Alnakka.net:Forsida

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 26. mars 2020 kl. 19:25 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
<< mars >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2
3 4 5 6 7 8 9
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22 23
24 25 26 27 28 29 30
31
2024

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 494 artiklar og 6 274 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

Religion og livssyn

Ketubba Amsterdam 1718.jpg
Portugisarjødar (nyn.; bm./da. portugiserjøder) eller portugisjødar (nyn.; bm./da. portugisjøder; sv. portugisjudar) er ei gruppe av sefardím som har hovudopphavet sitt i dei sefardím som kom frå Spania og Portugal til Italia, Vest-Europa og Amerika frå sist på 1400-talet og fram til sist på 1700-talet. Portugisarjødane har eit karakteristisk ritual basert på ritualet på Den iberiske halvøya före utvisinga derifrå i 1490-åra, men òg med mange trekk frå dei italiensk-jødiske bené Roma og frå marokkanske sefardím. Portugisarjødane hadde varierande grad av innreise-, nærings- og busettingsrett i Danmark og Norge frå 1657 av. Ved den norske Grunnloven av 17. mai 1814 vart det innført fullt forbod mot innreise og opphald for alle jødar, men unntaket for portugisarjødane vart bekrefta att av Justisdepartementet den 4. november 1844 — seks år före heile jødeparagrafen vart oppheva.   Les meir …
Karl Emil Franzos (f. 25. oktober 1848; d. 28. januar 1904) var ein austerriksk-jødisk forfattar og redaktør som særlig er kjent for å ha gjeve ut den første utgåva av Woyzeck (1879) og for å ha grunnlagt tidsskriftet Deutsche Dichtung. Karl Emil Franzos vart fødd den 25. oktober 1848 i Podolia i Ukraina av sefardisk far og Odessa-jødisk mor. Han vaks opp hovudsakleg i shtétlen Czortków in Galicja. Far hans, ein distriktslege, dødde tidleg, og etter at Karl Emil hadde fullført gymnaset i Czernowitz i Bukovina laut han arbeide som lærar for å försørgje seg sjølv og gjera seg klar til universitetsstudia. Han studerte juss ved universiteta i Wien og Graz, men etter at han bestod eksaminasjonen for statlige juristar, avbraut han den karrieren og begynte som journalist i staden.   Les meir …
Bhāi Lēhnā, mest kjent som gurū Angād Dēv dji (31. mars 150429. mars 1552) var den andre av dei ti sikh-gurūane. Gurū Angād Dēv vart gurū den 7. september 1539 som etterfølgjar etter gurū Nānak Dēv, som var grunnleggaren av sikhismen. Före gurū Angād Dēv dødde, utpekte han gurū Amar Dās som den tredje sikh-gurūen.   Les meir …
Dia7275 Ali Akbar Khan r.jpg
Ustād Ali Akbar Khan (bengali আলী আকবর খাঁ, f. 14. april 1922, d. 18. juni 2009), ofte kalla Khansahib, var ein musikar i Maihar-gharānāen av hindustani klassisk musikk som først og fremst var kjent som ein virtuos sarōdspelar. Ustād Ali Akbar Khan spela ein avgjerande rolle i arbeidet for å gjera indisk klassisk musikk populær i Vesten, både som utøvar (ofte i lag med Ravi Shankar) og som lærar. Han grunnla ein musikkskule i Kolkata i 1956, og i 1967 sette han i gang Ali Akbar College of Music, som no har San Rafael i California som hovudsete og ei avdeling i Basel i Sveits. I tillegg til arbeidet sitt som utøvar og komponist innafor det tradisjonelle rāga-systemet er Ali Akbar Khan kjent som filmmusikk-komponist.   Les meir …
7361 St. Sunniva kirkje i Molde.jpg
St. Sunniva kirkje (nyn. St. Sunniva kyrkje, bm. St. Sunniva kirke) er kirkja til den katolske menigheita i Romsdal — og fram til 1954 òg Sunnmør — under Trondheim stift av Den katolske kirkja. Det første katolske kapellet i Molde, St. Sunniva kapell, vart innvigd i eit hus i Storgata 45 den 27. juli 1923, og menigheita vart formelt stifta den 23. juli 1933. Mal:DA Storgata 45 brann ner etter bombinga i 1940, vart kapellet i St. Carolus sjukehus, som hadde greidd seg gjenom bombinga, bruka som menigheitskirkje. Den novarande kirkja i Parkvn. 25 i Molde vart innvigd i 1957.   Les meir …

Biologi

 

Kystkultur

Milnbrygga Kristiansund.jpg
Norsk klippfiskmuseum ligg i Kristiansund og er etablert som ein del av Nordmøre Museum. Museet held til i Milnbrygga, ei autentisk kleppfiskbryggje frå midt på 1700-talet. Museet viser kossen kleppfiskproduksjonen har gått for seg i Norge gjenom meir enn 250 år. Til bryggja hører kleppfiskberg og vaskeplass for fisk. Anlegget ligg sentralt ved hamna, midt i bybildet i Kristiansund. Kvart år blir det arrangert bacalaofestival der, der firma og kleppfiskentusiastar konkurrerer om å laga den beste bacalaoen. På norsk blir ordet bacalao bruka om ein gryterett av kleppfisk.   Les meir …
C23050 aurgjeldsfyring.jpg
Aurgjeldgeit eller aurgjeldsgeit, òg kalla aurgjeldsbåt og rett og slett aurgjelding, er den nordlegaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er rigga enten med symmetrisk råsegl eller med lårsegl («geitbåtsegl»), i motsetning til søfjordingen og romsdalsgeita, som normalt allveg er rigga med lårsegl. Med unntak av dei mest alderdommelege båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestgjeld, inkludert Rodal og Engdal og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i det gamle Hemne prestgjeld, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen oppetter Trøndelag òg.   Les meir …
Eit svalgangsnaust er eit naust der eine langsida, som typisk sett gjerne vender mot sør (eller unna vêret), har ein open svalgang som bl.a. fungerer som lufte- og tørkeplass for børnskap og anna. Den største konsentrasjonen av attvarande svalgangsnaust er på Nordre Nordmør, og da særleg Aure og Heim kommunar.   Les meir …

I dag Mal:Er det torsdag den 28. mars 2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

[[28. mars|FødslMal:Ar og dødsfall, etableringMal:Ar og opphør ]]

DKPattammal-DKJayaraman-young.jpg
Damal Krishnaswamy Pattammal (Mal:Tam தமள் கிருஷ்ணசுவாமி பட்டம்மாள், f. 1919), best kjent under förkortingane DKP eller DK Pattammal, er ei av dei mest populære og respekterte songarinnone i karnatisk musikk. Ho og dei to samtidige Madurai Shanmukhavadivu Subbulakshmi og M.L. Vasanthakumari blir ofte kalla «den kvinnelige treeinigheita i karnatisk musikk». Damal Krishnaswamy Pattammal vart fødd den 28. mars 1919 i Kanchipuram i Tamil Nadu ått föreldra Damal Krishnaswamy Dikshitar og Rajammal. 14 år gammel heldt ho den første konserten sin i Mahila Samaj i Egmore. Ho vart snart kjent, og musikkarrieren hennar har vart i over 65 år.   Les meir …

Musikk

Spanish Synagogue Prague CZ 02.jpg
Eit pipeorgel (nyn./bm., sv. piporgel, da. pibeorgel) er eit tangentinstrument der tonane blir frambrakt av luft som blir pressa gjenom pipor av tre eller metall — enten ved spalteblåsing på samma viset som på blokkfløyte eller med rørblad på liknande vis som klarinett. Kvar pipe kan gje éi tonehøgd, og eitt sett av éi pipe per tangent i heile omfanget blir kalla ein stemme. Pipeorgla har vanlegvis mange stemmar med olik klangfarge, tonehøgd og styrke som kan brukast enkeltvis eller i kombinasjon med hjelp av registertrekk. Det kan vara éin eller fleire manualar (tangentrekkjor), og mange orgel har ei pedalrekkje òg. Pipeorgel er oftast store instrument som er fast plassert i bygningar. I nyare tid er pipeorgel særleg vanleg i kirkjor, men dei blir òg bruka i ein del esnogas (synagogar) og konsertsalar. Repertoaret inkluderer religiøs og verdsleg musikk. Ein person som spelar på pipeorgel blir oftast kalla organist.   Les meir …
Clavicembalo all8 Pisaurensis Venezia 1543.gif
Eit cembalo (frå it. clavicembalo) er eit tangentinstrument med strenger der tonen blir dana av plekter som knipsar strengen. Dei eldste cembaloa vi kjenner til vart bygd i Italia1300-talet. Cembaloet hadde storheitstida si frå 1500-talet til 1700-talet, da fortepianoet etterkvart tok over. Det finst fleire olike former av cembalo i tillegg til den vanlege, inkludert virginal (rektangulære instrument med klaviaturet på eine langsida, spinett (oftast meir eller mindre trekanta instrument med klaviaturet på skrå av strengene og klavicyterium, der strengene er loddrette.   Les meir …

 

Mat

Bimuelos er populær ḥanukkámat blant sefardím frå Balkan og mange andre plassar. Ordet bimuelos, som òg kan bli skrive bumuelos, birmuelos, bermuelos, burmuelos eller bulemas, er djudíospanjol og heng ihop med spansk «bunuelo»; i Tyrkia seier ein òg lokmas, og i Hellas λουκουμαδες (loukoumades).   Les meir …
Økokasjrút er læra om kva mat som er lovlig og etisk å eta ut frå både halakhá og ut frå eit breidare hensyn til økologi og berekraftig utvikling. Uttrykket økokasjrút vart først teke i bruk av Renewal-rabbinaren Zalman Schachter-Shalomi.   Les meir …
C01989 Langholmen (Aure kommune).jpg
Langholmen (D på Langholma) er eit fråflytta fiskevær på ei langstrekt samling av tettliggjande holmar utom Golmøya i Aure kommuneNordmør. Dei første fast busette vi veit om er registrert i kirkjebøkerne frå 1751 og framover, og dei siste fastbuande flytta frå Langholmen i 1970-åra. Været Langholmen, som opprinnelig haurde til Golmå, låg under væreigarar i Kristiansund i hundre år: under Christie-familien frå 1822 til 1910, og under Hans Christian Olaus Aass frå 1910 til 1923, da Langholmen kom på lokale hender.   Les meir …

Språk

Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed fölgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …

Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av skandinavisk som blir tala på Nordmør, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i mestparten av Hemne og Snillfjord kommunar i Fosen. Nordmørsdialekten, som i lag med fosendialekten og ytre namdalsmål blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trønder, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, olik böying av sterke og svake hokjønsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, og dativ (ikkje i bymål, mest i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dem som er fødd etter kring 1970).   Les meir …

Israel Ruong (f. 26. mai 1903, d. 6. april 1986) var ein pitesamisk språkforskar, politikar og professor i samisk språk og kultur ved Uppsala universitet. Israel Ruong vart fødd i Arjeplog i 1903. Foreldra var kateketar og bufaste i Harrok ved innsjøen Labbas. Foreldra og fleire sysken omkom i spanskesjuka som ramma Arjeplog i 1920. Oppveksten i Harrok blir utførleg skildra i artikkelen «Harrok : ett samiskt nybygge i Pite Lappmark», som er utgjeven i Kultur på karrig jord : festskrift til Asbjørn Nesheim. Han tok lærarutdaning i Luleå og arbeidde som lærar ved Nomadskolan i Jukkasjärvi. Fagleg sétt arbeidde Ruong elles med olike aspekt av samiske språk òg, og særleg med morfologien.   Les meir …


Andre nettsidMal:Or

Esnoga.no

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no