22. september

Frå Alnakka.net
<< september >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30
2020


Fødslar

 

Dødsfall

Maurice Abravanel (19031993), var ein sveitsisk-amerikansk sefardisk dirigent som blant anna er kjent for å ha bygd opp Utah Symphony Orchestra og for framføringane sine av Kurt Weill og Gustav Mahler. Maurice Abravanel vart fødd den 6. januar 1903 i Salonica i Det osmanske riket (no Thessaloniki i Hellas). I 1909 flytta familien til Lausanne i Sveits, der far hans gjorde det svært godt som apotekar. I mange år budde Abravanel-familien i samma huset som Ernest Ansermet, dirigenten for (og stiftaren av) Orchestre de la Suisse Romande. Den unge Abravanel spela firhendige pianoarrangement i lag med Ansermet; han begynte å komponere, og han møtte komponistar som Darius Milhaud og Igor Stravinsky. Han var lidenskapelig oppteken av musikk og visste med seg sjølv at han ville bli yrkesmusikar. Far hans insisterte likevel på at han måtte satse på ein karriere i medisin og sendte Maurice til universitetet i Zürich.   Les meir …
Anonymt måleri frå slutten av 1800-talet av dei ti sikhgurūane så vel som Bhai Bala og Bhai Mardana. Gurū Nānak Dev (14691539) sitt i midten.
Gurū Nānak Dēv (gurmukhī ਗੁਰੂ ਨਾਨਕ ਦੇਵ, devanagari गुरु नानक [gurū nānak dēv]) (15. april 146922. september 1539), grunnleggaren av sikhismen og den første av de ti sikh-gurūane, vart fødd i landsbyen Talvandi Rai Bhoai, no kjent som Nankānā Sāhib, i nærheita av Lahår i det novarande Pakistan. Foreldra hans, Mehta Kalu og Mātā Tripat, var hinduar og haurde til kjøpmannskasten. Alt som gutunge var Nānak fascinert av religion, og ønsket hans om å oppdaga livsmysteriet førte han etterkvart ut på lange reisor.   Les meir …
Oscar Levertin portrettert av Carl Larsson i 1906.
Oscar Ivar Levertin (18621906) var ein svensk forfattar, kulturskribent og litteraturhistorikar. Levertin var ein dominerande stemme i den svenske kulturdebatten frå 1897, da han begynte å skrive i Svenska Dagbladet. Frå 1899 var han òg den første innehavaren av det nyoppretta professoratet i litteraturhistorie ved Stockholms universitet (davarande Stockholms högskola) og publiserte flittig og innflytelsesrikt i denna rollen òg; framför alt studiar i svensk 1700-talslitteratur.   Les meir …

Etableringar

 

Opphør

 

Andre hendelsar