Albrecht Dürer

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Sjølvportrett (1498).

Albrecht Dürer (14711528) var ein kristen målar, teknar, grafikar, gullsmed og kunstteoretikar frå Nürnberg i Bayern. Han blir rekna som den fremste bildekunstnaren i Det tyske riket under reformasjonstida og som ein av de fremste kunstnarane i den vestlige kunsthistoria generelt. Det er hovudsakleg som grafikar at han har oppnådd detta ryet.

Liv og arbeid

Albrecht Dürer vart fødd den 21. mai 1471 i Nürnberg i Bayern. Han lærte gullsmedyrket av far sin. Mellom 1486 og 1490 gikk han i lære med målaren Michael Wohlgemut, som introduserte han til verka til Martin Schongauer og til nederlandske måleri. Medan han arbeidde med Wolgemut var han blant anna med på å illustrere Nürnbergkrøniken.

Dürer gjorde fleire reisor i Europa, blant anna til Italia og Nederland. Under dessa utlandsreisone fikk han avgjerande impulsar frå den perspektiviske romoppfatninga og frå figurmodellering gjenom forkorting. Innflytelsen frå Andrea Mantegna er tydelig. Dürer förmidla opplevelsane sine av kunsten sør i Europa til den tyske kultursfæren og la dermed grunnen for den tyske høgrenessansen.

Frå 1495, da Dürer grunnla sitt eige verksted i Nürnberg, vaks framgangen og berømmelsen hans. Han vart personlig kjent med fleire av hovudskikkelsane under reformasjonstida og kom under mesénskapet til storfyrsten av Sachsen. I 1512 vart han hoffmålar for keisar Maximilian I og seinare for etterfölgjaren hans, Karl V.

Dürer var ung i ei overgangstid da det gamle mellomalderske samfunnssynet slost mot alt det nye, mot humanisme og reformasjon. Ungdomstida, som var fylt av angst og oro, sette tydelig preg på kunsten hans. Som 24-åring laga han kopparstikket «Den förtapte sonen», der sonen ber Dürer sine eigne ansiktstrekk. Det at han framstilte seg sjølv som deltakar i bilda vart eit gjenomgangstema i kunsten hans. Tre år seinare laga han eit storverk over Johannes openberring. I fattigmannsboka Biblia pauperum illustrerer han gjenom femten blad teksten i Den kristne bibelen. Dürer var eit djupt religiøst menneske, og han skildrar de bibelske förtelingane med gripande kraft og inntrengande alvor. Eit eksempel er tresnittet «De akopalyptiske ryttarane» (1498).

Gjenom heile livet sitt kjente Dürer ein trang til å förstå de nye renessanseprinsippa frå botnen av, og han tilførte dermed den tyske kunsten eit nytt innhald. Generasjonane före honom hadde lagt stor vekt på å förmidle lidelse og innlevelse i kunsten sin. Detta finn vi i kunsten ått Dürer òg, men han tilfører ein ny vilje til å sjå klårt. Lidelsen i bilde blir til eit objekt for et iakttakande subjekt. Dürer retta ofte denna iakttakelsen mot seg sjølv, noko vi ser i sjølvportretta hans.

Den grundige iakttakelsen finn vi òg att i studia hans av naturen. De otalige skissone vart til for at han skulle lære seg kossen elementa stod i forhold til kvarandre, og som forstudium til tre- og kopparstikk så vel som måleri.

Albrecht Dürer dødde den 6. april 1528 i Nürnberg.

I dag finst mange av arbeida hans i kunstsamlinga Albertina i Wien.

Utvelte måleri

Utvelt grafikk (tresnitt)

Tekningar og andre arbeid

Litteratur

  • Bartrum, Giulia: Albrecht Dürer and his legacy: the graphic work of a Renaissance artist. London: British Museum Press 2002.
  • Luber, Katherine Crawford: Albrecht Dürer and the Venetian Renaissance. Cambridge: Cambridge University Press 2005.
  • Price, David: Albrecht Dürer's Renaissance: humanism, reformation, and the art of faith. Ann Arbor, Mich.: University of Michigan Press 2003.

Pekarar


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon