Alnakka.net:Forsida

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 28. april 2020 kl. 13:40 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
<< mars >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2
3 4 5 6 7 8 9
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22 23
24 25 26 27 28 29 30
31
2024

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 494 artiklar og 6 274 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

I dag er det torsdag den 28. mars 2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

DKPattammal-DKJayaraman-young.jpg
Damal Krishnaswamy Pattammal (Mal:Tam தமள் கிருஷ்ணசுவாமி பட்டம்மாள், f. 1919), best kjent under förkortingane DKP eller DK Pattammal, er ei av dei mest populære og respekterte songarinnone i karnatisk musikk. Ho og dei to samtidige Madurai Shanmukhavadivu Subbulakshmi og M.L. Vasanthakumari blir ofte kalla «den kvinnelige treeinigheita i karnatisk musikk». Damal Krishnaswamy Pattammal vart fødd den 28. mars 1919 i Kanchipuram i Tamil Nadu ått föreldra Damal Krishnaswamy Dikshitar og Rajammal. 14 år gammel heldt ho den første konserten sin i Mahila Samaj i Egmore. Ho vart snart kjent, og musikkarrieren hennar har vart i over 65 år.   Les meir …

Religion og livssyn

627 innocentiastr 37.jpg
Kahal Kados Bet Israel i Innocentiastraße i Harvestehude i Hamborg vart innvigd torsdagen den 14. mars 1935 kl. 20:00 som den siste synagogen som vart innvigd i Nazi-Tyskland. Ḥakhám (rabbinar) var Selomo Rodrigues Pereira.   Les meir …
Massekhet Tanganit 28b.jpg
Talmúd bablí eller Talmúd bavlí, òg kalla Den babylonske Talmúd, Bavli eller rett og slett Talmúd, er eit kommentarverk til Misjná som vart redigert i det novarande Irak kring år 550, men utvida vidare fram til kring 700. Talmúd bablí spreidde seg fort i mizraḥiske, sefardiske og asjkenaziske kretsar, og frå 1000-talet vart Talmúd bablí sett på som den normative kjelda til den muntlege Toráen i de fleste retningane av jødedommen.   Les meir …
Gurū Hari Rāi dji (26. februar 163030. mai 1661) var den sjuande av dei ti sikh-gurūane og vart guru den 8. mars 1644 som etterfølgjar etter bestefar sin, gurū Hari Gōbindh dji. Före gurū Hari Rāi dji dødde, utnemnte han gurū Hari Krisjan dji, sonen sin, som den neste sikh-gurūen.   Les meir …
Kruszyniany Mosque.jpg
Islām er ein av verdsreligionane. Han har utspring i Arabia og har mykje av læra si til felles med jødedommen og kristendommen. Islām er såleis rekna som ein av de abrahamittiske religionane. Han er den nest störste religionen i Norge. Tilhengarar av islām, kjent som muslimar, trur at Gud, eller (på arabisk) Allāh openberra seg for menneska gjenom Muḥammad og andre profetar, inkludert Adám, Nóaḥ, Ibrahim (Abrahám), Musa (Mosjé) og Jesus. Muslimar trur at Muḥammad var den siste av profetane og at bodskapen han bar vidare til menneska vil vara til qijamah, dommedag. I islandske annalar står det at det kom sendebod frå den muslimske sultanen i Tunis til Norge i 1260-åra, etter at kong Håkon Håkonsson tidlegare hadde sendt sine sendebod til sultanen med rike gåvor. Det er ikkje orimelig å tru at det har komme muslimar til Norge før detta òg. Men merkbare antal muslimar som bur i Norge har det ikkje vore før etter andre verdskrigen.   Les meir …
Unitarisk kristendom, òg kalla kristenunitarisme eller rett og slett unitarisme, er ei retning av kristendommen som byggjer på synet at Gud er strengt monoteistisk, og unitarane avviser som oftast idéen om ei likeverdig treeinigheit. Unitarismen held på eit absolutt dogmefritt syn — altså at tru er individuell og blir skapt i møtet mellom Gud og individet. Kvart menneske er ansvarleg for å tolke si tru individuelt, utan korrigerande læresetningar. Dette fører til at unitarar kan ha mange olike tolkingar av kristen tru og teologi.   Les meir …

Naturfag

Caribou.jpg
Karibu (innlånt til engelsk som caribou kring 1665, truleg frå mi'kmaq kaleboo), eller nordamerikansk rein, er fellesnamnet på fleire underartar av rein (Rangifer tarandus) som har sitt naturlige utbredelsesområde i Nord-Amerika og på Grønland. Dei nolevande underartane av karibuen er skogskaribu (Rangifer tarandus caribou), grønlandsrein (Rangifer tarandus groenlandicus) og pearykaribu (Rangifer tarandus pearyi). I tillegg blir alaskakaribu (Rangifer tarandus granti) medrekna, men det er osikkert om alaskakaribuen eigentlig bør reknast som ein eigen underart eller som populasjonar av grønlandsrein.   Les meir …
Atlantic Puffin.jpg
Lunde (Fratercula arctica) (nyn./bm./da.; norr./islandsk/fær. lundi, sv. lunne, fi. lunni, est. lunn) eller lundefugl (nyn./bm.; sv. lunnefågel), òg stundom kalla sjøpapegøye, er ein alkefugl som er kjennspak med det fargerike nebbet sitt. Langs Norskekysten har tradisjonelt lunde, alke og ærfugl vore dei økonomisk viktigaste sjøfuglslaga. Det norske namnet lunde, inkludert varianten lundefugl, så vel som det islandske og færøyske lundi kjem frå norrønt lundi. Ordet er innlånt i dansk som lunde og i svensk som lunne eller lunnefågel. Det finske lunni og estiske lunn er truleg lånt gjenom svensk. Det finst to hovudhypotesar om etymologien. Hjalmar Falk (1925) hevda at ordet heng ihop med nyislandsk lundir (‘kvite stripor i fjeset’), som i sin tur kjem frå norrønt lundir (‘kjøtt under ryggrada’). Adam Hyllested (2003, 2006) hevdar at ordet heller er eit norrønt lån frå samiske språk. Det generelle samiske namnet for fugl er ledtie (s.sam.), lådde (pites./lules.) el. loddi (n.sam.), som går tilbake til ei eldre samisk form *londe — jfr. kildinsamisk loann’t.   Les meir …
C06623crj Gadus morhua.jpg
Torsk (Gadus morhua) er den økonomisk viktigaste fisken i torskefamilien. Han sym langs heile Norskekysten, det sørlige Barentshavet, Nordsjøen og Skagerrak. Det finst to underartar: vandrande oseanisk torsk eller norsk-arktisk torsk, gjerne kalla skrei; og meir eller mindre stadbunden kysttorsk, òg kalla modd (var. modde, møydde). Fisknamnet torsk er ei samandraging av 'törrfisk'. Det har vorte dreve torskefiske langs Norskekysten sidan steinalderen. Det er kjent at sjøfarande hadde med seg tørka torsk på lange utferder, og alt i vikingtida eksporterte nordmenn den tørka fisken til Sør-Europa, særlig til Spania og Italia. Denne handelen har gått for seg i over tusen år utan avbrott og er framleis viktig. Törrfisken blir først og fremst produsert i Lofoten, der fisket etter gytemoden skrei finn stad på seinvinteren kvart år.   Les meir …

Kystkultur

Magnetisk deviasjon er det avviket ein må justere for i kompasskursen ombord på ein båt, eit skip eller eit luftfarty som kjem frå magnetismen i sjølve fartyet. Deviasjonen kan ha positivt eller negativt fortekn. Han vil òg endre seg etter kursen til fartyet, slik at det må settast opp ein tabell (eller kurve) som viser deviasjonen for olike retningar.   Les meir …
R0711 galeas ved Innlandet.jpg
Ein galeas er ei tomastra seglskute med sneiseglrigg på begge mastrene. Galeasar skil seg frå skonnertar ved at aktermastra (mesanmastra på galeasen) er kortare enn formastra (stormastra på galeasen). Galeasar har normalt akterspegel og er òg gjerne noko grovare bygd, med vekt på lasteevne heller enn hastigheit, og har ofte meir spring enn skonnerten. Ein del hardangerjakter vart omrigga til galeasar kring 1900.   Les meir …
Segleaattring1.jpg
Sunnmørsbåt er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmør og tildels Romsdal. Som havbåt var han i bruk fram til kring 1880. Mindre båtar vart bygd inn på 1900-talet. Sunnmørsbåtane er klinkbygd og har både årar og segl. Dei er særleg kjennetekna av skroget, som er snidbetna, og lårseglet. Dei eldste fysiske spora etter sunnmørsbåten har vore å finne på gamle hus – på naust, lødor og andre uthus. Båtmaterialane har vorte bruka på nytt etter at båten ikkje lenger kunne brukast på sjøen. Rekonstruksjon og oppmåling av båtdeler viser lite endring i byggjemåte og skrogform fram mot dei siste båtane som vart bygd. Båtbord og innved frå gamle hus har vorte bruka til å byggje oppatt båtar.   Les meir …

Musikk

Sallas erkelutt.jpg
Ein erkelutt (sp. archilaúd, it. arciliuto, en. archlute, ty. Erzlaute), somme gonger òg misvisande kalla teorbe (s.d.), er eit europeisk klimpreinstrument som vart utvikla kring år 1600 som eit kompromiss mellom den svært store teorben, som med størrelsen og den oktavkryssande stemminga si var vanskelig å bruke i solomusikk, og tenorlutten frå renessansen, som mangla bassregisteret til teorben. I og med at erkelutten i utgangspunktet er ein tenorlutt med ei noko kortare utgåve av halsforlenginga til teorben, manglar erkelutten den kraftfulle klangen i tenor- og bassregisteret som den større kroppen og oftast lengre halsen på teorben fører med seg. Erkelutten vart ofte bruka som soloinstrument på dei første tre fjerdedelene av 1600-talet, men er sjeldan nemnt som generalbassinstrument i denne perioden; teorben var det instrumentet i luttfamilien som inntok den rollen.   Les meir …
Viola d amore.jpg
Ein viola d'amore (it.) eller viole d'amour (fr.) er eit strykeinstrument av gambetypen med opp til sju vanlege strenger. Instrumentet er omtrent så stort som ein bratsj og blir halde mot kragabeinet på liknande vis som fiolin og bratsj. Den typiske seinbarokke og klassisistiske viola d’amore hadde seks eller sju overstrenger og eit varierande antal understrenger.   Les meir …
Stainer-fiolin (1658).jpg
Vanleg fiolin eller fele, òg kalla flatfele eller tyskfele, er eit strykeinstrument i fiolinfamilien. Fiolinen har fire strenger, som vanlegvis er stemt g d' a' e" , og i motsetning til hardingfela har han normalt ikkje understrenger. Tradisjonelt har fiolinen vorte bruka til både klassisk musikk og folkemusikk/gammeldans. I samband med folkemusikk blir han oftast kalla fele — og gjerne flatfele eller tyskfele for å skilje mellom fiolin og hardingfele. I dag blir fiolinen bruka i dei fleste musikktypane.   Les meir …

Mat og helse

Saupsuppe eller kjernemjølkssuppe er ei skandinavisk suppe med saup (kjernemjølk) som basis. Ein lagar jamning i gryta av mjøl og mjølk. Set det over varmen, og vispar godt til det kokar opp.   Les meir …
20060700 waffle with icecream and raspberries.jpg
Ei vaffel (fleirtal: vaflar), òg kalla bakels (Nordmør, Romsdal, Budal, Østerdalen, Odal og Solør) og raffelkaku (Trøndelag), er ei tjukkvorda, oftast noko luftig, pannekake som er steikt i eit jarn med meir eller mindre grovt rutemønster eller anna grovt mønster. Vaflar kan vara rektangulære (typisk for nederlandske og belgiske vaflar), runde (typisk mange plassar i Nord-Amerika) eller runde med underdeling i fire eller fem hjarteforma vaflar (typisk for skandinaviske vaflar). Blant portugisarjødar er vaflar tradisjonell ḥanukkámat.   Les meir …
Kugl eller kigl (jid. קוּגל), òg skreve kugel, er ein asjkenazisk pudding. Dei to mest kjente typane kugl er buljbekugl, eller potetpudding, og lokshnkugl, eller eggnudel-pudding. Kugl blir særleg servert på shabbes (sjabbát) og jontev (jom tob). Ein variant for peisech (pesaḥ) er matsekugl.   Les meir …
Naumann 292 Paganini.png
Marfans syndrom, òg kalla Marfan syndrom eller marfan, er ein bindevevssjukdom. Mest påfallande er som regel (men ikkje allveg) ovanlig lange lemmer. Sjukdommen påverkar andre kroppsstrukturar òg — inkludert skjelettet, lungone. augone, hjarta og blodkara — på mindre iaugefallande vis. Sjukdommen har namn etter Antoine Marfan, den franske barnedokteren som først skildra sjukdommen i 1896.   Les meir …

Språk

Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed fölgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …

Herjedalsk eller herjedalsmål er den tradisjonelle dialekten i landskapet Herjedalen, som sidan 1645 har lege i Sverige. Herjedalsmålet er nærmast i slekt med trøndsk og blir ofte kategorisert under norrländska i svensk språkvitskap. Dialekten har tjukk l (men ikkje av historisk ), palatalisert nn og ll, kløyvd infinitiv etter jamvektsregelen (å kaste; å gråvvå); full utjamning i de fleste jamvektsord (e hukku, e sluggu, en mågå, ha grivvi, ha lissi), monoftongisering av dei tre diftongane ei, öy og au; i-omlyd i presens av sterke verb (gnég, błés). I motsetning til alle andre dialektar av trøndsk har herjedalsmålet w- (ikkje kv-) av norrønt hv-. Andre særdrag inkluderer dei personlege pronomena for ‘eg’ og for ‘vi’. Dialekten har tradisjonelt hatt gjenomført dativ i bestemt form av substantiv.   Les meir …

C04018 Snaaasen gaerjagaaetie.jpg
Sørsamisk er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbredelsesområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Norge og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Norge blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk.   Les meir …


Andre nettsidMal:Or

Esnoga.no

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no