Abraham de Casseres

Frå Alnakka.net
Frå eit handskreve manuskript: Dei første taktene av Hesqui hizqui av Abraham de Casseres.

Abraham de Casseres, òg skreve Abraham de Cáceres, var ein portugisarjødisk musikar som levde i Nederland tidleg på 1700-talet. Første gong vi hører om honom er i 1718. Frå 1720 til 1740 var han komponist for den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Han sette blant anna musikk til fleire av dikta ått Moses Hayyim Luzzatto. Av verk etter honom kjenner vi blant anna kantaten Hesqui hesqui, som han komponerte i 1725 til ein tekst av Ishac Aboab da Fonseca for simḥàt Torá.

Lytteeksempel

«Hesqui hesqui»

Utdrag utur kantaten Hesqui hesqui».