Abraham Baer

Frå Alnakka.net
Abraham Baer.

Abraham Baer (fødd i 26. desember 1834 i Filehne i Prøyssen (no Wieleń i Polen); død den 7. mars 1894 i Göteborg i Sverige) var ein tysk-asjkenazisk ḥazzán, musikar og komponist. Far hans ville at han skulle bli rabbinar, men Abraham var så glad i musikk og synagogesong at han velte å bli ḥazzán (kantor) i staden. I særdeles ung alder flytta han til Tyskland og tok timar for å forberede seg til livet som ḥazzán. Han var ḥazzán i Pakosch og Schwetz i Vestprøyssen ei stund; og i 1857 fikk han ein post i Göteborgs synagoga. Han var alt godt forbereidd i hebraisk og Talmúd, og han eigna tida si til å tileigne seg verdslege kunnskapar, inkludert musikkvitskap.

Bā'al Tefillah

Hovudfokuset hans var innafor jødiske tradisjonelle melodiar, eit felt som hadde vorte lite utforska fram til da. I 1871, etter femten års hardt arbeid, gav han ut verket Bā'al Tefillah, oder der Practische Vorbeter, ei omfattande samling av jødiske tradisjonelle melodiar. Han redigerte verket vidare og la til meir stoff, og i 1883 kom andre utgåva — eit verk på 358 sidor.

Andre utgåva av Bā'al Tefillah inneheld 1505 melodiar — dei fleste i både tysk og polsk utgåve, så vel som ein del portugisarjødiske melodiar — og er inndelt i fire hovuddeler:

  1. kvardagsgudstjenestor;
  2. sjabbátgudstjenestor;
  3. gudstjenestor for sjalósj regalím; og
  4. gudstjenestone for rosj hasjaná og kippúr.

I tillegg kjem vedlegga med merknader til liturgien, torálesinga og instruksjonar og forelegg for forlovingskontraktar og ketubbót (ekteskapskontraktar).

Samlinga er, som nemnt ovafor, meir fullstendig når det gjeld tyske og polske melodiar enn tilfellet er for dei portugisarjødiske. I ein del fall er det teke med enda ein versjon, som blir kalla Neue Weise. Dét ser ut til å vara eigne komposisjonar eller komposisjonar av andre samtidige ḥazzaním.


Kjeldor

This article is based entirely or in part on material from the Jewish Encyclopedia (1901–1906). The copyrights for that book have expired and they are therefore in the public domain. Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på materiale frå Jewish Encyclopedia (JE). JE verket er offentlig eigedom på grunn av forelda einerett.
Cover for Mazzot.jpg