Aasmund Olavsson Vinje: «Her er so vent»

Frå Alnakka.net

«Her er so vent»
av Aasmund Olavsson Vinje

  1. Her er so vent, det kan meg grøta,
    for det um eg er vaksen kar,
    for dal og fjøll og sol meg møta
    som heime, då eg liten var.
     
  2. Eg høyrer som naturens store
    og friske glade hjarte-slag.
    Ja, Herre, alt det, som du gjorde,
    er ungt, som det var skapt idag.
     
  3. Det kjærlegt på oss alle tenkjer
    med leik i dansen frå og til,
    og av det gyllte hornet skjenkjer
    det helse-bot til kven, som vil.
     
  4. Kvar sin og segi stram seg spenner,
    og løyst eg er av alle band,
    og på mit hovud liksom kjenner
    eg livets varme, signad hand.
     

  • grøta v få til å gråte
  • sin f sene
  • segi (sege) muskel