22. desember

Frå Alnakka.net
<< desember >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31
2021

Den 22. desember er det vintersolkverv etter primstaven.  I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2021Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2021Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2021

Fødslar

Minnesmerke over Hallvard Ørsal i Todalen.
Foto:Olve Utne, 1996.
Hallvard Ørsal (f. 22. desember 1876; d. 1. februar 1943) var ein spelmann frå Todalen i Stangvik i novarande Surnadal kommuneNordmør. Hallvard spela tyskfele de første åra, men vart rådd til å gå over til hardingfele etter at mange meinte han vart orettferdig vurdert under landskappleiken i Kristiansund i 1905. Frå 1906 til 1924 bruka han mesta berre hardingfela, men med landskappleiken i Molde i 1924 vann han premie på vanleg fele, og han spela mykje på tyskfela att de siste par tiåra av livet sitt.   Les meir …
Carl Friedrich Abel i 1765.
Carl Friedrich Abel (f. 22. desember 1723 i Köthen i Tyskland, d. 20. juni 1787 i London i England) var ein tysk bassgambist og komponist. Han er særleg kjent for komposisjonane sine for gambe (viola da gamba). Abel var fødd i Köthen som son ått ein fiolinist og hoffmusikar der. Det blir sagt at han studerte under Johann Sebastian Bach i St. Thomasschule i Leizig, men det finst ikkje noko bevis for det. I perioden 1748 til 1758 var Abel hoffmusikar i Dresden under ledelse av A. Hasse.   Les meir …

Dødsfall

Johan Austbø på arbeidsrommet sitt.
Foto:Okjent, kring 1925.
Johan Austbø (fødd 23. oktober 1879 i Lavik i Høyanger kommune i Ytre Sogn, død 22. desember, 1945Hokksund i Øvre Eiker kommune) var lærar, dansar, diktar, komponist, songar og målmann. Han vart utdana ved lærarseminaret på Elverum, var tilsett som lærar i Frønningen og Fresvik, og flytta seinare til Lepsøy i Os i Hordaland, före han etablerte seg i Skotselv i Buskerud fylke. Der var han lærar ved Hæreskolen og Skotselv skole i fleire tiår. Austbø spela ei sentral rolle i etableringa av Den norske folkeviseringen tidleg i 1920-åra I boka Folkedansen i 20 år 1903-1923 skildrar han ei reise til Færøyane i 1911, der ein delegasjon på 70 nordmenn reiste for å hente impulsar frå færøysk sogedans.   Les meir …

Etableringar

 

Opphør

 

Andre hendelsar