25. oktober

Frå Alnakka.net
<< oktober >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30 31
2020


Fødslar

Erik Almhjell (18811963) var ein notekunnig spelmann frå SunndalenNordmør. Erik heldt seg til tyskfela og la stor vekt på å formidle tradisjonen nøyaktig heller enn å satse på moteriktig kappleiksspel. Opptaka av Erik Almhjell åleine og i fleirstemt samspel med sambygdingen Tore Hoås, så vel som notenerskriftene Erik gjorde, utgjer sentrale kjeldor for sunndalstradisjonen av folkemusikken på Nordmør. Særleg interessante er opptaka av sunndalsspringaren.   Les meir …
Karl Emil Franzos (f. 25. oktober 1848; d. 28. januar 1904) var ein austerriksk-jødisk forfattar og redaktør som særlig er kjent for å ha gjeve ut den første utgåva av Woyzeck (1879) og for å ha grunnlagt tidsskriftet Deutsche Dichtung. Karl Emil Franzos vart fødd den 25. oktober 1848 i Podolia i Ukraina av sefardisk far og Odessa-jødisk mor. Han vaks opp hovudsakleg i shtétlen Czortków in Galicja. Far hans, ein distriktslege, dødde tidleg, og etter at Karl Emil hadde fullført gymnaset i Czernowitz i Bukovina laut han arbeide som lærar for å försørgje seg sjølv og gjera seg klar til universitetsstudia. Han studerte juss ved universiteta i Wien og Graz, men etter at han bestod eksaminasjonen for statlige juristar, avbraut han den karrieren og begynte som journalist i staden.   Les meir …

Dødsfall

 

Etableringar

 

Opphør

 

Andre hendelsar

Første sida av manuskriptet.
«Spelemannen Erik Almhjell 65 år» (1946).
Fredag 25. oktober <1946> fyller han 65 år. Han er fødd og oppvaksen på garden Almhjell i Sundalen. Mor hans var frå Torske og av ei sers musikalsk ætt. Berre 4 år gamall dreiv han og øvde seg på trekkspel, det var tungt so han laut ha det ståande på ein krakk. Då han var 13 år tok han til med fela. Broren Ola, som og ei tid var svær spelemann, lærte han gripa, og sjølv lærte han seg notar. Ungdomslaget på Aalvundeid tok seg ein tur over fjellet til Sundalen og kom ned ved Almhjell, då spela 13 åringen ein slått åt dei.   Les meir …