Skilnad mellom versjonar av «Alnakka.net:Forsida»

Frå Alnakka.net
s (Utbyting av tekst - «{{or}}» til «or»)
Line 29: Line 29:
|}
|}


<h3 style="text-align:center">Andre nettsid{{or}}</h3>
<h3 style="text-align:center">Andre nettsidor</h3>


{{Andre nettstader}}
{{Andre nettstader}}

Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 02:49

<< april >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30
2024

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 494 artiklar og 6 274 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

I dag er det laurdag den 20. april 2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

Leví ben Geresjón (f. 1288 i Bagnols; d. 20. april 1344), òg kjent som Gersonides eller RaLBaG, var ein fransk-jødisk filosof, ekseget, matematikar og dokter. Han vart fødd i Bagnols i 1288 og dødde den 20. april 1344. Abraham Zacuto (Séfer Juḥasín, ed. Filipowski, s. 224) hevdar at Leví dødde i Perpignan i 1370, men den nøyaktige dødsdatoen hans er fastsett til 20. april 1344 av Petrus av Alexandria, som i 1345 omsette eit notat av Leví om konjunksjonen mellom Saturn og Jupiter (sjå Steinschneider i Hebr.Bibl. vii. 83-84). «Gersjuní», den hebraiske parallellen til «Gersonides», vart først bruka om Leví ben Geresjón av David Messer Leon (kring 1500).   Les meir …

Religion og livssyn

Franz Reinhold 001.jpg
Der Türkische Tempel (ty.), eller Det tyrkiske tempelet, låg i Zirkusgasse 22 i 2. Wiener Gemeindebezirk Leopoldstadt. Han vart oppført i 18851887 i nymaurisk stil etter tekningar av arkitekten Hugo von Wiedenfeld og innvigd i 1888. Der Türkische Tempel var esnogaen for det sefardiske samfunnet i Wien fram til han vart rasert av austerrikske pøblar under Krystallnatta den 9. november 1938.   Les meir …
Ein massékhet, fleirtal massekhtót, er ei enkeltbok i bokverket Misjná og dei nærskyldte bokverka Talmúd jerusjalmí, Talmúd bablí og Toseftá. Misjná inneheld 63 massekhtót som er gruppert i seks sedarím (rekkjor, seriar).   Les meir …
GuruGranthSahib-HarimandirSahib.jpg
Ādi Granth, oftast omtala som Sri Gurū Granth Sāhib dji, er den helige boka i sikhismen. Boka vart samla i 1604 av gurū Ardjan, den femte sikh-gurūen. Sidan 1708, da boka vart den ellevte gurūen deras, har sikhar sétt på ho som den levande kroppsleggjeringa av dei tidlegare gurūane. Namnet «Gurū Granth Sāhib» innheld tre ord som har spesielle tydingar her. «Gurū», som i opphav er eit sanskrit-ord, tyder ‘lærar’, særleg religiøs lærar. Sikhane og hinduane meiner at gu tyder ‘mørk’ og tyder ‘ljøs’. Ordet viser derfor at boka leier menneska frå eit liv av mørk fåkunne til Guds ljøs. «Granth» på hindi og sanskrit tyder berre ‘bok’, men sikhane tolkar det som ‘den helige boka av gurduārāene’. «Sāhib» tyder ‘venn’, ‘eigar’ eller ‘herre’ og viser her at boka er leiaren som sikhar må følgje.   Les meir …
AndalusQuran.JPG
Al-Qur’ān (arabisk القرآن), oftast kalla Koranenskandinavisk, er den helige skrifta i islām. Ho består av profeten Muḥammad sine openberringar. För dei truande er al-Qur’ān Guds ord i bokstavelig meining, ein kopi av ei himmelsk bok «nersendt» til Muḥammad gjenom openberringar. Al-Qur’ān er skreven på arabisk, og omsettingar blir ikkje rekna som helige, men som tolkingar av al-Qur’ān.   Les meir …
Unitarisk kristendom, òg kalla kristenunitarisme eller rett og slett unitarisme, er ei retning av kristendommen som byggjer på synet at Gud er strengt monoteistisk, og unitarane avviser som oftast idéen om ei likeverdig treeinigheit. Unitarismen held på eit absolutt dogmefritt syn — altså at tru er individuell og blir skapt i møtet mellom Gud og individet. Kvart menneske er ansvarleg for å tolke si tru individuelt, utan korrigerande læresetningar. Dette fører til at unitarar kan ha mange olike tolkingar av kristen tru og teologi.   Les meir …

Naturfag

25453 Empetrum nigrum.jpg
Krekling eller krækjebær (Empetrum nigrum) er ei lita, eviggrøn plante i kreklingslekta i lyngfamilien. Ho er kjent for dei blåsvarte, etande bæra sine. Planta trivst i myrområde, høgfjell og i gran- og furuskog. I Norge er arten svært utbreidd heilt opp til 1 800 moh. I Nord-Norge er bæra til krekling kjent som krøyk, krøkebær eller krykkjebær. Bæra har lite smak, men eignar seg godt til å laga saft eller gelé.   Les meir …
Islandsgeiter.jpg
Islandsgeit (islandsk íslenska geitin, ‘den islandske geita’) eller islandsk landnåmsgeit (islandsk íslenska landnámsgeitin, ‘den islandske landnåmsgeita’) er den tradisjonelle geitrasen på Island. Ein trur at geiterne er okryssa etterkommarar etter dei geiterne som landnåmsmennerne tok med seg frå Skandinavia i vikingtida. Det finst kring 650 dyr (2012).   Les meir …
C04364 jamtget.jpg
Jamtgeit (sv. jämtget) er ein gammel geitrase frå Jamtland og Herjedalen. Jamtgeita er den minste skandinaviske geitrasen. På let er jamtgeita oftast kvit; gjerne med mørk ryggål og mørk maske og føter. Dei kan òg vara brokote eller brun/viltfarga. Både geiterne og bukkane har oftast horn. Rasen er utryddingstruga. I 2007 var det registrert 387 jamtgeiter i genbanken.   Les meir …

Kystkultur

Specialkart over stroget om Engelvaer, Lovovaer, og Valsvaer...(1882).jpg
Eit draft eller eit sjøkart er eit kart over sjøområde med tilgrensande kyst der landdelen av kartet er lite detaljert, men med markering av landskapsformasjonar som er karakteristiske sétt frå sjøen. Eit hovudpoeng ved drafta, i tillegg til å vise konturen av land, holmar og skjer, er å oppgje detaljerte opplysningar om djupner ved full fjøro; tidlegare vart djupnene oppgjevne i famner, men frå innpå 1900-talet har norske draft gradvis gått over til å vise djupner i meter.   Les meir …
Magnetisk deviasjon er det avviket ein må justere for i kompasskursen ombord på ein båt, eit skip eller eit luftfarty som kjem frå magnetismen i sjølve fartyet. Deviasjonen kan ha positivt eller negativt fortekn. Han vil òg endre seg etter kursen til fartyet, slik at det må settast opp ein tabell (eller kurve) som viser deviasjonen for olike retningar.   Les meir …
Chapman 1768 Schooner.jpg
Ein skonnert er eit sneiseglrigga seglskip med minst to mastrer. De tomastra skonnertane skil seg ut frå galeasar ved å ha stormastra som aktermaster. Skonnerten som skipstype vart utvikla på 1600-talet. De to- og tremastra skonnertane skil seg ut frå briggar og barkskip ved at stormastra primært er sneiseglrigga. Skonnerten kan seiast å representere overgangen frå råsegl til gaffelsegl.   Les meir …

Musikk

Tom Tofteberg (16. mars 1946 i Oslo, d. 28. april 2001 i Oslo) var ein blokkfløytist som underviste ved davarande Institutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo og ved Norges Musikkhøgskole. Tom Tofteberg vart fødd i Oslo laurdag den 16. mars 1946 av foreldra Ingrid Andresen (1925–2014) frå Oslo og Arne Camillo Tofteberg (1923–2001) frå Borge i Østfold. Han gifta seg den 15. januar 1972 med musikk- og formingslærar Karin-Beate Mikkelsen (1947–2010) frå Oslo. Tofteberg medvirka som blokkfløytist ved mange konsertar kring i landet, inkludert i lag med cembalisten/organisten Ketil Haugsand, gambespelaren Betteke Groot, fløytisten Hans-Olav Gorset og kontratenoren Carl Høgset. Tom Tofteberg dødde laurdag den 28. april 2001 og vart gravlagt tisdag den 8. mai 2001 på Grefsen kirkegård.   Les meir …
Sarod.jpg
Ein sarōd (hindī सरोद, bānglā সরোদ) er eit indisk klimpreinstrument som truleg er utvikla frå senya-rebaben, eit indisk/persisk instrument som vart spela i India fram til 1800-talet. Sarōden er eit lutt-liknande instrument med kropp av eitt emne av indisk mahogny eller teak med gripebrett av stål utan tverrband. Kroppen av instrumentet er trekt med geitskinn, og stolen står i press mellom strengene og geitskinnslokket. Sarōden har fire spelestrenger, seks rytme- og grunntonestrenger og 15 resonansstrenger. Ein klimprar på strengene med ein «djaba» — eit plekter laga av kokosnøtt.   Les meir …
Antonio Chainho.jpg
Guitarra portuguesa (pt.) eller portugisisk gitar (nyn./bm./da.; sv. portugisisk gitarr) er eit 6-kors, 12-strenga klimpreinstrument av cistertype. Tidleg på 1800-talet var olike variantar av open stemming vanleg, men utover 1800-talet har stemminga ddʹ aaʹ hhʹ eʹeʹ aʹaʹ hʹhʹ (Lisboa) eller ccʹ ggʹ aaʹ dʹdʹ gʹgʹ aʹaʹ (Coimbra) teke meir og meir over. Guitarra portuguesa, som har vorte standardisert til to hovudvariantar i løpet av første halvdelen av 1900-talet, blir særlig bruka i den portugisiske musikkgenren fado — typisk i eit ensemble med ein songar, ein guitarra portuguesa og ein gitar.   Les meir …

Mat og helse

15571 sildball.jpg
Sildball (lokal uttale sillbaill), òg kalla sildeball somme stader, er ein matrett som hovudsakleg blir bruka kring Ytre Nordmør og Fosen, men som òg blir noko bruka elles i Midt-Norge. Hovudingrediensane i sildball er sild (fersk sild eller spekesild), potet, løk og mjøl (oftast byggmjøl). Ingrediensane blir hakka eller ihopmolne til ein tjukk farse som så blir forma til kulor med ca 5–8 cm diameter og koka — ofte i lag med kålrabi og gulrøter — til dei flyt opp.   Les meir …
Avlettjern 013.jpg
Jønnbrød eller avlettor, òg kalla tynnbakels somme plassar, er ein type tynne og sprøde kakor laga av ei røre av vatn, fløyte/rømme og mjøl og blir i våre dagar ofte steikt i krumkakejarn — eller enkelte plassar i litt tjukkare utgåve i gorojarn. I tidlegare tider vart jønnbrøda steikt i grua, så dei riktig gamle jønnbrødjønna (avlettjarna, tynnbakelsjarna) har oftast veldig lange skaft. I nyare tid har jønnbrødjønna vorte tilpassa kjøkenkomfyren, så dei nyare jarna ser ut på lag som vanlege krumkakejarn eller bakelsjarn (vaffeljarn) utvendig.   Les meir …
3376 kapusta.jpg
Kapuste (jid. קאַפוסטע) eller kapuste-zup (jid. קאַפוסטע־זופ) er ei austeuropeisk-jødisk tjukk suppe eller stuing med kål som hovudingrediens. Kapuste er tradisjonelt ein sentral matrett blant litauiske jødar og polske jødar. Matretten har sitt opphav i den bl.a. polske og russiske matretten kapusta, som òg er opphavet til den tyrkiske matretten kapuska.   Les meir …
Ephraim Wolff Koritzinsky (òg stava «Efraim») (18831942) var ein jødisk kirurg som blant anna arbeidde som overlege ved Kristiansund Sykehus (1920–33) og ved Trondhjem Sykehus (1933–41). Han var kjent som ein rettskaffen og frittalande mann. Ephraim Wolff Koritzinsky vart fødd den 20. juni 1883 i Karlstad i Värmland i 1883 av föreldra Abraham Josef Koritzinsky (1858–1928) og Pauline Abrahamson (1858–1908). Han gikk på skule i Hamborg frå 1894 til 1898 og tok norsk artium i 1901. Han avla medisinsk embetseksamen i 1909. Frå 1912 kombinerte han eigen privatpraksis med eit årsvikariat ved Kristiansund Sykehus.   Les meir …

Språk

Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed fölgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …

Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av skandinavisk som blir tala på Nordmør, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i mestparten av Hemne og Snillfjord kommunar i Fosen. Nordmørsdialekten, som i lag med fosendialekten og ytre namdalsmål blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trønder, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, olik böying av sterke og svake hokjønsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, og dativ (ikkje i bymål, mest i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dem som er fødd etter kring 1970).   Les meir …

Just Knud Qvigstad (f. 4. april 1853Lyngseidet; d. 15. mars 1957 i Tromsø) var rektor ved lærarhøgskulen i Tromsø, filolog, folklorist og forskar på samisk språk. Han var dessutan høgrepolitikar og statsråd for Kirkedepartementet. Enda meir oppsiktsvekkjande enn kor gammel han vart — han dødde knapt tre vekkor føre 104-årsdagen sin – er det ovanleg langvarige og innhaldsrike yrkeslivet hans. Den første vitskaplege publikasjonen hans kom ut i 1881, og den siste, om samiske kjærlegheitsfortelingar, vart trykt 72 år seinare, i 1953!   Les meir …


Andre nettsidor

Esnoga.no

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no