Alnakka.net:Forsida

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 1. april 2020 kl. 03:43 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
<< mars >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2
3 4 5 6 7 8 9
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22 23
24 25 26 27 28 29 30
31
2024

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 494 artiklar og 6 274 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

Religion og livssyn

David Nieto.jpg
David Nieto (16541728) var ḥakhám for det portugisarjødiske samfunnet i London. David Nieto vart fødd i Venezia i 1654. Han begynte yrkeskarrieren som dokter og som jødisk prekar i Livorno i Italia. Der skreiv han verket Paschologia (på italiensk; utg. Köln 1702), der han tok for seg olikheitene i kalenderutrekninga i de greske, romerske og jødiske trussamfunna og viste feilane som hadde sneke seg inn i den kristne kalenderen frå det første nikenarkonsiliet til 1692.   Les meir …
Karl Emil Franzos (f. 25. oktober 1848; d. 28. januar 1904) var ein austerriksk-jødisk forfattar og redaktør som særlig er kjent for å ha gjeve ut den første utgåva av Woyzeck (1879) og for å ha grunnlagt tidsskriftet Deutsche Dichtung. Karl Emil Franzos vart fødd den 25. oktober 1848 i Podolia i Ukraina av sefardisk far og Odessa-jødisk mor. Han vaks opp hovudsakleg i shtétlen Czortków in Galicja. Far hans, ein distriktslege, dødde tidleg, og etter at Karl Emil hadde fullført gymnaset i Czernowitz i Bukovina laut han arbeide som lærar for å försørgje seg sjølv og gjera seg klar til universitetsstudia. Han studerte juss ved universiteta i Wien og Graz, men etter at han bestod eksaminasjonen for statlige juristar, avbraut han den karrieren og begynte som journalist i staden.   Les meir …
Hargobind Singh.jpg
Gurū Hari Gōbindh djī (19. juni 15953. mars 1644), òg skreve Har Gobind, Har Gobindh og Hargobind, var den sjette av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 25. mai 1606 som etterfölgjar etter far sin, gurū Ardjan Dev dji. Före gurū Hari Gōbindh dødde, utnemnte han gurū Hari Rāi, barnebarnet sitt, som den neste sikh-gurūen.   Les meir …
Kruszyniany Mosque.jpg
Islām er ein av verdsreligionane. Han har utspring i Arabia og har mykje av læra si til felles med jødedommen og kristendommen. Islām er såleis rekna som ein av de abrahamittiske religionane. Han er den nest störste religionen i Norge. Tilhengarar av islām, kjent som muslimar, trur at Gud, eller (på arabisk) Allāh openberra seg for menneska gjenom Muḥammad og andre profetar, inkludert Adám, Nóaḥ, Ibrahim (Abrahám), Musa (Mosjé) og Jesus. Muslimar trur at Muḥammad var den siste av profetane og at bodskapen han bar vidare til menneska vil vara til qijamah, dommedag. I islandske annalar står det at det kom sendebod frå den muslimske sultanen i Tunis til Norge i 1260-åra, etter at kong Håkon Håkonsson tidlegare hadde sendt sine sendebod til sultanen med rike gåvor. Det er ikkje orimelig å tru at det har komme muslimar til Norge før detta òg. Men merkbare antal muslimar som bur i Norge har det ikkje vore før etter andre verdskrigen.   Les meir …
Unitarisk kristendom, òg kalla kristenunitarisme eller rett og slett unitarisme, er ei retning av kristendommen som byggjer på synet at Gud er strengt monoteistisk, og unitarane avviser som oftast idéen om ei likeverdig treeinigheit. Unitarismen held på eit absolutt dogmefritt syn — altså at tru er individuell og blir skapt i møtet mellom Gud og individet. Kvart menneske er ansvarleg for å tolke si tru individuelt, utan korrigerande læresetningar. Dette fører til at unitarar kan ha mange olike tolkingar av kristen tru og teologi.   Les meir …

Naturfag

Jakobsstaven av ComputerHotline.png
Jakobsstaven er eit stjernebilde med tre stjernor på rett line. Dette stjernebildet, som blant anna er kjent som Jakobsstavennorsk, svensk og dansk og som De tre vise männen på svensk, er òg kjent som Orions belte og inngår som ein asterisme (ein del av ein offisiell konstellasjon) av Orion, som i tidlegare tider òg har vore kalla Jakob.   Les meir …
Nordlys s.jpg
Polarlys (lat. Aurora polaris ) er eit naturfenomen som oppstår når solvinden er kraftigare enn normalt, med store elektriske utladingar som slyngar elektrisk ladde partiklar (elektron og proton) mot jorda. Når desse partiklane kolliderer med, og ioniserer, luftmolekyl i den ytre delen av atmosfæren (90 km til 150 km over bakkan), blir det produsert «dansande» (bølgjande) lys med olike fargar.   Les meir …
Earth-lighting-equinox EN.png
Haustjamdøgn (òg skreve haustjamdøger) og vårjamdøgn er dei døgna da natt og dag er like lange overalt på jorda. Etter haustjamdøgn blir dagane kortare og nettene lengre på den nordlege halvkula, der dagen ofte har markert begynnelsen av hausten. Det er vanleg å halde haustfestar kring denne tida, slik som sukkót i jødedommen og hausttakkefest i luthersk kristendom. I Japan er dagen ein offisiell høgtidsdag (秋分の日, Shūbun no hi) der ein besøkjer familiegravstader og held familieselskap.   Les meir …

Kystkultur

Jacobstaff.JPG
Ein jakobsstav (vanleg namn i samband med navigasjon) eller ein radius astronomicus (som måleinstrument i samband med astronomi) er eit enkelt måleinstrument som blir bruka til å måle vinkelavstanden mellom to objekt. I samband med navigasjon galdt dét i all hovudsak måling av høgda til sola eller polarstjerna over horisonten. Andre namn på jakobsstaven inkluderer gradboga og baculus Jacob. Den opprinnelege jakobsstaven vart utvikla som ein enkel redskap med éin tverrstav på 1300-talet og vart bruka til å gjera astronomiske målingar. Jakobsstaven vart først skildra av den jødiske matematikaren, astronomen og filosofen Leví ben Geresjón («Gersonides»).   Les meir …
Specialkart over stroget om Engelvaer, Lovovaer, og Valsvaer...(1882).jpg
Eit draft eller eit sjøkart er eit kart over sjøområde med tilgrensande kyst der landdelen av kartet er lite detaljert, men med markering av landskapsformasjonar som er karakteristiske sétt frå sjøen. Eit hovudpoeng ved drafta, i tillegg til å vise konturen av land, holmar og skjer, er å oppgje detaljerte opplysningar om djupner ved full fjøro; tidlegare vart djupnene oppgjevne i famner, men frå innpå 1900-talet har norske draft gradvis gått over til å vise djupner i meter.   Les meir …
Chapman 1768 Schooner.jpg
Ein skonnert er eit sneiseglrigga seglskip med minst to mastrer. De tomastra skonnertane skil seg ut frå galeasar ved å ha stormastra som aktermaster. Skonnerten som skipstype vart utvikla på 1600-talet. De to- og tremastra skonnertane skil seg ut frå briggar og barkskip ved at stormastra primært er sneiseglrigga. Skonnerten kan seiast å representere overgangen frå råsegl til gaffelsegl.   Les meir …

I dag er det fredag den 29. mars 2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

 

Musikk

 

Mat

Bourekas.jpg
Borecas svarar til börektyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drevne gatekjøken i Norge under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas.   Les meir …
Latkes (jid. לאַטקעס), eller frityrsteikte potetlappar, er ein asjkenazisk matrett. For de fleste asjkenazím er latkes den erketypiske ḥanukkámaten. I våre dagar blir latkes vanlegvis laga av raspa potetar, løk og egg og frityrsteikt i vegetabilsk olje. Ein serverer gjerne eplesaus (eplemos) og/eller rømme (evt. yoghurt) til.   Les meir …
3026 blandaball.jpg
Saltfiskball (utt. ["sɑļ:hƫfɪskˌbɑļ:] el. ["sɑļ:hƫfeskˌbɑļ:]) er ein fiske- og potetrett frå Romsdal, Ytre Nordmør og Fosen. Hovudingrediensane i blandaballen er saltfisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Saltfiskball er spesielt populær mat på SmølaNordmør.   Les meir …

Språk

El Avenir.jpg
Djudeospanjol, òg skreve judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanjol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanjol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.   Les meir …

Herjedalsk eller herjedalsmål er den tradisjonelle dialekten i landskapet Herjedalen, som sidan 1645 har lege i Sverige. Herjedalsmålet er nærmast i slekt med trøndsk og blir ofte kategorisert under norrländska i svensk språkvitskap. Dialekten har tjukk l (men ikkje av historisk ), palatalisert nn og ll, kløyvd infinitiv etter jamvektsregelen (å kaste; å gråvvå); full utjamning i de fleste jamvektsord (e hukku, e sluggu, en mågå, ha grivvi, ha lissi), monoftongisering av dei tre diftongane ei, öy og au; i-omlyd i presens av sterke verb (gnég, błés). I motsetning til alle andre dialektar av trøndsk har herjedalsmålet w- (ikkje kv-) av norrønt hv-. Andre særdrag inkluderer dei personlege pronomena for ‘eg’ og for ‘vi’. Dialekten har tradisjonelt hatt gjenomført dativ i bestemt form av substantiv.   Les meir …

Halász Ignácz eller Ignaz Fischer (f. 26. mai 1855 i Tés i Ungarn; d. 9. april 1901 i Budapest) var ein ungarsk-jødisk filolog som i Skandinavia særleg er kjent for arbeidet sitt med å dokumentere samiske språk. Ignaz Fischer vart fødd i Tés laurdag den 26. mai 1855. Han gikk på gymnas i Veszprim og Stuhlweissenburg og studerte så ved Universitetet i Budapest. Frå 1877 til 1892 underviste han ved overgymnaset i Stuhlweissenburg, og i 1893 vart han utnemnt til professor i ungarsk filologi ved Universitetet i Klausenburg. Mellom 1880 og 1890 sendte Det ungarske vitskapsakademiet han til Norge og Sverige for å gjera filologisk feltarbeid blant samane.   Les meir …


Andre nettsidMal:Or

Esnoga.no

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no