudingrediensane i sildball er sild (fersk sild eller spekesild), potet, løk og mjøl (oftast byggmjøl). Ingrediensane blir hakka eller ihopmolne til ein tjukk farse som så blir forma til kulor med ca 5–8 cm diameter og koka — ofte i lag med kålrabi og gulrøter — til dei flyt opp.   Les meir …

Språk

Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed fölgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …

Herjedalsk eller herjedalsmål er den tradisjonelle dialekten i landskapet Herjedalen, som sidan 1645 har lege i Sverige. Herjedalsmålet er nærmast i slekt med trøndsk og blir ofte kategorisert under norrländska i svensk språkvitskap. Dialekten har tjukk l (men ikkje av historisk ), palatalisert nn og ll, kløyvd infinitiv etter jamvektsregelen (å kaste; å gråvvå); full utjamning i de fleste jamvektsord (e hukku, e sluggu, en mågå, ha grivvi, ha lissi), monoftongisering av dei tre diftongane ei, öy og au; i-omlyd i presens av sterke verb (gnég, błés). I motsetning til alle andre dialektar av trøndsk har herjedalsmålet w- (ikkje kv-) av norrønt hv-. Andre særdrag inkluderer dei personlege pronomena for ‘eg’ og for ‘vi’. Dialekten har tradisjonelt hatt gjenomført dativ i bestemt form av substantiv.   Les meir …

Just Knud Qvigstad (f. 4. april 1853Lyngseidet; d. 15. mars 1957 i Tromsø) var rektor ved lærarhøgskulen i Tromsø, filolog, folklorist og forskar på samisk språk. Han var dessutan høgrepolitikar og statsråd for Kirkedepartementet. Enda meir oppsiktsvekkjande enn kor gammel han vart — han dødde knapt tre vekkor føre 104-årsdagen sin – er det ovanleg langvarige og innhaldsrike yrkeslivet hans. Den første vitskaplege publikasjonen hans kom ut i 1881, og den siste, om samiske kjærlegheitsfortelingar, vart trykt 72 år seinare, i 1953!   Les meir …


Andre nettsidMal:Or

Esnoga.no

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no