9. april

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 11. april 2020 kl. 17:10 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
<< april >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30
2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar

Yitzhak Navon.
Foto:Wierzba
Yitzhak Navon (יצחק נבון, f. 9. april 1921 i Jerusjalaim, d. 6. november 2015 i Jerusjaláim) var ein israelsk politikar, diplomat og forfattar. Han var Israels 5. president i åra 1978–1982 som medlem av sentrums/venstre-partiet Hammaˤarakh. Han var den første israelske presidenten som var fødd i Jerusalem, der familien på farssida hans har budd sidan 1600-talet. I 2005 vart han kåra som den 108. beste israelaren nån gong i ei meiningsmåling utført av den israelske nyheitsnettstaden Ynet. Yitzhak Navon vart fødd i Jerusalem i ein sefardisk rabbinar-familie. På farssida er han etterkommar etter spanske jødar som busette seg i Det osmanske riket etter bortvisinga av jødane frå Kastilja i 1492. Familien (Barukh Mizraḥi-familien eller Al Mashraki) flytta frå det novarande Tyrkia til Jerusalem i 1621.   Les meir …

Dødsfall

Halász Ignácz eller Ignaz Fischer (f. 26. mai 1855 i Tés i Ungarn; d. 9. april 1901 i Budapest) var ein ungarsk-jødisk filolog som i Skandinavia særleg er kjent for arbeidet sitt med å dokumentere samiske språk. Ignaz Fischer vart fødd i Tés laurdag den 26. mai 1855. Han gikk på gymnas i Veszprim og Stuhlweissenburg og studerte så ved Universitetet i Budapest. Frå 1877 til 1892 underviste han ved overgymnaset i Stuhlweissenburg, og i 1893 vart han utnemnt til professor i ungarsk filologi ved Universitetet i Klausenburg. Mellom 1880 og 1890 sendte Det ungarske vitskapsakademiet han til Norge og Sverige for å gjera filologisk feltarbeid blant samane.   Les meir …

Etableringar

 

Opphør

 

Andre hendelsar

Trefningane den 8. og 9. april 1537 var dei siste trefningane mellom den flyktande erkebiskopen av Nidaros. Olav Engelbrektsson, og den danske militærmakta ved Norskekysten. Det er oklart om desse trefningane fann stad i HammarsundaTustna eller i SveggesundetAverøya. Dei aller siste trefningane fann stad ute i Nordsjøen i dagane etter, den 12. og 17. april.   Les meir …