Alexander Seippel

Frå Alnakka.net
Begynnelsen av 4. kapitlet av Fjerde mosebok i Seippel si omsetting, trykt i 1911.

(Heinrich Julius Manfred) Alexander Seippel (18511938) var ein norsk filolog, folkeminnesamlar og bibelomsettar. Alexander Seippel er i dag best kjent for å ha stått for kring halvparten av den første nynorske bibelomsettinga som Studentmållaget i Oslo gav ut i 1921.

Heinrich Julius Manfred Alexander Seippel vart fødd i Kristiansand den 22. januar 1851 som son ått ein tysk forretningsmann og vaks opp i Kristiansand og på Frøysnes i Bygland. Han tok artium i 1868 og vart cand.mag. i 1873 etter å ha studert gresk og latin. Deretter følgte kring 12 år med studium og studiereisor før han i vart utnemnt til professor i semittiske språk ved Universitetet i Oslo i 1886. Som språkforskar gjorde Seippel ein stor innsats ved at han samla omtale av Norden og nordiske tilhøve i arabiske skrifter. Arbeidet, Rerum Normannicarum fontes Arabici, kom ut i to band i 1896 og 1928.

Seippel skreiv sjølv lyrikk, han samla stev i Setesdal, og han attdikta lyrikarar som Hafiz og Omar Khayyam. Da Fyrebilsbibelen vart utgjeven av Studentmållaget i 1921, stod Seippel for halvdelen av omsettinga. Den første utgjevne bibelomsettinga hans var Fyrste Mose-bok eller Upphavs-boki. Umsett fraa grunn-teksti, utgjeva som vedlegg til Syn og Segn i 1905. Om omsettingsarbeidet sitt skreiv han i 1932:

- - språket skulle vera so folkelegt som råd var; difor satte eg meg fyr at eg inkje ville skrive ei setning som eg inkje visste eller trudde at ein norsk bonde kunde segja

Han vart riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1896 og forfremma til kommandør i 1938. Han vart medlem av Det Norske Vitenskaps-Akademi frå 1897 og vart utnemnt til statsstipendiat da han gikk av med pensjon i 1922.

Heinrich Julius Manfred Alexander Seippel dødde den 22. april 1938 i Oslo.

Litteratur og kjeldor

  • Lomheim, Sylfest, Aasulv Lande, Gunnar Stubseid: Sjønna på Elbursfjell. Alexander Seippel - livet og livsverket. Høyskoleforlaget, 2001. ISBN 82-7634-339-2
  • Lomheim, Sylfest: «Alexander Seippel» i Norsk biografisk leksikon, 2. utg.
  • sambok 24 bøker av/om/ved A. Seippel
  • Bibelselskapet

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Alexander Seippel» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.