Abigail Rebecca Samuda

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Abigail Rebecca Samuda (f. 24. april 1810, d. 2. april 1907 i Heathcroft i London), oftast omtala som A.R. Samuda, Abigail Samuda eller berre Miss Samuda, vart fødd som eldste barnet ått Simha (Joy) de Hananel Lopes Pereira alias Aguilar og Ost- og Vestindia-handlaren Abraham de Samuda. Dei yngre søskena hennar inkluderer Jacob Samuda (18111844) og Joseph D’Aguilar Samuda (18131885). Abigail Rebecca Samuda var ven med Grace Aguilar. Abigail og mora ått Grace var dei to som satt ved sjukesenga da Grace Aguilar dødde i Frankfurt an der Main den 16. september 1847. Abigail var ein ivrig kunstmålar.[1] Ho tala fire språk flytande og etterlet seg kring 30 manuskript med omsettingar til engelsk, inkludert dei fleste verka av Heinrich Zschokke, som ho sette særleg høgt. Ho skreiv fleire dikt som vart tonsett av Emanuel Aguilar og andre. Ho dødde den 2. april 1907 i Heathcroft i London, i huset til sin gode ven og svigerson Jose de Sola Pinto, far ått litteraturvitaren Vivian de Sola Pinto.[2]

Kjente dikt

  • Ständchen (tonsett som «The stars are brightly beaming», serenade for voice and piano, op. 2 av Emanuel Aguilar, 1848 el. 1854)
  • «Lovely spring» (tonsett som firstemt song av Emanuel Aguilar, 1870)
  • «Showers» (tonsett som trestemt song av Emanuel Aguilar, 1876)
  • «Columbus» (tonsett av Charles F. Desanges, utg. 1851)
  • «Hear’st thou my name at morning’s breaking» (tonsett av Charles F. Desanges, utg. 1850)

Referansar og kjeldor