Aasmund Olavsson Vinje: «Tyteberet»

Frå Alnakka.net

«Tyteberet»
av Aasmund Olavsson Vinje

  1. Tyteberet uppå Tuva
    vox utaf ei liten Von.
    Skogen med si grøne Huva
    fostrar mangein raudleitt Son.
     
  2. Eingang seint um Hausten lagde
    liten Svein til Ber-Skogs ut:
    «Raudt eg lyser,» Beret sagde,
    «Kom åt meg, du Vesle-Gut.
     
  3. Her ifrå du må meg taka:
    mogjet Ber er utan Ro.
    Mal meg sundt, at du kan smaka
    Svaladrykken af mit Blod!
     
  4. Mognar du, so vil du beda
    just den sama Bøn som eg.
    Mogjen Mann det mest må gleda,
    burt for Folk at gjeva seg.»
     

Kjeldor

Gjenom Wikisource frå Mindre kvæde. Denne utgåva teka frå A.O. Vinje: Dikt og prosaskrifter i utval ved Halvdan Koht, Kristiania, forlagt af H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) 1903.