Alnakka.net:Forsida

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 17:52 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
<< mars >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2
3 4 5 6 7 8 9
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22 23
24 25 26 27 28 29 30
31
2024

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 494 artiklar og 6 274 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

I dag er det torsdag den 28. mars 2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

DKPattammal-DKJayaraman-young.jpg
Damal Krishnaswamy Pattammal (Mal:Tam தமள் கிருஷ்ணசுவாமி பட்டம்மாள், f. 1919), best kjent under förkortingane DKP eller DK Pattammal, er ei av dei mest populære og respekterte songarinnone i karnatisk musikk. Ho og dei to samtidige Madurai Shanmukhavadivu Subbulakshmi og M.L. Vasanthakumari blir ofte kalla «den kvinnelige treeinigheita i karnatisk musikk». Damal Krishnaswamy Pattammal vart fødd den 28. mars 1919 i Kanchipuram i Tamil Nadu ått föreldra Damal Krishnaswamy Dikshitar og Rajammal. 14 år gammel heldt ho den første konserten sin i Mahila Samaj i Egmore. Ho vart snart kjent, og musikkarrieren hennar har vart i over 65 år.   Les meir …

Religion og livssyn

627 innocentiastr 37.jpg
Kahal Kados Bet Israel i Innocentiastraße i Harvestehude i Hamborg vart innvigd torsdagen den 14. mars 1935 kl. 20:00 som den siste synagogen som vart innvigd i Nazi-Tyskland. Ḥakhám (rabbinar) var Selomo Rodrigues Pereira.   Les meir …
Seder Zerangím er den første av dei seks sedarím i Misjná og i kommentarverka Talmúd jerusjalmí og Talmúd bablí. Seder Zerangím inneheld elleve massekhtót som, med unntak av den første, alle handlar om halakhá (jødisk religiøs lov) om landbruk i Ereṣ Jisraél (landet Israel). I Jerusjalmí blir alle de 11 massekhtót kommentert, medan den meir urbant orienterte Bablí berre inkluderer kommentarar til den meir generelle Massékhet Berakhót.   Les meir …
Sikkim Prayer flags Babasteve.jpg
Buddhismen er ein religion eller filosofi basert på læra til Siddhārtha Gautama (sanskrit; på pāḷi: Siddhāttha Gōtama; oftast kalla Buddha), som levde kring år 500 fvt. og verka i Nord-India. Religionen spreidde seg til resten av Sør-, Sentral-, Søraust og Aust-Asia, der han tok opp i seg innfødde tradisjonar. I moderne tid har også mange menneske frå vestlige land vorte interessert i buddhismen. Med sine kring 379 millionar tilhengarar er buddhismen den fjerde største religionen i verda og blir rekna som ein av de store verdsreligionane. Læra tek utgangspunkt i livet vi lever på jorda (saṁsāra) som ein pinefull sirkel det er om å gjera å lausrive seg frå (nirvāṇa). Detta kan ein oppnå ved å gjera gode gjerningar og ved å oppnå klår tenking. Om ein klarar å opne augone for kossen livet på jorda er eit band som gjev mest smerte, vil ein kunne lausrive seg og oppnå ro, oppvakning og samtidig utsløkking. Den buddhistiske læra legg vekt på de grunnleggande reglane om å vise måtehald og unngå å skapa smerte.   Les meir …
Istanbul 5447.jpg
Ein minbar (arab. منبر‎, minbar; pl. manābir), òg skreve mimbar, eller minber (tyrk.), òg skreve mimber, er ein prekstol som tradisjonelt finst i moskéar. Minbaren ligg normalt lengst fram i moskéen, til høgre for mihrab — nisja som viser retninga til Makkah (Mekka). Han er oftast forma som ei bratt tropp som fører opp til ei lita plattform med spisst tak der imāmen (eller ein annan ḫaṭīb — talaren under fredagsgudstjenesta eller på andre høgtidsdagar) held ḫuṭbah (preka). Ordet al-minbar ligg elles til grunn for almemmar, det vest- og sentral-asjkenaziske ordet for tebá (lesarplattform) i synagogen.   Les meir …
Floekirkja.jpg
Fløan kirkje var ei mellomalderkirkje som låg på FløanSkatval i Stjørdalen, kring 12 km nordvest for novarande Stjørdal sentrum. Kirkja er dendrokronologisk datert til 1420. Første gongen ho er nemnt i skriftlige kjeldor er i Aslak Bolts jordebok frå 1432. I 1589 vart kirkja formelt nedlagt, og frå den tida sokna Fløan til Skatval kirkje. I tida fram mot midten av 1800-talet stod kirkja stort sétt obruka, og i 1851 reiv den davarande gardbrukaren på Fløan Mellom ned kirkja for å bruke tømmeret til låven sin. Fløan kirkje var bygd av lafta tømmer og var ei av dei få mellomalderkirkjone i Skandinavia som vart bygd med sinknov.   Les meir …

Naturfag

25453 Empetrum nigrum.jpg
Krekling eller krækjebær (Empetrum nigrum) er ei lita, eviggrøn plante i kreklingslekta i lyngfamilien. Ho er kjent for dei blåsvarte, etande bæra sine. Planta trivst i myrområde, høgfjell og i gran- og furuskog. I Norge er arten svært utbreidd heilt opp til 1 800 moh. I Nord-Norge er bæra til krekling kjent som krøyk, krøkebær eller krykkjebær. Bæra har lite smak, men eignar seg godt til å laga saft eller gelé.   Les meir …
C07766 norsk mjølkegeit.jpg
Norsk mjølkegeit (bm./nyn. n. mjølkegeit, bm. n. melkegeit, n. melkegjet; sv. norsk mjölkget; da. norsk mælkeged) er ein nyare samlerase for dei tidlegare norske mjølkgeitrasane. Opphavsrasane var først og fremst telemarksgeit (finbygd, kvit, oftast kolla), dølageit, vestlandsgeit og nordlandsgeit, og i tillegg noko innslag av saanengeit. Rasane vart ikkje offisielt ihopslegne føre tidleg i 1990-åra, og den norske mjølkgeita varierer enno mykje i størrelse og utsjånad. Både bukkane og geiterne kan vara horna eller kolla.   Les meir …
C05192cr nappakrok.jpg
Ein nappakrok eller ein høytjyv (nyn./bm. høytjuv, bm. høytyv) er ein harpunliknande redskap som blir bruka til å nappe ut høy frå hardtrappa høystål. Høyet skulle nappast ut slik at kanten av høyet stod som ein loddrett vegg. Dermed kunne ein følgje med forbruket utover vinteren. På midtvintersdagen (12. januar (somme sa den 16.)) skulle ikkje meir enn halvparten av høyet vara oppbruka.   Les meir …

Kystkultur

Jacobstaff.JPG
Ein jakobsstav (vanleg namn i samband med navigasjon) eller ein radius astronomicus (som måleinstrument i samband med astronomi) er eit enkelt måleinstrument som blir bruka til å måle vinkelavstanden mellom to objekt. I samband med navigasjon galdt dét i all hovudsak måling av høgda til sola eller polarstjerna over horisonten. Andre namn på jakobsstaven inkluderer gradboga og baculus Jacob. Den opprinnelege jakobsstaven vart utvikla som ein enkel redskap med éin tverrstav på 1300-talet og vart bruka til å gjera astronomiske målingar. Jakobsstaven vart først skildra av den jødiske matematikaren, astronomen og filosofen Leví ben Geresjón («Gersonides»).   Les meir …
Chapman 1768 Schooner.jpg
Ein skonnert er eit sneiseglrigga seglskip med minst to mastrer. De tomastra skonnertane skil seg ut frå galeasar ved å ha stormastra som aktermaster. Skonnerten som skipstype vart utvikla på 1600-talet. De to- og tremastra skonnertane skil seg ut frå briggar og barkskip ved at stormastra primært er sneiseglrigga. Skonnerten kan seiast å representere overgangen frå råsegl til gaffelsegl.   Les meir …
Segleaattring1.jpg
Sunnmørsbåt er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmør og tildels Romsdal. Som havbåt var han i bruk fram til kring 1880. Mindre båtar vart bygd inn på 1900-talet. Sunnmørsbåtane er klinkbygd og har både årar og segl. Dei er særleg kjennetekna av skroget, som er snidbetna, og lårseglet. Dei eldste fysiske spora etter sunnmørsbåten har vore å finne på gamle hus – på naust, lødor og andre uthus. Båtmaterialane har vorte bruka på nytt etter at båten ikkje lenger kunne brukast på sjøen. Rekonstruksjon og oppmåling av båtdeler viser lite endring i byggjemåte og skrogform fram mot dei siste båtane som vart bygd. Båtbord og innved frå gamle hus har vorte bruka til å byggje oppatt båtar.   Les meir …

Musikk

Tom Tofteberg (16. mars 1946 i Oslo, d. 28. april 2001 i Oslo) var ein blokkfløytist som underviste ved davarande Institutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo og ved Norges Musikkhøgskole. Tom Tofteberg vart fødd i Oslo laurdag den 16. mars 1946 av foreldra Ingrid Andresen (1925–2014) frå Oslo og Arne Camillo Tofteberg (1923–2001) frå Borge i Østfold. Han gifta seg den 15. januar 1972 med musikk- og formingslærar Karin-Beate Mikkelsen (1947–2010) frå Oslo. Tofteberg medvirka som blokkfløytist ved mange konsertar kring i landet, inkludert i lag med cembalisten/organisten Ketil Haugsand, gambespelaren Betteke Groot, fløytisten Hans-Olav Gorset og kontratenoren Carl Høgset. Tom Tofteberg dødde laurdag den 28. april 2001 og vart gravlagt tisdag den 8. mai 2001 på Grefsen kirkegård.   Les meir …
Sarod.jpg
Ein sarōd (hindī सरोद, bānglā সরোদ) er eit indisk klimpreinstrument som truleg er utvikla frå senya-rebaben, eit indisk/persisk instrument som vart spela i India fram til 1800-talet. Sarōden er eit lutt-liknande instrument med kropp av eitt emne av indisk mahogny eller teak med gripebrett av stål utan tverrband. Kroppen av instrumentet er trekt med geitskinn, og stolen står i press mellom strengene og geitskinnslokket. Sarōden har fire spelestrenger, seks rytme- og grunntonestrenger og 15 resonansstrenger. Ein klimprar på strengene med ein «djaba» — eit plekter laga av kokosnøtt.   Les meir …
Surabahar 2.jpg
Ein surbahār (hindī सुर बहार, urdū سربہار, /sur bahār/) eller bass-sitār er eit klimpreinstrument med åtte overstrenger og 15–17 understrenger som blir bruka i nordindisk klassisk musikk. Instrumentet blir spela med mizrāb (मिज़राब, fingerplekter) og liknar på sitār, men er vanlegvis stemt kring ein kvart til ein oktav djupare. Surbahāren er over 130 cm lang og har eit tørka graskar som ekstra resonator øvst på halsen. Halsen er laga av edeltre (enten Cedrela tuna eller teak) og har svært lange og høge tverrband som gjer glissandoar på opptil ein oktav mulig med å dra strengen innaför samma grepet.   Les meir …

Mat og helse

Samosa 1.jpg
Samōsā (hindī समोसा [sɐ'mo:sɑ:], marāṭhī सामोसा [sɑ:'mo:sɑ:]) er ein indisk matrett som består av trekanta, frityrsteikte porsjonspaiar med grønsaks- eller kjøttfyll, særlig med potet, løk og erter. Retten oppstod truleg i Uttar Pradesh og er no vanleg i India, Pakistan, Burma og nordetter til Uzbekistan. I tillegg kjenner vi han i andre land med indiske eller pakistanske innvandrarmiljø.   Les meir …
Avlettjern 013.jpg
Jønnbrød eller avlettor, òg kalla tynnbakels somme plassar, er ein type tynne og sprøde kakor laga av ei røre av vatn, fløyte/rømme og mjøl og blir i våre dagar ofte steikt i krumkakejarn — eller enkelte plassar i litt tjukkare utgåve i gorojarn. I tidlegare tider vart jønnbrøda steikt i grua, så dei riktig gamle jønnbrødjønna (avlettjarna, tynnbakelsjarna) har oftast veldig lange skaft. I nyare tid har jønnbrødjønna vorte tilpassa kjøkenkomfyren, så dei nyare jarna ser ut på lag som vanlege krumkakejarn eller bakelsjarn (vaffeljarn) utvendig.   Les meir …
Kugl eller kigl (jid. קוּגל), òg skreve kugel, er ein asjkenazisk pudding. Dei to mest kjente typane kugl er buljbekugl, eller potetpudding, og lokshnkugl, eller eggnudel-pudding. Kugl blir særleg servert på shabbes (sjabbát) og jontev (jom tob). Ein variant for peisech (pesaḥ) er matsekugl.   Les meir …
Opodeldok (opprinneleg opodelloch el. oppodeltoch), òg kjent som Linimentum opodeldoc el. Linimentum saponato-camphoratum (lat.) og sæbespiritus (dansk), er ein kamfersalve som vart oppfunnen, eller i det minste gjeven namn til, av den tyske dokteren og alkymisten Paracelsus (1493–1541). Det er ikkje kjent nøyaktig kva som låg til grunn for at Paracelsus velte akkurat namnet opodelloch for dette preparatet. Ein hypotese er at første delen av ordet er frå gresk ὀπὸς (‘plantesaft’). Kurt Peters har sett fram hypotesen at ordet er basert på deler frå orda opopanax (ein sort myrra), bdellium (Commiphora wightii) og aristolochia (holurt). I setelarkivet til Norsk Ordbok finst ordet frå Trøndelag i formene oppodældåkk (Trh.), op`pidældåkk (Fillan), oppidilldåkk (Frol), opidændåkk (Snillfjord) og opidendåkk (Hølonda).   Les meir …

Språk

Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed fölgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …

Arnold Dalen: «Den trønderske lina i norsk målreising»
  Overskrifta på denne artikkelen føresett at den fins noko som heiter ei trøndersk line i den norske målreisinga og at den har hatt sine representantar her i landsdelen opp gjennom den nyare språkhistoria, og at dei har vori dominerande i målrørsla her. Ein kan sjølvsagt innvende mot ei slik framstilling at ein i Trøndelag som i andre landsdelar har hatt representantar for ulike syn på korleis det nynorske skriftmålet skulle utvikle seg, og vi har hatt både dei som har hørt heime blant dei nasjonale puristane og dei som har stått for ei liberal folkemålsline. Det gir likevel meining å tale om ei trøndersk line i denne samanhengen dersom ein dreg fram dei trønderske målmennene — og det er nok her berre snakk om menn — som har markert seg tydelegast i arbeidet for norsk mål, og denne lina kan ein seie er prega av eit demokratisk, jordnært og udogmatisk målsyn.   Les meir …

Just Knud Qvigstad (f. 4. april 1853Lyngseidet; d. 15. mars 1957 i Tromsø) var rektor ved lærarhøgskulen i Tromsø, filolog, folklorist og forskar på samisk språk. Han var dessutan høgrepolitikar og statsråd for Kirkedepartementet. Enda meir oppsiktsvekkjande enn kor gammel han vart — han dødde knapt tre vekkor føre 104-årsdagen sin – er det ovanleg langvarige og innhaldsrike yrkeslivet hans. Den første vitskaplege publikasjonen hans kom ut i 1881, og den siste, om samiske kjærlegheitsfortelingar, vart trykt 72 år seinare, i 1953!   Les meir …


Andre nettsidor

Esnoga.no

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no