8. mars

Frå Alnakka.net
<< mars >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2
3 4 5 6 7 8 9
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22 23
24 25 26 27 28 29 30
31
2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar

Sigrid de Lemos.
Foto:okjent, frå Våre falne.
Sigrid de Lemos (f. 8. mars 1883 i Kristiania; d. 1942 i Auschwitz) var språklærar i Oslo. Ho vart fødd 8. mars 1883 i Kristiania som det andre av tre born ått Rosalie de Lemos, f. Nathan (f. 1855 i Rendsburg; d. 1930 i Oslo) og Adolph de Lemos (f. 1848 i Hamburg; d. 1900 i Kristiania). Ho tok handelsskulen, og etter det studerte ho språk i utlandet. Da ho kom tilbake til Oslo etter studia, arbeidde ho som språklærarinne i Oslo. Den 26. november 1942 vart ho arrestert fordi ho var jøde. Ho vart sendt til Rådhuskaia der ho og 528 andre norske jødar vart deportert med fangeskipet DS «Donau» til Stettin; derifrå gikk transporten vidare med tog til Auschwitz, der ho truleg vart drepen ved ankomst.   Les meir …
Tore Ørjasæter (18861968) var ein lyrikar og dramatikar frå Gudbrandsdalen. Tore Ørjasæter vart fødd den 8. mars 1886 i Skjåk i Gudbrandsdalen. Han var utdana ved Voss folkehøgskule. Han begynte òg på lærarskule, men avbraut etter eit halvt år. I 1908 debuterte Ørjasæter med diktsamlinga Ættar-arv. Hovudverket hans, Gudbrand Langleite-trilogien (19131927; utvida utg. 1966) er eit episk verk om konflikten mellom å vara bufast og å vara fri og mellom gammelt og nytt.   Les meir …
Carlo Gesualdo.
Foto:okjent
Don Carlo Gesualdo, principe di Venosa (15661613) var ein luttspelar, komponist og adelsmann frå Italia som på den eine sida er kjent for de intenst ekspressive madrigalane sine, som inneheld ein sterkt kromatisk modal harmonikk som gjev assosiasjonar til substansharmonikken som vi finn i seinromantisk musikk kring 300 år seinare; og på den andre sida for det mest berykta dobbeltdrapet i den vestlige musikkhistoria.   Les meir …

Dødsfall

 

Etableringar

 

Opphør

 

Andre hendelsar