8. november

Frå Alnakka.net
<< november >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2
3 4 5 6 7 8 9
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22 23
24 25 26 27 28 29 30
2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar

Kristian Østberg (f. 8. november 1867, d. 21. februar 1942) var ein norsk jurist, høgskuledosent, folkeminnesamlar og statsstipendiat som særleg er kjent for verket Norsk bonderet. Østberg vart fødd den 8. november 1867 i Grue kommune som bondeson. Han gikk på underoffisersskule 1885–89 og var sersjant i Kristiania linjebataljon 1889–95. Samtidig tok han eksamen på Asker Seminar i 1892, og 1892-1904 var han lærar i Brevik, Trondheim og Kristiania. Samtidig med læraryrket studerte han, tok artium i 1900 og vart cand.jur. i 1905. 1906–1908 studerte han vidare i København, Berlin, Würzburg og München. Frå 1909 til 1918 arbeidde han i Statsrevisjonen, og etter det vart han tilsett som høgskuledosent i rettslære og nasjonaløkonomi ved NLHÅs. Kristian Østberg var særleg interessert i folkloristikk. Alt i 1901 fikk han det første stipendet sitt frå Universitetet for å samle folkeminne frå Finnskogen. Frå 1903 reiste han årleg rundt i landet for å dokumentere folkeleg sedvanerett og bonderettsleg tradisjonsmateriale.   Les meir …

Dødsfall

Mordecai M. Kaplan.
Mordecai Kaplan (18811983), var ein asjkenazisk rabbinar og filosof og grunnleggaren av den rekonstruksjonistiske jødedommen. Mordechai Menahem Kaplan vart fødd den 11. juni 1881 i Litauen og ordinert som rabbinar ved Jewish Theological Seminary of America (JTS) i 1902. JTS var alt da tilknytt konservativ jødedom, men det var enklare da enn no for rabbinarar å flytte mellom de olike retningane av jødedommen. Såleis begynte Kaplan karrieren sin som ortodoks rabbinar i synagogen Kehillath Jeshrun i byen New York.   Les meir …

Etableringar

 

Opphør

 

Andre hendelsar