Skilnad mellom versjonar av «Alnakka.net:Forsida»

Frå Alnakka.net
s (Utbyting av tekst - «{{or}}» til «or»)
Line 29: Line 29:
|}
|}


<h3 style="text-align:center">Andre nettsid{{or}}</h3>
<h3 style="text-align:center">Andre nettsidor</h3>


{{Andre nettstader}}
{{Andre nettstader}}

Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 02:49

<< april >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30
2024

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 494 artiklar og 6 274 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

I dag er det torsdag den 18. april 2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

 

Religion og livssyn

Bevis0007 s.jpg
Esnogaen i det som no er 5 Creechurch Lane i London vart innreidd i 1657 og var den første offisielle synagogen i England sidan utvisninga av jødane frå England i 1290. Denne esnogaen var i bruk fram til Bevis Marks-esnogaen vart innvigd i 1701.   Les meir …
Massekhet Tanganit 28b.jpg
Talmúd bablí eller Talmúd bavlí, òg kalla Den babylonske Talmúd, Bavli eller rett og slett Talmúd, er eit kommentarverk til Misjná som vart redigert i det novarande Irak kring år 550, men utvida vidare fram til kring 700. Talmúd bablí spreidde seg fort i mizraḥiske, sefardiske og asjkenaziske kretsar, og frå 1000-talet vart Talmúd bablí sett på som den normative kjelda til den muntlege Toráen i de fleste retningane av jødedommen.   Les meir …
GuruGranthSahib-HarimandirSahib.jpg
Gurmukhī (ਗੁਰਮੁਖੀ) er skrifta som oftast blir bruka til å skrive på språket pandjābī. Skrifta er utvikla frå den seine sjāradāskrifta, som i sin tur har opphav i brāhmīskrifta, og vart standardisert av den andre sikh-gurūen, gurū Angād Dēv, på 1500-talet. Alle dei 1430 sidone av Gurū Granth Sāhib er skrevne i gurmukhī. Sjølve namnet gurmukhī, klassisk pandjābī guramukhī, betyder ‘frå gurū-munnen’.   Les meir …
Abraham Geiger.jpg
Abraham Geiger (18101874) var ein tysk-asjkenazisk rabbinar og religionshistorikar med jødedom og islām som hovudfelt som var ein av ledarane i etableringa av den tyske reformjødedommen. Han arbeidde for å fjerne alle nasjonalistiske elementa — og da særlig trua på at jødane er det utvelte folket. Han la elles vekt på at jødedommen er ei religion i utvikling og endring.   Les meir …
Unitarisk kristendom, òg kalla kristenunitarisme eller rett og slett unitarisme, er ei retning av kristendommen som byggjer på synet at Gud er strengt monoteistisk, og unitarane avviser som oftast idéen om ei likeverdig treeinigheit. Unitarismen held på eit absolutt dogmefritt syn — altså at tru er individuell og blir skapt i møtet mellom Gud og individet. Kvart menneske er ansvarleg for å tolke si tru individuelt, utan korrigerande læresetningar. Dette fører til at unitarar kan ha mange olike tolkingar av kristen tru og teologi.   Les meir …

Naturfag

C07766 norsk mjølkegeit.jpg
Norsk mjølkegeit (bm./nyn. n. mjølkegeit, bm. n. melkegeit, n. melkegjet; sv. norsk mjölkget; da. norsk mælkeged) er ein nyare samlerase for dei tidlegare norske mjølkgeitrasane. Opphavsrasane var først og fremst telemarksgeit (finbygd, kvit, oftast kolla), dølageit, vestlandsgeit og nordlandsgeit, og i tillegg noko innslag av saanengeit. Rasane vart ikkje offisielt ihopslegne føre tidleg i 1990-åra, og den norske mjølkgeita varierer enno mykje i størrelse og utsjånad. Både bukkane og geiterne kan vara horna eller kolla.   Les meir …
Steigarsau eller steigar er ein saurase som vart utvikla i Nordland fylke frå 1880 og utover. Opphavet er stadeigne sauer som vart kryssa med importert sjeviotsau og seinare sutherlandsau. Steigarsauen er ein roleg, mellomstor og godt kjøttsett sau med gode morseigenskapar. I lag med dei to andre opprinnelege norske blandingsrasane, dalasau og rygjasau, er steigarsauen i ferd med å bevega seg mot ein felles crossbreed-type som blir kalla norsk kvit sau.   Les meir …
206959 sauer paa Runde.jpg
Sauehald er ei undergrein av husdyrbruk. Sauen er truleg eitt av dei eldste husdyra, og i Norge veit vi at det har vore dreve med sauer i alle fall sidan bronsealderen. Sauen er, som geita, god å ta seg fram i ovegsamt landskap og utnyttar utmarksbeite i skog, hei og fjell godt. Saubeite i fjordane og utover øyane på kysten har vore ein hovudgrunn til at kulturlandskapstypen lynghei har vorte så utbreidd langs norskekysten og dei nordlige delene av Dei britiske øyane.   Les meir …

Kystkultur

R0711 galeas ved Innlandet.jpg
Ein galeas er ei tomastra seglskute med sneiseglrigg på begge mastrene. Galeasar skil seg frå skonnertar ved at aktermastra (mesanmastra på galeasen) er kortare enn formastra (stormastra på galeasen). Galeasar har normalt akterspegel og er òg gjerne noko grovare bygd, med vekt på lasteevne heller enn hastigheit, og har ofte meir spring enn skonnerten. Ein del hardangerjakter vart omrigga til galeasar kring 1900.   Les meir …
Shnyaka.gif
Sjnjaka (russ. шняка, шнека el. шнек) er ein tradisjonell nordvestrussisk og austsamisk open, spissgatta fiskebåt med årar og segl. Eit karakteristisk trekk ved sjnjakaen så vel som med eldre skoltebaskar og liknande båtar, er at borda er sauma heller enn klinka. Sjnjakaen som vi kjenner han frå 1800-talet hadde normalt ei totallengd på 7–12 m, førte éi master med råsegl eller sprisegl og hadde mannskap på fire. Lasteevnen var normalt 2,5–4 tonn. Dei største fartya hadde òg mesanmaster med gaffelsegl, så vel som baugspryt med fokk.   Les meir …
Magdalena og de tvende Doetre Krsund.jpg
Ein slupp er ei lita seglskute, oftast med éi todelt master med gaffelsegl og tre forsegl. Han har permanent baugspryd eller klyverbom. Sluppen vart i store trekk bygd og rigga som ein kutter, men var oftast mindre enn kutterane.   Les meir …

Musikk

Sarod.jpg
Ein sarōd (hindī सरोद, bānglā সরোদ) er eit indisk klimpreinstrument som truleg er utvikla frå senya-rebaben, eit indisk/persisk instrument som vart spela i India fram til 1800-talet. Sarōden er eit lutt-liknande instrument med kropp av eitt emne av indisk mahogny eller teak med gripebrett av stål utan tverrband. Kroppen av instrumentet er trekt med geitskinn, og stolen står i press mellom strengene og geitskinnslokket. Sarōden har fire spelestrenger, seks rytme- og grunntonestrenger og 15 resonansstrenger. Ein klimprar på strengene med ein «djaba» — eit plekter laga av kokosnøtt.   Les meir …
Sallas erkelutt.jpg
Ein erkelutt (sp. archilaúd, it. arciliuto, en. archlute, ty. Erzlaute), somme gonger òg misvisande kalla teorbe (s.d.), er eit europeisk klimpreinstrument som vart utvikla kring år 1600 som eit kompromiss mellom den svært store teorben, som med størrelsen og den oktavkryssande stemminga si var vanskelig å bruke i solomusikk, og tenorlutten frå renessansen, som mangla bassregisteret til teorben. I og med at erkelutten i utgangspunktet er ein tenorlutt med ei noko kortare utgåve av halsforlenginga til teorben, manglar erkelutten den kraftfulle klangen i tenor- og bassregisteret som den større kroppen og oftast lengre halsen på teorben fører med seg. Erkelutten vart ofte bruka som soloinstrument på dei første tre fjerdedelene av 1600-talet, men er sjeldan nemnt som generalbassinstrument i denne perioden; teorben var det instrumentet i luttfamilien som inntok den rollen.   Les meir …
Jean-Baptiste Forqueray (1699-1782).png
Gambe eller viola da gamba er fellesnamnet på dei olike strykeinstrumenta i gambefamilien. Gambefamilien har sitt nærmaste opphav i den spanske vihuelaen. Gambone skil seg frå instrumenta i fiolinfamilien ved at kroppen skrår mot halsen, ved at instrumenta normalt har 6–7 strenger heller enn 4, ved at stemminga er kvart- og tersbasert heller enn kvintbasert, ved at bogan blir bruka med underhandsteknikk heller enn overhandsteknikk og ved at ein oftast brukar tverrband på halsen.   Les meir …

Mat og helse

Latkes (jid. לאַטקעס), eller frityrsteikte potetlappar, er ein asjkenazisk matrett. For de fleste asjkenazím er latkes den erketypiske ḥanukkámaten. I våre dagar blir latkes vanlegvis laga av raspa potetar, løk og egg og frityrsteikt i vegetabilsk olje. Ein serverer gjerne eplesaus (eplemos) og/eller rømme (evt. yoghurt) til.   Les meir …
3026 blandaball.jpg
Blandaball (utt. ["bɽɑɲ:aˌbɑʎ:]), stundom skreve blannaball, blainnabaill o.a., er ein fiske- og potetrett frå Romsdal, Ytre Nordmør og Fosen. Hovudingrediensane i blandaballen er ferskfisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Ball, og særlig blandaball, er spesielt populær mat i Kristiansund, og byen blir ofte spøkefullt kalla Baillsund.   Les meir …
Hjell-oversikt.arj.jpeg
Tørrfisk (nyn. turrfisk; nyn./bm. tørrfisk; sv. torrfisk; da. tørfisk) eller stokkfisk (sv. stockfisk; da. stokfisk) er osalta fisk som er naturlig tørka av sol og vind på hjell eller, sjeldnare, tørka inne i eigne tørkeri. Å tørke mat er den eldste kjente konserveringsmetoden i verda, og tørka fisk er haldbar på årsvis. Metoden er billig òg — det kan gjerast av fiskaren sjølv, og det gjer fisken enklare å transportere til marknaden. Tørking av fisk er kjent frå gamle tider i Norge; ordet «torsk» kjem frå det norrøne þurskr, som er ei ihoptrekt form av þurrfiskr (‘tørrfisk’). Tørrfisken er den vara Norge har eksportert lengst, og han er, attmed råoljen, naturgassen og inntektene frå handelsfloten, den samfunnsøkonomisk mest lønsame eksportvara gjenom hundreåra. Fisk som er salta og flattørka blir kalla kleppfisk.   Les meir …
Lungor (pulmones) er det sentrale organet i åndedrettssystemet blant luftpustande virveldyr. Dei to lungone ligg i brysthola, på kvar si side av brystskiljeveggen (metadiastinum). Dei har form som tresidige pyramidar og kviler på dei to kuplane av mellomgolvet. Innvendig i lungone finn vi bronkietreet, som inneheld mange millionar lungeblæror (alveolar) og er ansvarlig for avsetninga av karbondioksid frå blodet og tilførselen av oksygen til blodet — ein prosess som er absolutt nødvendig for stoffskiftet.   Les meir …

Språk

Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed fölgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …

Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av skandinavisk som blir tala på Nordmør, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i mestparten av Hemne og Snillfjord kommunar i Fosen. Nordmørsdialekten, som i lag med fosendialekten og ytre namdalsmål blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trønder, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, olik böying av sterke og svake hokjønsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, og dativ (ikkje i bymål, mest i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dem som er fødd etter kring 1970).   Les meir …

C04018 Snaaasen gaerjagaaetie.jpg
Sørsamisk er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbredelsesområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Norge og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Norge blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk.   Les meir …


Andre nettsidor

Esnoga.no

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no