Alnakka.net:Forsida

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 18:26 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
<< april >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30
2024

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 494 artiklar og 6 274 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

I dag er det torsdag den 25. april 2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

 

Religion og livssyn

Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første portugisarjødiske gudstjenesta vi faktisk veit om, fann stad i 1695, da Samuel Teixeira og familien hans var i København på grunn av forretningar. Det hadde ikkje vorte søkt om tillatelse til å ha gudstjeneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstjenestor og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var Jacob Abensur med familie og, frå 1692, Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702 og Jakob Franco i 1705. Begge var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen.   Les meir …
Massekhet Tanganit 28b.jpg
Talmúd bablí eller Talmúd bavlí, òg kalla Den babylonske Talmúd, Bavli eller rett og slett Talmúd, er eit kommentarverk til Misjná som vart redigert i det novarande Irak kring år 550, men utvida vidare fram til kring 700. Talmúd bablí spreidde seg fort i mizraḥiske, sefardiske og asjkenaziske kretsar, og frå 1000-talet vart Talmúd bablí sett på som den normative kjelda til den muntlege Toráen i de fleste retningane av jødedommen.   Les meir …
Paranirvana.JPG
I buddhismen er parinirvāṇa (sanskrit: परिनिर्वाण) eller parinibbāṇa (pāḷi परिनिब्बाण), kjent som 般涅槃, bō niè pán, på kinesisk, den endelige nirvāṇaen. Vanligvis blir parinirvāṇa berre rekna som mulig når kroppen til ein person som har oppnådd fullstendig bōdhi (opplysing) dør. Parinirvāṇa, som er det høgste målet i buddhistisk praksis, inneber at personen blir løyst frå bhavatjakra, saṁsāra, karma og atterføding; og dessutan blir alle verdslige fysiske og mentale element, eller skandhaer, oppløyst.   Les meir …
Ahmadiyya mosque Oslo.jpg
Aḥmadiyyā (urdū احمدیہ‎ [aḥmadiyyā]) er den religiøse rørsla som vart starta av Mirza Ghulam Aḥmad frå Qadian i Pandjāb i India. Mirza Ghulam Aḥmad var ein muslim som hevda å ha oppfylt kristne og islamske profeti og som erklærte seg for å vara mudjaddiden (reformatoren) av islām for den moderne tida. Aḥmadiyyāene reknar seg som muslimar, og Mirza Ghulam Aḥmad kalla rørsla si Aḥmadiyyā muslim djamāt (samfunn) og såg ho som ei revitalisering av, heller enn ei erstatning för, islām.   Les meir …
Floekirkja.jpg
Fløan kirkje var ei mellomalderkirkje som låg på FløanSkatval i Stjørdalen, kring 12 km nordvest for novarande Stjørdal sentrum. Kirkja er dendrokronologisk datert til 1420. Første gongen ho er nemnt i skriftlige kjeldor er i Aslak Bolts jordebok frå 1432. I 1589 vart kirkja formelt nedlagt, og frå den tida sokna Fløan til Skatval kirkje. I tida fram mot midten av 1800-talet stod kirkja stort sétt obruka, og i 1851 reiv den davarande gardbrukaren på Fløan Mellom ned kirkja for å bruke tømmeret til låven sin. Fløan kirkje var bygd av lafta tømmer og var ei av dei få mellomalderkirkjone i Skandinavia som vart bygd med sinknov.   Les meir …

Naturfag

20070818-0001-strolling reindeer.jpg
Rein eller reinsdyr (Rangifer tarandus), òg kalla karibu (caribou) i Nord-Amerika, er eit hjortdyr (Cervidae) i ordenen partåa hovdyr (Artiodactyla). Reinen lever i dei nordligaste landområda på jorda og greier seg fint i ekstrem kulde og djup sny. Reinen skil seg frå resten av hjortdyra med at hodyra òg har gevir. Den eurasiske reinen skil seg òg ut med å vara det einaste av hjortdyra som tradisjonelt blir utnytta som husdyr — hovudsakleg blant samar i Skandinavia og Nordvest-Russland så vel som blant fleire urfolk kring Uralfjella og i det nordlige Sibir. Reinen er ein art som først og fremst utmerker seg med det store geviret — både blant bukkar og simlor. Det finst fleire underartar som varierer i størrelse og utbredelse. Hovudtendensen er at dei sørlige underartane er fysisk större enn dei nordlige.   Les meir …
Iceland reindeer 1.jpg
På siste delen av 1700-talet vart det gjort forsøk på å sette i gang reindrift på Island, og i åra 17711787 så vel som kring 1850 vart det utsett rein fleire plassar der, inkludert sørvest, nord og aust på Island. Reinane vart innført frå Norge, og blant dem som stilte dyr til rådigheit veit vi i alle fall om fjellfinnen Peder Jansen, som selte seks reinar til kongen og forærte enda tretti til for det formålet. Peder Jansen vart prisa av amtmann Ole Hannibal Sommerfelt på vintertinget i Alta i 1789, og skriftet Et Par Ord (1790) byggjer på denne talen.   Les meir …
Tipula paludosa.jpg
Myhank (lat. Tipulidae) (nyn./bm. myhank, dial. mygghank, mehank, mohank o.a.), òg kalla stankelbein (nyn./bm. stankelbein, bm./da. stankelben) er ei gruppe store og tynne insekt med lange bein og karakteristisk lang snute. Dei er dei störste dyra i gruppa myggar og er utbreidd over store deler av verda. Dei blir rekna som ein av dei mest primitive familiane innaför tovengene, men myhankane med sine kring 10 500 skildra artar er likevel blant dei störste og mest suksessfulle delgruppone. I Norge er det kjent 93 artar.   Les meir …

Kystkultur

R0711 galeas ved Innlandet.jpg
Ein galeas er ei tomastra seglskute med sneiseglrigg på begge mastrene. Galeasar skil seg frå skonnertar ved at aktermastra (mesanmastra på galeasen) er kortare enn formastra (stormastra på galeasen). Galeasar har normalt akterspegel og er òg gjerne noko grovare bygd, med vekt på lasteevne heller enn hastigheit, og har ofte meir spring enn skonnerten. Ein del hardangerjakter vart omrigga til galeasar kring 1900.   Les meir …
Chapman 1768 Schooner.jpg
Ein toppseglskonnert er eit hovudsakleg sneiseglrigga seglskip med to mastrer. Som andre tomastra skonnertar har toppseglskonnerten fokkemaster og stormaster. I tillegg til sneisegla har toppseglskonnerten eitt råsegl som toppsegl på fokkemastra, og ofte òg på stormastra. Toppseglskonnerten var den vanlegaste skonnerttypen på 1700-talet.   Les meir …
Magdalena og de tvende Doetre Krsund.jpg
Ein slupp er ei lita seglskute, oftast med éi todelt master med gaffelsegl og tre forsegl. Han har permanent baugspryd eller klyverbom. Sluppen vart i store trekk bygd og rigga som ein kutter, men var oftast mindre enn kutterane.   Les meir …

Musikk

Jean-Baptiste Forqueray (1699-1782).png
Gambe eller viola da gamba er fellesnamnet på dei olike strykeinstrumenta i gambefamilien. Gambefamilien har sitt nærmaste opphav i den spanske vihuelaen. Gambone skil seg frå instrumenta i fiolinfamilien ved at kroppen skrår mot halsen, ved at instrumenta normalt har 6–7 strenger heller enn 4, ved at stemminga er kvart- og tersbasert heller enn kvintbasert, ved at bogan blir bruka med underhandsteknikk heller enn overhandsteknikk og ved at ein oftast brukar tverrband på halsen.   Les meir …
Stainer-fiolin (1658).jpg
Vanleg fiolin eller fele, òg kalla flatfele eller tyskfele, er eit strykeinstrument i fiolinfamilien. Fiolinen har fire strenger, som vanlegvis er stemt g d' a' e" , og i motsetning til hardingfela har han normalt ikkje understrenger. Tradisjonelt har fiolinen vorte bruka til både klassisk musikk og folkemusikk/gammeldans. I samband med folkemusikk blir han oftast kalla fele — og gjerne flatfele eller tyskfele for å skilje mellom fiolin og hardingfele. I dag blir fiolinen bruka i dei fleste musikktypane.   Les meir …
NF.1905-0145 klavikord Jansen 1763.jpg
Eit klavikord er eit tangentinstrument med strenger der tonen blir dana av stiftar som slår mot strengen og ligg mot strengen til ein slepper tangenten att, i motsetning til piano, der hammaren slår mot strengen og dett tilbake att med ein gong. Det finst tre hovudtypar av klavikord: bunde klavikord, der strengene er dempa på eine sida og kvar streng har to eller fleire stiftar med ulike tonehøgder; obunde klavikord, der strengene er dempa på eine sida og kvar streng har éin stift og ei tonehøgd; og cembal d'amour, som er eit obunde klavikord der strengene er odempa på begge sidor og stiften slår an strengen midt på slik at begge sidone kling med med samma tonehøgda. Klavikordet, som på 1700-talet i Skandinavia ofte rett og slett vart kalla claveer, var mest populært i Skandinavia, i tyskspråklege land og på Den iberiske halvøya. I Norge var klavikordet populært frå tidleg på 1600-talet og utover til nokre tiår innpå 1800-talet.   Les meir …

Mat og helse

Saupsuppe eller kjernemjølkssuppe er ei skandinavisk suppe med saup (kjernemjølk) som basis. Ein lagar jamning i gryta av mjøl og mjølk. Set det over varmen, og vispar godt til det kokar opp.   Les meir …
Bourekas.jpg
Borecas svarar til börektyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drevne gatekjøken i Norge under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas.   Les meir …
7859cr pepparkakor.jpg
Pepparkakor (sv.; nyn. peparkakor, peparkaker; bm. pepperkaker; da. peberkager) er ein sort tynne, sprøde kakor som får den krydra smaken sin frå ingefær og minst eitt anna krydder, men ikkje allveg peppar. Frå tidleg på 1800-talet har pepparkakor særlig vorte assosiert med jula i Skandinavia, men dei blir etne i andre samenhengar og på andre tider av året òg. Den 9. desember er «pepparkakans dag» i Sverige. Den første dokumenterte bakinga og etinga av pepparkakor i Skandinavia fann stad seinhausten 1335, trulig på Båhus festning på den davarande grensa mellom Norge og Sverige: Reknskapa for råvareinnkjøpa til bryllaupet mellom kong Magnus Eriksson av Sverige, Norge og Skåne og Blanca av Namur opplyser tydelig at dei baka pepparkakor.   Les meir …
Ephraim Wolff Koritzinsky (òg stava «Efraim») (18831942) var ein jødisk kirurg som blant anna arbeidde som overlege ved Kristiansund Sykehus (1920–33) og ved Trondhjem Sykehus (1933–41). Han var kjent som ein rettskaffen og frittalande mann. Ephraim Wolff Koritzinsky vart fødd den 20. juni 1883 i Karlstad i Värmland i 1883 av föreldra Abraham Josef Koritzinsky (1858–1928) og Pauline Abrahamson (1858–1908). Han gikk på skule i Hamborg frå 1894 til 1898 og tok norsk artium i 1901. Han avla medisinsk embetseksamen i 1909. Frå 1912 kombinerte han eigen privatpraksis med eit årsvikariat ved Kristiansund Sykehus.   Les meir …

Språk

El Avenir.jpg
Djudeospanjol, òg skreve judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanjol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanjol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.   Les meir …

Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av skandinavisk som blir tala på Nordmør, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i mestparten av Hemne og Snillfjord kommunar i Fosen. Nordmørsdialekten, som i lag med fosendialekten og ytre namdalsmål blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trønder, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, olik böying av sterke og svake hokjønsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, og dativ (ikkje i bymål, mest i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dem som er fødd etter kring 1970).   Les meir …

Just Knud Qvigstad (f. 4. april 1853Lyngseidet; d. 15. mars 1957 i Tromsø) var rektor ved lærarhøgskulen i Tromsø, filolog, folklorist og forskar på samisk språk. Han var dessutan høgrepolitikar og statsråd for Kirkedepartementet. Enda meir oppsiktsvekkjande enn kor gammel han vart — han dødde knapt tre vekkor føre 104-årsdagen sin – er det ovanleg langvarige og innhaldsrike yrkeslivet hans. Den første vitskaplege publikasjonen hans kom ut i 1881, og den siste, om samiske kjærlegheitsfortelingar, vart trykt 72 år seinare, i 1953!   Les meir …


Andre nettsidor

Esnoga.no

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no