Alnakka.net:Forsida

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 30. mars 2020 kl. 15:18 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
<< april >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30
2024

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 494 artiklar og 6 274 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

Religion og livssyn

Adolph de Lemos (1897).jpg
Adolph de Lemos (1848; d. 25. mai 1900) var ein portugisarjødisk kjøpmann som opprinnelig kom frå Hamborg. Han er nemnt i folketelinga for 1875 under Drammen som tilfeldig besøkjande. I tida frå 1879 og fram til 1888 dreiv han som kjøpmann i Oslo, med unntak av desember 1880 til oktober 1881, da han hadde handelsborgarskap i Tromsø. I 1888 flytta familien til Hamborg att. Dei kom til Oslo att i 1898, to år føre Adolph dødde den 25. mai 1900.   Les meir …
Mengám longéz (מעם לועז) er eit 46-bandsverk med encyklopediske kommentarar til Tenákh som vart planlagt og påbegynt av ḥakhám Jangakób Kuli. Første bandet vart utgjeve i 1730. Ḥakhám Kuli sjølv døydde under arbeidet med kommentaren til Sefer Sjemót (2. mosebok) i 1732, men arbeidet vart fortsett av andre ḥakhamím og kom fram til 1777 ut i alt i alt 46 band.   Les meir …

 

 

 

Naturfag

 

Kystkultur

 

I dag er det fredag den 19. april 2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

 

Musikk

 

Mat

 

Språk

El Avenir.jpg
Djudeospanjol, òg skreve judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanjol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanjol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.   Les meir …

Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av skandinavisk som blir tala på Nordmør, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i mestparten av Hemne og Snillfjord kommunar i Fosen. Nordmørsdialekten, som i lag med fosendialekten og ytre namdalsmål blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trønder, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, olik böying av sterke og svake hokjønsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, og dativ (ikkje i bymål, mest i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dem som er fødd etter kring 1970).   Les meir …

Ganander Grammatica Lapponica (1743).png
Henrik Johansson Ganander (f. i Åbo (Turku) i Finland, d. 1752 i Sjundeå (Siuntio) i Finland), òg skreve Henricus Ganander Abœnsis, var ein finlandsk prest som er mest kjent for verket Grammatica Lapponica (1743) — ein samisk grammatikk med grunnlag i tornesamisk, den sørvestlegaste hovuddialekten av nordsamisk. Frå 1731 til 1744 var Henrik Ganander kapellan i Karesuando ved det som i dag er grensa mellom Sverige og Finland. Frå 1743 til han dødde i 1752 var han kyrkoherde i Sjundeå (Siuntio) i Sør-Finland, kring 4 mil vestom Helsingfors.   Les meir …


Andre nettsidMal:Or

Esnoga.no

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no