Alnakka.net:Forsida

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 26. mars 2020 kl. 19:27 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
<< mars >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2
3 4 5 6 7 8 9
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22 23
24 25 26 27 28 29 30
31
2024

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 494 artiklar og 6 274 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

Religion og livssyn

Kahal Kados Bet Israel i Hamborg vart grunnlagt i 1652 da dei tre tidlegare portugisarjødiske menigheitene K”K Talmud Tora, K”K Keter Tora og K”K Nevé Salom slo seg i hop. Esnogaen vart bygd i sørvestenden av Alter Wall, der K”K Nevé Salom hadde halde til sidan 1612. Esnogaen vart selt til høgtyske jødar i 1835, og han brann ned fredagsmorgonen den 6. mai 1842 under den store Hamborgbrannen den 5.8. mai. Menigheita fortsette i provisoriske lokale heilt til den nye esnogaen i Zweite Marktstraße 6 stod klar i september 1855.   Les meir …
Bourekas.jpg
Borecas svarar til börektyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drevne gatekjøken i Norge under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas.   Les meir …
Sikh Gurus with Bhai Bala and Bhai Mardana.jpg
Gurū Nānak Dēv (gurmukhī ਗੁਰੂ ਨਾਨਕ ਦੇਵ, devanagari गुरु नानक [gurū nānak dēv]) (15. april 146922. september 1539), grunnleggaren av sikhismen og den første av de ti sikh-gurūane, vart fødd i landsbyen Talvandi Rai Bhoai, no kjent som Nankānā Sāhib, i nærheita av Lahår i det novarande Pakistan. Foreldra hans, Mehta Kalu og Mātā Tripat, var hinduar og haurde til kjøpmannskasten. Alt som gutunge var Nānak fascinert av religion, og ønsket hans om å oppdaga livsmysteriet førte han etterkvart ut på lange reisor.   Les meir …
Istanbul 5447.jpg
Ein minbar (arab. منبر‎, minbar; pl. manābir), òg skreve mimbar, eller minber (tyrk.), òg skreve mimber, er ein prekstol som tradisjonelt finst i moskéar. Minbaren ligg normalt lengst fram i moskéen, til høgre for mihrab — nisja som viser retninga til Makkah (Mekka). Han er oftast forma som ei bratt tropp som fører opp til ei lita plattform med spisst tak der imāmen (eller ein annan ḫaṭīb — talaren under fredagsgudstjenesta eller på andre høgtidsdagar) held ḫuṭbah (preka). Ordet al-minbar ligg elles til grunn for almemmar, det vest- og sentral-asjkenaziske ordet for tebá (lesarplattform) i synagogen.   Les meir …
Ganander Grammatica Lapponica (1743).png
Henrik Johansson Ganander (f. i Åbo (Turku) i Finland, d. 1752 i Sjundeå (Siuntio) i Finland), òg skreve Henricus Ganander Abœnsis, var ein finlandsk prest som er mest kjent for verket Grammatica Lapponica (1743) — ein samisk grammatikk med grunnlag i tornesamisk, den sørvestlegaste hovuddialekten av nordsamisk. Frå 1731 til 1744 var Henrik Ganander kapellan i Karesuando ved det som i dag er grensa mellom Sverige og Finland. Frå 1743 til han dødde i 1752 var han kyrkoherde i Sjundeå (Siuntio) i Sør-Finland, kring 4 mil vestom Helsingfors.   Les meir …

Biologi

 

Kystkultur

Skaarungen.jpeg
Ein åfjordsbåt eller åfjording er ein tradisjonell open, spissgatta ro- og seglbåt frå Fosen, Namdalen og området kring Trondheimsfjorden. Namnet «åfjordsbåt» kjem av at den viktigaste plassen der dessa båtane har vorte bygd er Åfjorden i Fosen. Typiske trekk for åfjordsbåten, som på Nordmør gjerne blir kalla grisbåt, er lang og grunn kjøl og rette og bratte stamnar. Åfjordsbåtane er tradisjonelt rigga med eit relativt høgt og smalt, symmetrisk råsegl. De störste båtane kan ha eit toppsegl òg.   Les meir …
Peder Clauſſøn (Friis): «Beſkriffuelſe. Om Siøfinnerne i beſynderlighed.»
  Siøfinnerne boe altid ved Fiørde / der ſom Fyrreſkouff oc Granneskouff nock ere / paa det de kunde hafue Brænde / Ved oc Tømmer til at bygge Skib aff / oc boe de udi ſmaa Huſe oc Hytter / huilcke halff parten ere i Jorden / dog ſomme hafue ſkiøne Huus oc Stufuer / oc naar de hafue udhugget Skoufuene paa et ſted / ſaa drage de fra deris Hus / oc til en anden Fiord / ſom ſkouff er / oc boe der / oc gifue til Kongen en liden rettighed om Aaret for ſamme Skoufue oc Vaaning / oc de bevare ſig intet met Jorden at forarbeide / derfor ſkeer det ſommeſteds ſønder i Nordland / at der ſom Finden drager fra / oc hafuer affhugget Skoufuen / der drage Norsk Folck til igien / oc pløye oc ſaae / oc giøre der ſkiønne Jorder aff. De hafue ſynderlig gaffn aff deris Skibbygning / fordi de ere gode Tømmermænd / oc bygge alle Nordfar Jacter oc Skibe hiemme hos dennem ſielfue ...   Les meir …
C01878crj Glomstadgeita.jpg
Omgrepet geitbåt viser vanlegvis til den tradisjonelle opne og oftast spissgatta ro- og seglbåttypen frå Nordmør og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til dei rundstamna vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstamna åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den veldig langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denne båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar.   Les meir …

I dag er det fredag den 29. mars 2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

Charles-Valentin Alkan.jpg
Charles-Valentin Alkan (18131888) var ein fransk-asjkenazisk komponist og ein av de störste pianovirtuosane i si levetid. Komposisjonane hans for piano solo er blant de vanskeligaste som nån gong er skrevne og blir relativt sjeldan oppført. Alkan vart fødd som Charles-Valentin Morhange den 30. november 1813 som eitt av de seks borna (fem brør og ei søster) i ein asjkenazisk familie i bydelen Marais i Paris.   Les meir …
Bhāi Lēhnā, mest kjent som gurū Angād Dēv dji (31. mars 150429. mars 1552) var den andre av dei ti sikh-gurūane. Gurū Angād Dēv vart gurū den 7. september 1539 som etterfølgjar etter gurū Nānak Dēv, som var grunnleggaren av sikhismen. Före gurū Angād Dēv dødde, utpekte han gurū Amar Dās som den tredje sikh-gurūen.   Les meir …

Musikk

Tom Tofteberg (16. mars 1946 i Oslo, d. 28. april 2001 i Oslo) var ein blokkfløytist som underviste ved davarande Institutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo og ved Norges Musikkhøgskole. Tom Tofteberg vart fødd i Oslo laurdag den 16. mars 1946 av foreldra Ingrid Andresen (1925–2014) frå Oslo og Arne Camillo Tofteberg (1923–2001) frå Borge i Østfold. Han gifta seg den 15. januar 1972 med musikk- og formingslærar Karin-Beate Mikkelsen (1947–2010) frå Oslo. Tofteberg medvirka som blokkfløytist ved mange konsertar kring i landet, inkludert i lag med cembalisten/organisten Ketil Haugsand, gambespelaren Betteke Groot, fløytisten Hans-Olav Gorset og kontratenoren Carl Høgset. Tom Tofteberg dødde laurdag den 28. april 2001 og vart gravlagt tisdag den 8. mai 2001 på Grefsen kirkegård.   Les meir …
FortepianoJAStein.jpg
Hammarklaver (nyn./bm.; bm. hammerklaver) eller fortepiano er eit instrument med strenger der tonen blir dana ved at ein trehammar, som regel dekt med eit lett dempande lag av lêr eller filt, slår an strengen og trekkjer seg unna strengene att; og der demparar stoppar tonen når ein slepper tangenten. I prinsippet er fortepiano på lag samma instrumenttypen som piano, men namna fortepiano og hammarklaver blir gjerne bruka om instrumenta frå dei første åra på 1700-talet og fram til tida kring 1830. Sist på 1700-talet og eit par tiår inn på 1800-talet vart det òg eksperimentert mykje med både instrumentform og teknikk, inkludert kabinettpianoet og lyrepianoet. Ein variant av fortepianoet som levde vidare langt utover 1800-talet var taffelpianoet.   Les meir …

 

Mat

Latkes (jid. לאַטקעס), eller frityrsteikte potetlappar, er ein asjkenazisk matrett. For de fleste asjkenazím er latkes den erketypiske ḥanukkámaten. I våre dagar blir latkes vanlegvis laga av raspa potetar, løk og egg og frityrsteikt i vegetabilsk olje. Ein serverer gjerne eplesaus (eplemos) og/eller rømme (evt. yoghurt) til.   Les meir …
C06623crj Gadus morhua.jpg
Torsk (Gadus morhua) er den økonomisk viktigaste fisken i torskefamilien. Han sym langs heile Norskekysten, det sørlige Barentshavet, Nordsjøen og Skagerrak. Det finst to underartar: vandrande oseanisk torsk eller norsk-arktisk torsk, gjerne kalla skrei; og meir eller mindre stadbunden kysttorsk, òg kalla modd (var. modde, møydde). Fisknamnet torsk er ei samandraging av 'törrfisk'. Det har vorte dreve torskefiske langs Norskekysten sidan steinalderen. Det er kjent at sjøfarande hadde med seg tørka torsk på lange utferder, og alt i vikingtida eksporterte nordmenn den tørka fisken til Sør-Europa, særlig til Spania og Italia. Denne handelen har gått for seg i over tusen år utan avbrott og er framleis viktig. Törrfisken blir først og fremst produsert i Lofoten, der fisket etter gytemoden skrei finn stad på seinvinteren kvart år.   Les meir …
Avlettjern 013.jpg
Jønnbrød eller avlettor, òg kalla tynnbakels somme plassar, er ein type tynne og sprøde kakor laga av ei røre av vatn, fløyte/rømme og mjøl og blir i våre dagar ofte steikt i krumkakejarn — eller enkelte plassar i litt tjukkare utgåve i gorojarn. I tidlegare tider vart jønnbrøda steikt i grua, så dei riktig gamle jønnbrødjønna (avlettjarna, tynnbakelsjarna) har oftast veldig lange skaft. I nyare tid har jønnbrødjønna vorte tilpassa kjøkenkomfyren, så dei nyare jarna ser ut på lag som vanlege krumkakejarn eller bakelsjarn (vaffeljarn) utvendig.   Les meir …

Språk

Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed fölgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …

Herjedalsk eller herjedalsmål er den tradisjonelle dialekten i landskapet Herjedalen, som sidan 1645 har lege i Sverige. Herjedalsmålet er nærmast i slekt med trøndsk og blir ofte kategorisert under norrländska i svensk språkvitskap. Dialekten har tjukk l (men ikkje av historisk ), palatalisert nn og ll, kløyvd infinitiv etter jamvektsregelen (å kaste; å gråvvå); full utjamning i de fleste jamvektsord (e hukku, e sluggu, en mågå, ha grivvi, ha lissi), monoftongisering av dei tre diftongane ei, öy og au; i-omlyd i presens av sterke verb (gnég, błés). I motsetning til alle andre dialektar av trøndsk har herjedalsmålet w- (ikkje kv-) av norrønt hv-. Andre særdrag inkluderer dei personlege pronomena for ‘eg’ og for ‘vi’. Dialekten har tradisjonelt hatt gjenomført dativ i bestemt form av substantiv.   Les meir …

Ganander Grammatica Lapponica (1743).png
Henrik Johansson Ganander (f. i Åbo (Turku) i Finland, d. 1752 i Sjundeå (Siuntio) i Finland), òg skreve Henricus Ganander Abœnsis, var ein finlandsk prest som er mest kjent for verket Grammatica Lapponica (1743) — ein samisk grammatikk med grunnlag i tornesamisk, den sørvestlegaste hovuddialekten av nordsamisk. Frå 1731 til 1744 var Henrik Ganander kapellan i Karesuando ved det som i dag er grensa mellom Sverige og Finland. Frå 1743 til han dødde i 1752 var han kyrkoherde i Sjundeå (Siuntio) i Sør-Finland, kring 4 mil vestom Helsingfors.   Les meir …


Andre nettsidMal:Or

Esnoga.no

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no