Alnakka.net:Forsida

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 1. april 2020 kl. 04:31 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
<< april >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30
2024

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 494 artiklar og 6 274 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

Religion og livssyn

Leon Lopez, òg skreve Leo(n) Lopes, var ein portugisarjødisk kjemikar og handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra. Da han og den asjkenaziske jøden Emanuel Philipsen frå Fredericia i Danmark vart arrestert på falskt grunnlag i Christiania i 1844, var ein del av resultatet at Høgsterett den 4. november 1844 for første gong sidan före Grunnlova vart vedteken i 1814 erklærte at portugisarjødar ikkje var å rekne som forbodne i riket.   Les meir …
Sjelomó ben Jiṣ’ḥák halleví (15321600) var ein framståande rabbinar i Salonica i Det osmanske riket. Han var torálærar i esnogaen for eksiljødane frå Évora i Portugal. Han er særlig kjent for tesjubót-verket Maharásj Leví, som han strukturerte i tråd med 4-bandsstrukturen i Arbangá turím. Maharásj Leví vart utgjeve posthumt i Salonica i 1652.   Les meir …
Golden temple.jpg
Harimandir Sāhib, òg skreve Harmandir Sāhib og Har Mandir; eller Sri Darbār Sāhib; og mest kjent under tilnamnet Det gylne tempelet, er sikhismens heligaste stad og valfartsmål for sikhar frå heile verda. Denne gurduārāen vart bygd av den femte sikh-gurūen, gurū Ardjan Dēv, for å huse Gurū Granth Sāhib, sikhane si helige skrift.   Les meir …
Ahmadiyya mosque Oslo.jpg
Aḥmadiyyā (urdū احمدیہ‎ [aḥmadiyyā]) er den religiøse rørsla som vart starta av Mirza Ghulam Aḥmad frå Qadian i Pandjāb i India. Mirza Ghulam Aḥmad var ein muslim som hevda å ha oppfylt kristne og islamske profeti og som erklærte seg for å vara mudjaddiden (reformatoren) av islām for den moderne tida. Aḥmadiyyāene reknar seg som muslimar, og Mirza Ghulam Aḥmad kalla rørsla si Aḥmadiyyā muslim djamāt (samfunn) og såg ho som ei revitalisering av, heller enn ei erstatning för, islām.   Les meir …
Unitarisk kristendom, òg kalla kristenunitarisme eller rett og slett unitarisme, er ei retning av kristendommen som byggjer på synet at Gud er strengt monoteistisk, og unitarane avviser som oftast idéen om ei likeverdig treeinigheit. Unitarismen held på eit absolutt dogmefritt syn — altså at tru er individuell og blir skapt i møtet mellom Gud og individet. Kvart menneske er ansvarleg for å tolke si tru individuelt, utan korrigerande læresetningar. Dette fører til at unitarar kan ha mange olike tolkingar av kristen tru og teologi.   Les meir …

Naturfag

 

Kystkultur

Oktant.jpg
Ein oktant (frå lat. octans, ‘⅛ av ein sirkel’) eller ein reflekterande kvadrant er eit geometrisk måleinstrument som først og fremst blir bruka i navigasjon. Namnet oktant kjem av at sjølve bogan på måleinstrumentet utgjer ein åttedels sirkel, og namnet reflekterande kvadrant viser til at instrumentet brukar spegel for å doble den observerte vinkelen til ein fjerdedels sirkel. Andre historiske namn inkluderer astroskop og sjykvadrant. Oktantane kom i bruk som navigasjonsinstrument i 1730-åra og tok etterkvart over den rollen som kvadranten, og i mindre grad òg framleis jakobsstaven, hadde hatt tidlegare.   Les meir …
Francois Roux Tartane fragment.jpg
Ein tartana (sp./katal./oksit./it.) eller tartane (fr.) er eit lett, vanlegvis einmastra farty med latinsegl og ei stor fokk mellom mastertoppen og baugsprydet. Somme tartanas har eit toppsegl til bruk i rom vind. Lengda varierer frå 14 til 25 meter (46–82 engelske fot). Tartanas var vanlege i det nordvestlege Middelhavet frå Sevilla i Spania via Provence til Italia frå 1600-talet og fram til slutten av 1800-talet.   Les meir …
Chapman 1768 Schooner.jpg
Ein skonnert er eit sneiseglrigga seglskip med minst to mastrer. De tomastra skonnertane skil seg ut frå galeasar ved å ha stormastra som aktermaster. Skonnerten som skipstype vart utvikla på 1600-talet. De to- og tremastra skonnertane skil seg ut frå briggar og barkskip ved at stormastra primært er sneiseglrigga. Skonnerten kan seiast å representere overgangen frå råsegl til gaffelsegl.   Les meir …

I dag er det laurdag den 20. april 2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

 

Musikk

 

Mat

3026 blandaball.jpg
Blandaball (utt. ["bɽɑɲ:aˌbɑʎ:]), stundom skreve blannaball, blainnabaill o.a., er ein fiske- og potetrett frå Romsdal, Ytre Nordmør og Fosen. Hovudingrediensane i blandaballen er ferskfisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Ball, og særlig blandaball, er spesielt populær mat i Kristiansund, og byen blir ofte spøkefullt kalla Baillsund.   Les meir …
15571 sildball.jpg
Sildball (lokal uttale sillbaill), òg kalla sildeball somme stader, er ein matrett som hovudsakleg blir bruka kring Ytre Nordmør og Fosen, men som òg blir noko bruka elles i Midt-Norge. Hovudingrediensane i sildball er sild (fersk sild eller spekesild), potet, løk og mjøl (oftast byggmjøl). Ingrediensane blir hakka eller ihopmolne til ein tjukk farse som så blir forma til kulor med ca 5–8 cm diameter og koka — ofte i lag med kålrabi og gulrøter — til dei flyt opp.   Les meir …
3026 blandaball.jpg
Saltfiskball (utt. ["sɑļ:hƫfɪskˌbɑļ:] el. ["sɑļ:hƫfeskˌbɑļ:]) er ein fiske- og potetrett frå Romsdal, Ytre Nordmør og Fosen. Hovudingrediensane i blandaballen er saltfisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Saltfiskball er spesielt populær mat på SmølaNordmør.   Les meir …

Språk

El Avenir.jpg
Djudeospanjol, òg skreve judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanjol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanjol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.   Les meir …

Herjedalsk eller herjedalsmål er den tradisjonelle dialekten i landskapet Herjedalen, som sidan 1645 har lege i Sverige. Herjedalsmålet er nærmast i slekt med trøndsk og blir ofte kategorisert under norrländska i svensk språkvitskap. Dialekten har tjukk l (men ikkje av historisk ), palatalisert nn og ll, kløyvd infinitiv etter jamvektsregelen (å kaste; å gråvvå); full utjamning i de fleste jamvektsord (e hukku, e sluggu, en mågå, ha grivvi, ha lissi), monoftongisering av dei tre diftongane ei, öy og au; i-omlyd i presens av sterke verb (gnég, błés). I motsetning til alle andre dialektar av trøndsk har herjedalsmålet w- (ikkje kv-) av norrønt hv-. Andre særdrag inkluderer dei personlege pronomena for ‘eg’ og for ‘vi’. Dialekten har tradisjonelt hatt gjenomført dativ i bestemt form av substantiv.   Les meir …

Ganander Grammatica Lapponica (1743).png
Henrik Johansson Ganander (f. i Åbo (Turku) i Finland, d. 1752 i Sjundeå (Siuntio) i Finland), òg skreve Henricus Ganander Abœnsis, var ein finlandsk prest som er mest kjent for verket Grammatica Lapponica (1743) — ein samisk grammatikk med grunnlag i tornesamisk, den sørvestlegaste hovuddialekten av nordsamisk. Frå 1731 til 1744 var Henrik Ganander kapellan i Karesuando ved det som i dag er grensa mellom Sverige og Finland. Frå 1743 til han dødde i 1752 var han kyrkoherde i Sjundeå (Siuntio) i Sør-Finland, kring 4 mil vestom Helsingfors.   Les meir …


Andre nettsidMal:Or

Esnoga.no

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no